Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.
Viser innlegg med etiketten Utstillingar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Utstillingar. Vis alle innlegg

tirsdag 15. mai 2012

Land of hope and dreams

"Nå er det atter på den årstid da utvandrerne er å se i gatene og skip tilrigges og vassfat gjøres til Amerikareisen. Dette er nå så visst som at gauken kommer til sin tid, og det ene er i grunnen naturens gang som det andre." Aasmund O. Vinje 


Dei var på veg over havet. 31 nordmenn og 2170 passasjerar og mannskap frå England, Frankrike og Irland. Dei reiste med det nye, store skipet, skipet som ikkje kunne synke, det nye luksushotellet som skulle pløye bøljan blå. I horisonten lyste forventninga om kapp med sola som sakte glei ned i havet der vest. I salongen spelte Wallace Henry Hartley og orkesteret hans lystige ragtimetonar. Skipet hadde sett kursen mot the land of hope and dreams.

Historia om det segnomsuste skipet Titanic er kjend for dei fleste. Difor ei kort oppsummering: Titanic var eit britisk passasjerskip som forliste på jomfruturen sin mellom Southampton i England og New York i USA 15.april 1912, da skipet gjekk på eit isfjell og sank. Omlag 1.500  personar omkom, berre 705 overlevde. Dette er ei av dei største og mest kjende katastrofer på havet i fredstid. Omfanget av tragedien og kontrasten mellom luksusen blant dei rike om bord og døden i ishavet har fascinert ettertida. Mange har sett forliset som ein allegori over avslutninga av den «glitrande» epoka som det borgarlege Europa hadde levd i sidan slutten av 1800-talet, og var såleis eit forvarsel om utbrotet av første verdskrig og depresjonstida.


Utan flossa teppe på golva, utan sjampagne i glasa, men mot den same horisonten og med dei same forventningane, hadde den 33 år gamle Knut Skultbakken Moen reist med kone og tre barn 12 år tidlegare. 69 år etter hadde barnebarnet brukt returbilletten som bestefaren aldri brukte, for å finne seg sjølv og dei norske røtene sine. 112 år etter at Knut og den vesle familien hans reiste over havet, i eit lite landsens bibliotek, i eit av dei inste dalføra i Norge, skulle ein av etterkomarane hans ordne ei utstilling om Titanic og utvandringa til the land of hope and dreams, tenkje på at ho var ein liten del av den norske utvandrarhistorien, på slumpetreffa i livet. Eller om det var lagnaden.

Salme ved reisens slutt: Nærmere deg, min Gud. Eller om det var Autumn waltz.

Rita

mandag 14. mars 2011

Bækk in bissniss...

Bækk inn bissniss I:
Kjære vise sjef! Unnskyld! Eg fekk så dårleg samvit når eg las førre blogg-innlegget ditt! Eg skulle sjølvsagt vore her og tømt bok-kassa, teke inn bøkene, sendt hente- og purremeldingar til fjern og nær, rydda bøkene, tatt unna alle fjernlånsbestillingar på websøken, tatt telefonen - og kokt kaffe til du kom på arbeid.
Men eg var så oppteken med å dyrke meg sjølv, at eg såg ikkje korleis andre (les; du) hadde det. Underteikna var nemleg så heldig (eller uheldig, alt ettersom korleis ein vel og sjå det) at eg fekk eit opphald i eit anna avsidesliggjande, men likevel sentralt, dalstrok ei kort periode. Eit fint opphald, på alle måtar - men det kan så avgjort ikkje samanliknast med mine daglege opphald i vår boksamling! Nå har det seg slik at eg har sakna døkk to nidvise, og skal gjere alt eg kan for å ta att det tapte. Forgiven, not forgotten?

Bækk inn bissniss II:
Høyrt om Anna Rogstad (1854-1938)? Ja ja, i førre blogg-innlegg ja, men utanom det? Ho er ikkje back in business, heldigvis får ein nesten seie, men ho er i høgste grad ei dame vi burde kjenne litt til. Den eldre herren Rita viste til i førre innlegg, er no straks ferdig med sitt arbeid med ei utstilling om Rogstad. Torsdag 17. mars er det 100 år sidan ho møtte på Stortinget som fyrste kvinnelege stortingsrepresentant. Ikkje nok med det, ho var fødd i Oppland, har vore på topp-turar i vårt eige nasjonalparkrike, overnatta i Bøverdalen - og ho var ein føregangsperson i skuleverket og i kvinnesaksarbeidet! Kom gjerne innom og sjå og høyr meir om denne spanande kvinna, utstillaren er sjølv på plass her torsdag ettermiddag, han kan fortelje så mykje meir. Should not be forgotten at all.


Bækk inn bissniss III:
Melder vidare om at sola - SOLA - om ei snau veke, endeleg - og etter eit halvt års venting, er på plass att i Byrøygarden! Fru Smed står klar med solhatt og solkrem, drøymande om lange fjellturar, lange sumarkveldar ved bålet, og ikkje minst om lange blikk frå Herr Smed. Eg skjønar veldig godt at du gler deg på sola, Merete - nyt kvar stråle du kan få - ho snur att snart veit du... Gone, but defently not forgotten.








Heimkomen bloggar: Aud

fredag 11. mars 2011

Lang dags blogg mot natt

Torsdag 10. mars kl. 11.00: Heime. Omelett og rugbrød på menyen. Snart klar for kveldsvakt på Lom folkelege bibliotek. Aleine på jobb i dag. Oppringing: Set du over kaffen? Vi har kake. Sjølvsagt!


11.40: På plass. Tømmer full bokkasse. Tre store bokhaugar på skranka. Kaffen klar. Kake og triveleg selskap i anmarsj.

12.00: Dørene opnar. Det strøymer på med elevar frå vidaregåande som fortvila har prøvd å kome inn før på dagen, ikkje vande ved stengde dører, lånarar skal hente bøker, telefonen ringjer, vår trufaste PC-brukar som har lært data i biblioteket helsar blidt, haugane blir fløtt frå skranke til golv, litt ledig skrankeplass.


12.05: Eldre herre. Vil biblioteket ha utstilling om Anna Rogstad, vår fyrste kvinnelege Stortingsrepresentant som vart innsett 17. mars 1911, snart 100 års markering. Har mange kopiar og bilete, kan lage ho sjølv. Vi må jo slå til på slike tilbod! Klipp, lim, kopiér. Kopiar i format travaleg. Ein liten slurk kaffe.


13.00: Telefon. Amerikanarar som leitar etter røtene sine. Kjem til Norge i sommar. Lurar på om vi kan finne dei i kyrkjebøkene. Heldigvis er dei digitaliserte nå. Syner til Digitalarkivet. Berre fryd og gammen. Gjestene med kaka lei av ventinga, går. Fleire kopiar. Begynner å scanne inn haugane med innleverte media. Tralla på bristepunktet.


Lånar etterlyser bok ho har bestilt over nettet i dag. Hjelp! Har ikkje fått sjekka Websøket. Grei lånar finn boka på hylla. Varm bibliotekar finn 7 bestillingar til på Websøket. Den eldre herren med utstillinga får besøk av tidlegare kollegaer i Aftenposten. Skryter av biblioteket vårt! "Men akkurat i dag er damen aleine på vakt, så ho har det litt travelt..." Dei vender blikka mot haugane. Og dei fine utstillingane den utstillingsvise har laga. Sjekkar ikkje klokka lenger. 
Skuleslutt. Ivrige smågutar vil spela Indiana Jones på x-box. Så var det desse innstillingane, da. Prøver å hente fram instruksane frå kursleiar. Var det AV3 eller Component? Nokon ventar på hjelp. Bøker om klima, helst i Afrika. X-boxaren finn det ut sjølv. AV3.

Skjær salat, tømer fetaostglaset, 15 reker, tre tomatar, paprikaen og raudlauken ligg att heime. Æsj! Teikneserie-formidlaren vår kjem innom, klar for nye oppdrag, vi gjer avtale. Han diggar utstillinga vår! Lærar leverer to fulle bæreposar med godt lesne barnebøker. Nå må det snart ryddast!
Dei siste soltrålane smiler mot Tor Jonsson og venane hans som står side om side inne på lokalsamlinga. Bibliotekaren er varm i sinn og skinn. Så koselege brukarar vi har! Og så mange gode bøker dei les! "Og vesle lerka ho hev det so..." smyg seg inn i hjernevindingane og blir verande. "Så trur ho på vår med ein einaste gong." Må sjekke Google for å finne heile teksta. Så fin! Gode Per Sivle! "Å hei og hi og tiddeli ti og tiddeli tiddeli ti."
18.00: Sorterer haugane og plasserer dei rundt i dei ulike avdelingane. Skrankeområdet vitnar atter om full kontroll. Hugsar med eitt bestillingane på websøk. Lånar anbefaler bok: Plogen og sverdet. Ryddar haugane på Skjønn vaksne.


19.00: Stengjer dørene og opnar for "Lesarmøte" - vår lokale variant av lesesirkel. Vi pratar om "Vårofferet" av Lars Mytting. Vi gjekk til boka med litt skepsis. Dette var nok mest for menn...Men alle var svært positivt overraska. Lars fortel så godt! Og vi kjenner oss att i skildringane frå bygdemiljøet lenger nede i dalen. Mannen har i tillegg psykologisk innsikt. Og vi likar dei overraskande vriane han legg inn. Lars skal delta på Bokbadet på Diktardagane til sommaren saman med Vigdis Hjorth og Arnfinn Kolerud. Vi gler oss!


Bibliotekaren ryddar haugane etter ein lang dags ferd. Fylt av gode, om enn noko hektiske opplevingar. Takknemnleg for alle som brukar biblioteket. Glad for at dei andre viskvinnene snart er på plass att. Vi snakkar delingskultur.

Kveldsseto-bloggar: Rita

tirsdag 12. oktober 2010

Gå inte förbi

Innimellom blir også vi tre vise tankefulle og alvorlege i vår framferd. Vi har alle tre ein viss porsjon empatiske evnar, vi har alle erfaringar i livet som har lært oss mykje, i tillegg vert vi stadig minna på kor i livet vi er i dag, på godt og vondt. Realitetane kan vere sterke å fordøye til tider, men heldigvis lever vi i eit opplyst samfunn der mykje kan forebyggjast og legast - og der ikkje alt lenger er tabubelagt. Vi har ildsjelar og forkjemparar, menneske som står fram og deler av sin kunnskap, menneske som stoppar opp og høyrer på, menneske som står på for oss som kjem etter. Gå inte förbi...

Brystkreft er dessverre ikkje ukjent for mange, og sidan 1999 har oktober vore den rosa månaden for mange, aksjonsmånaden for bryskreftramma. Målet med Rosa sløyfe-aksjonen er å vise solidaritet med brystkreftramma, spre informasjon og auke kunnskapen om brystkreft og samle inn pengar til brystkreftforskning. Foreningen for brystkreftopererte og Kreftforeningen er saman om aksjonen.
Vi har laga ei utstilling av dei bøkene vi har om kreft, fleire av bøkene handlar også om kvinner som har hatt brystkreft. Sterke bøker, sterke historiar, og sterke kvinner (og menn, ektefellar, partnarar og fedre) som kjempar seg gjennom tunge sjukdomsperiodar. Mange kjem friske og styrka ut av desse påkjenningane, andre får ikkje livet i gave på nytt.
Også ungane våre har sine eigne bøker om det og ha sjuke foreldre, og om det å miste nokon ein er glad i. Alvorlege hendingar, som det er viktig og prate og lese om. Gå inte förbi...

I oktober markerer ein også Verdensdagen for psykisk helse, på landsbasis den 10. oktober, i Lom blir dagen markert torsdag 14. oktober  kl 18 i Lom samfunnshus. Sjå meir om arrangementet her:
http://www.lom.kommune.no/verdsdagen-for-psykisk-helse-.4824161-42902.html
På biblioteket har vi i veke 41 ei utstilling knytta til denne markeringa. Gå inte förbi...

"Gå inte förbi" av Peter Jöback

Skyarna faller på gammal som ung
vårvinterns himmel faller så tungt
och alla söker något att hålla sig i
med hjärtan som viskar gå inte förbi

Ute på vägen i snöblandat regn
med ett steg til gränsen
och tusen mil hem
hon väntar på någon
från en helt annan tid
i hjärtat står skrivet gå inte förbi

Innanför murar står klockorna suntil
han fick hela världen
och månen däruntil
ingen är så lycklig och ingen så fri
men hjärtet det flämtar gå inte förbi

Barnet som slumrar så nära inpå
där ingenting ont eller hotfullt kan nå
lämnar nu drömmen
och vacknar until liv
med blickar som säger gå inte förbi

Nånstans där borta en bit längre fram
finns dagar som lovar
en varmare famn
och du vet var jag finns så låt inte bli
du får inte gå nu gå inte förbi



Bloggar: Tankefulle Aud

fredag 9. april 2010

"Jeg velger meg april..."

Underteikna har etter at den nye arbeidsplanen vart gjeldande i gammelprestgarden stort sett vorte tildelt kun èi oppgåve på skjemaet sitt : utstillingar. Denne nemninga går att kvar gong eg glyttar på planen etter endt helgefri, og eg blir kvar blåmåndag ståande eit bel på bakrommet og stire på det stilreine skjemaet medan eg ventar på at inspirasjonen og kreativiteten skal gli ut av planen og sige inn i den vasne grauten av minne frå eit forrykande utstillingskurs fleire år attende i tid. Ein teknikk som utan unnatak aldri er til nytte. Eg fyller difor kaffekoppen med gruff før eg pliktoppfyllande dreg på meg eit avslappa, tilfreds smil og trakkar ut mellom reolane for å leite febrilsk etter nye emne som eignar seg til pynt på ledige plassar rundt om. Og Sjefskatta pustar kvar gong uvitande letta ut over at ho har treft så godt med ansvarsfordelinga i det gilde personalet sitt, medan ho tråklar vidare på nye utfordringar...

Denne veka gjekk derimot oppgåva leikande lett: Det er april, Bjørnson-jubileum står for døra, og sjefen lirar av seg det eine storslegne Bjørnsonsitatet etter det andre, medan forfattaren sjølv stirrer myndig mot oss frå svære plakatar som har kvilt ei ri på det ryddige skrivebordet til Monsine. Det var i grunnen med lett hjarta eg sopte saman att bøkene etter påskekrimutstillinga, som vart eit sørgjeleg kapittel på utstillingsfronten vår, og duka fram dei verdig stilige dokumenta av og om Bjørnstjerne Bjørnson. Den 26.april er det 100 år sidan forfattaren døydde, 78 år gammal, og dette skal markerast i gildt monn framover. For spesielt interesserte har vi også fått låne ein del artiklar og flotte bilete av ei lokal eldsjel i høve jubileumet.

Det var messom på tide å gøyme att påskebøkene frå skranken også då vi kom att etter ferien, og etter som leseåret er godt i gang, slår vi like godt eit slag for Ordet. Sitat, ordspel og humoristiske uttrykk ligg i haug ved sidan av skrankevakta, og er du oppe tidleg laurdag, kan du sikre deg ein godbit å humre over i helga -til glede både for deg sjølv og dei måtte ha å dele dei med! God helg!

Kledeleg rosa bloggar: Vetlpurka

fredag 15. januar 2010

Ingen er så trygg i fare...

I dag var det reint så leggjepelsen strauk seg lint over åreknutane då ein kom ut i den milde etterjulslufta. Sidan langt attende i fjoråret har den strie busta stått i stram "giv akt", stikkande stivt ut gjennom lag på lag av ymse makko- og ullkledning i grim protest mot ein umenneskeleg, blåvakker frostbolk. 19 minus blir reine "tøyr`n" samanlikna med det fasttela glansbiletet vi har beundra gjennom attisa glasruter dei siste vekene. Så lyt ein vel likevel grave seg inn på bortstuva, samanklistra skiutsyr på låven og plukke høyrusket av den fjorgamle smorninga, før ein også denne vinteren kan lugge seg i veg bortetter kvitkledde vidder.

Takka vera den strie sprengkulden har vi med godt samvet kunna tulle oss ned i tjukke pledd med ei god bok i dei valne fingrane. Framom peisvarmen har eg dei siste kveldane levd meg inn i eit liv så uendeleg opprivande, så godt skrive og så engasjerande at både oppvask og golvsoping har fått fri frå småsure sukk frå ein halvsur husmormunn. Heidi Hjorteland har skrive boka "Utstøytt" med slik varme og beisk humor at det riv langt inn i sjela. Når ho attpåtil krydrar denne livsskildringa med så knakandest god nynorsk og friske ord og vendingar ein aldri har opplevd før, kan ein ikkje anna enn å falle for Borghild. Den vesle jenta veks opp på ein fjellgard med foreldre som jobbar livskiten av seg for å få kvardagen til å gå opp, og Borghild ser med barnleg forventing fram til den dagen ho skal begynne på skule nede i bygda. Møtet med bygdedyret og dei sosiale konstellasjonane blir alt anna enn Borghild har drøymt om, og svake sjeler bør fylle lomma med snytpapir før dei gjev seg inn i denne kjenslevàre skildringa om oppveksten til Borghild. Eg gler meg i alle fall til fredagskvelden fyller stova heime med Ivar Dyrhaug, slik at eg sjølv kan dukke usynleg ned i siste del av denne sterke forteljinga. Ein varm takk til Heidi Hjorteland for denne vekkjaren!

Då vi damene hadde gøymt bort julbøkene frå bord og glaskarmar, lurte vi stygt på kva vi skulle stille ut i det gryande, nye året. Ein ting var vi einstemte om: INGEN slanke- og treningsbøker skulle stillast sirleg ut rundt oss no! Det vart ikkje sagt noko om kvifor... Det var såleis litt tilfeldig at bøker om barn og oppvekst pyntar det eine utstillingsbordet vårt, men det var i alle fall bøker som fall i smak hos lånarane! Allereie første dagen lånte vi ut fleire bøker om emnet, og denne veka har vi komplettert med meir aktuell familielektyre. Ved skranken byr vi fram ymse årstidsaktuelle bøker om ski, skiutstyr, turtips og skilegender. Kanskje helga vil by på både gode leseopplevingar og ein fin skitur som vil tine opp stivna ledd etter frosten? I så fall: God tur frå oss 3!

Kjenslevàr bloggar: Merete

fredag 6. november 2009

Norsk lyrikkhistorie på 3,5 min

Kravet om effektivitet blir stadig større i samfunnet vårt. Dette er noko dei 3 vise har teke innover seg til fulle den siste tida og det toppa seg i dag. Vi hadde budd oss på koseleg besøk av sprenglærde 3. klassingar frå den vidaregåande skulen som stod på tur til å ta eit djupdykk ned i den norske lyrikken. Jau da, eg hadde laga bokutstilling og delt lyrikkhistorien inn i epoker og klistra sirleg skrivne klistrelappar på veggen. Mi kjære kollega Merete hadde pliktoppfyllande funne dei viktigaste lyrikarane i kvar periode og vi var eigentleg nokså tilfredse med oss sjølve og klare for storinnrykk. Merete hadde nær sagt som vanleg (merk: det var berre nær sagt, Merete) planta seg i skrankeposisjon klar til endeleg å få låne ut noko av denne fine lyrikken vår som så altfor sjeldan er ute av hyllene. Eg skulle få æra av å syne dei utstillinga og rettleie dei litt i val av bøker og forfattarar. Elevane kom i 3 puljer á 15 min. så med boklån inkludert i tida så rekna vi med at dette skulle vera grei skuring. Men det gjekk etterkvart opp for meg at dei ikkje kom for å LÅNE bøker. Nei da, dei kom for å få "eit komplett oversyn over den norske lyrikken framført med stor glød og entusiasme" som kickåff til lyrikkprosjektet. Stotrande stod eg nå der da framfor all denne kjekke ungdommen og kunne ikkje anna enn å lire av meg namna på denne namnelista eg hadde å klamre meg til. Irrgangane i den poetiske realismen, nyromantikken og modernismen er eg redd de må be Ellen om å gje ei grundigare innføring i. Men effektivt var det og bokutgjeving er vurdert: "Norsk lyrikkhistorie på 3,5 minutt". På biletet ser de dei ivrigaste elevane som sleit med å rive seg laus frå lyrikkhylla.
Elles har vi for tida triveleg selskap av ei mengd sjølvproduserte og eigenarta Knerten-figurar som 4. klassingane på Loar har laga. Desse figurane har verkeleg sjel og er vel verd å avleggje eit besøk. Vi måtte også ta med eit lite Knerten-sitat i dette høvet der de ser ein av dei mest likehendte brudgommane som har gått til alters i Norge gjennom tidene: "Du Knerten, vil du ha Karoline som ved siden av deg står, til kone? Så får jeg det da, og så var Knerten og Karoline gift." Det må tilføyast at dette var eit tvangsekteskap, men berre Knerten fekk kalle ho hustru istaden for kone og når han innsåg fordelane med å ha ei heimeverande kvistmor til å ta seg av mann og barn, gjekk alt så mykje betre.I førre blogginnlegg mangla det bilete av det nye kaffe-/tebordet vårt og det vart meir enn hinta om at kameraet mest sannsynleg hadde gått seg bort i den lett kaotiske veska til den digitalt bortreiste. Som de ser har kameraet dukka opp att og nå ventar vi berre på trivelege kundar som tek seg tid til ein prat og ein kopp i lag med oss. God helg!

Effektiv bloggar: Rita

fredag 16. oktober 2009

Mamma morgenheks og dagane med Dewey

Det finst dagar da einskilde av dei vise kjenner seg alt anna enn vise. Det finst dagar da einskilde av oss rett og slett kjenner seg dumme og bortkomne både i frakk og pysjamas. (Skal undre meg på om dei 3 berømte vise av det anna kjønn hadde slike dagar.) Vi kan ta som døme denne dagen i dag som starta med ei forsoving. Mor og barn som legg seg altfor seint og somnar enda meir altfor seint, kava seg opp i ørska og kasta seg i kleda. Eller rettare mor kasta seg i kleda, for 6 åringen som har den fabelaktige eigenskapen at han kan gjera seg tung som bly når han ikkje vil, måtte møysommeleg lirkast inn i kleda, tålmod mor, tålmod! Sjølvsagt er det uteskule med bålmat på slike dagar og sjølvsagt har kjølehjørnet vore ute av drift sidan juni slik at ein må hente mat frå kjøleskåpet i kjellaren. Sjølvsagt gløymer ein osten på slike dagar, ny trappetur. Brødskiver kan smørjast utruleg raskt og effektivt medan tevatnet kokar - og 6 åringen byrjar å kle av seg att. Dei skulle pakkast i folie, kvar var folien? 15 åringen i kjellaren, var det liv i han, tramp, tramp i golvet. Ja, goood tid, mamma...Ingen tannpuss i dag, 12 åringen på badet treng ein halvtime til hårbørsting...På igjen med kleda 6 åring. Utedressar er veldig vanskeleg å få på når barnet klamrar seg til golvet! Puh, endeleg i bilen, puh, endeleg framme på SFO, nå vil han ikkje ha av seg dressen, han vil ut, takk og lov får han auge på Odd Einar, ein av heltane. Puh, mor slengjer seg i bilen. Å nei! Dei skulle ha med vedstikke til bålet! Må hente, gløymde A-tingen i går... Nesten ein halvtime for seint, utslite, med destruktive tankar om seg sjølv og meistringa av kvardagen, er plassen på bakrommet god å finne og registrering av nye bøker og CDar inn i eit gjennomtenkt,logisk og hierarkisk oppbygd Dewey-system ein kjærkomen aktivitet. Takk for orden i kaos, Dewey! I slutten av månaden er det Allehelgensdag, betre kjent for dei yngre som Halloween. Dei 2 estetisk skolerte på huset har laga ei fin og forseggjort utstilling av Halloween bøker og andre Halloweeneffekter. Ta turen innom og få idéar viss de har planer om knask eller knep den 31. Du kan lesa meir om Allehelgensdag eller Halloween her: http://no.wikipedia.org/wiki/Halloween

Elles arrangerer biblioteka i Norddalen Presentasjon av årets bøker for barn og ungdom på Otta den 10. november. Vi håpar mange lærarar, førskulelærarar og biliotekarar frå heile dalen melder seg på, slik at vi kan fortsetja å arrangere dette nyttige og inspirerande kurset på Otta også i åra som kjem. 3 dyktige formidlarar frå IBBY Norge - barnebokforum vil presentere dei nye bøkene for oss.

Deweyinspirert bloggar: Bibliotekar R.

PS: For dei som måtte vera i tvil så tilsvarar Deweys desimalklassifikasjon bibelen for bibliotekarstudentar. Her finn ein alle aspekt ved livet og verda forøvrig regulert i eit meir eller mindre logisk oppbygd emnehierarki. Enkelt og greit! Men når 6 åringen som blir henta spring mot meg, lyser opp og utbryt "Mamma mi" kjem Dewey til kort, trass alt.

fredag 9. oktober 2009

Kommunal fornying og eksotiske inspirasjonar

13. oktober:

Dei siste vekene har den visaste vise vore ekstremt oppteken ved skjermen sin bak meterhøge bokstablar og ein vrimmel av gule lappar -når ho då ikkje har vore i hektisk møteverksemd og harde forhandlingar på kommunehuset. Inne på kontoret har mørke krøller vippa hektisk over ivrige nakkesener når sjefen etter beste evne har gestikulert overtydande med telefonrøyret i eine handa, i god tru om at slike gester naturleg glir gjennom lufta på lik linje med munnleg ordflaum. For ein som er etterkomar etter forfengelege norddølar som fann det naudsynt å kjemme håret før ein skulle i talerøyret, er det slett ikkje usannsynleg at det moderne kroppsspråket har hatt sin verknad denne gongen. Resultatet vart nemleg offentleggjort på ei høgtideleg lansering av den nye, kommunale heimesida i dag:
http://www.lom.kommune.no/biblioteket.144626.no.html
Sjefen -og dei andre i arbeidsgruppa- har all grunn til å vere stolte av den nye heimesida, og vi på biblioteket meiner no å ha fått ei velfungerande side der viktig informasjon ligg godt synleg i ein brukarvennleg meny som attpåtil tek seg godt ut. Well done! Det lyt nemnast at ikkje alt er heilt ferdig riktig enno, farger skal fiksast litt på, ymse småboksar skal flyttast o.l, men det meste er i skjønnaste orden. Unnateke ei viss dame sitt kontor...


Vi to andre har i dag hatt det frykteleg artig med nye utstillingar på dei små ledige plassane rundt omkring mellom bøkene våre. Rita er fabelaktig i utpønsking av emne til slike tiltak, men sidan får vi undertausene nesten frie taumar til utforming og dandering med ymse artiklar og tesktilar som hjelpemiddel. Når vi attpåtil får gå amok i kjellar og loft i heimen på leit etter eigna materiell, er vi hjartans einige i at vi har ein suveren sjef! Denne gongen har vi latt oss inspirere av eksotiske austen, med reisehåndbøker, romanar, filmar og musikk frå eit land veldig ulikt vårt levesett i Gudbrandsdalen. India har i seinare tid stått sentralt i ein del filmar og romanar, noko vi nyttar høvet til å hylle i haustmyrkret. Jubelen stod i taket då den eine i dag tidleg kom drassande med ei ekte, vakker vasspipe som krona på verket! Så spørs det berre om dei tilsette stiller i sarien uti veka, godt innpakka i norsk ullvang-ull under vakker tekstil...


På skranken har vi som motvekt diska opp med rotnorske bake- og kokeoppskrifter, og trur du ikkje vasspipe-dama hadde vunnest ein tur i bakstkjellaren før ho knalla på arbeid i dag tidleg. Såleis kunne vi komplettere utstillinga med både fløyg, rumbrødsmal og kjevle over disken. Det gjeld altså å vere snill jente her i dagane som kjem, så ein ikkje får seg ein smell med bakstkjevlet...


I tillegg til dette har vi vunnest å vore på friarferd hos det lokale pensjonistlaget idag, hatt ei skuleklasse på besøk, og gjennomført møte med den vidaregåande skulen. Og i sluttspurten av kvelden viser folketelljinga jamt 140 besøkjande på Lom folkebibliotek i dag! Ikkje rart at tralla med kveldens innleverte bøker snart velt, kanskje...



Bloggar: litt mindre eksotiske Merete

torsdag 1. oktober 2009

Vem har sagt att just du kom til världen...

Dei tre haustferierande har fått regjere verksemda i einsam majestet dei få dagane vi har vore på arbeid denne veka. Vi har knapt nok sett snurten av kvarandre og alle har fått avvikla sine sårt tiltrengte feriedagar slik at vi kan stille friske og utkvilte (skjønt feriedagar er ikkje nødvendigvis lik kviledagar...) til ny dyst dei 11 vekene som er att til jul. Fredagar og tysdagar byr ofte på små oppturar for dei bibliotektilsette, så også i dag. Dei friviljuge, våre omtenksame naboar i kjellaren kjem bærande med kaffekanner og fat fullasta av kaloriar. I dag fekk den heldige bloggaren meske seg med heile kakefatet for seg sjølv. I skrivande stund er ho høg på sukker og koffein, proppa full av kaffe, mektig gulrotkake og ei himmelsk sjokolade-mandel-smørkremkake. Raske karbohydratar gjer susen ein fredag etter stengetid!


Men livet byr ikkje berre på oppturar. Det er ikkje alltid ljost og enkelt og Helene-harefrøken-glad-og-lett. Dei fleste av oss møter før eller seinare dagar, veker, månader eller år der vi kjenner oss nedfor, utrygge, engstelege eller handlingslamma. Den 10. oktober vert den årlege verdsdagen for psykisk helse markert (i Lom den 14.). Biblioteket markerer dagen og temaet med bokutstilling. Vi har fagbøker om ulike psykiske lidingar som depresjon, angst, anorexi/bulimi, låg sjølvkjensle, ulike fobiar, bipolar liding, schizofreni m.m. Vi har også romanar og filmar som handlar om psykiske lidingar t.d. De gales hus av Karin Fossum, Sabina av Karsten Alnæs, 23 salen av Ingvar Ambjørnsen, Veronika vil dø av Paolo Coelho og fleire andre. De kan søkje i katalogen for å sjå fleire titlar (det kan løne seg å bruke bokmål når du søkjer): http://asp.bibits.no/lom_fb/default.asp


Det er mange måtar å handtere nedturar og kriser på, men mange vil søkje trøyst og meining i orda. Kanskje kan ei strofe frå eit dikt eller ein sang vera halmstrået ein treng å klamre seg til, det som gjev trua på betre dagar. Kanskje kan ein kjenne seg att og finne trøyst i andre sine erfaringar og historier. Denne nye boka inneheld iallefall mange fine og lindrande dikt. Vi ynskjer med dette folket ei god helg, forhåpentlegvis utan dei altfor store nedturane!

Koffeindirrande bloggar: Rita

mandag 7. september 2009

Eit streif av sol...

Kvar dag heile året rundt, i regn som i solskin, i gode som i onde dagar, får vi tre vise besøk av postmann Kolden som fraktar all internpost rundt omkring i dei sentrumsnære delane av kommunen. Sjølv om vi er trøytte og uopplagde etter lange og søvnlause netter der vi har erobra nytt land innan verdslitteraturen, eller går rundt her og glåmer skakt på kvarandre på grunn av eit pågåande kappløp om skrankeplassen, kallar alltid Ivar fram smilet og latteren i oss. Vi trur at dette er tilfellet overalt der Ivar ferdast. Vi set stor pris på sjølve jobben han gjer, vi merkar veldig godt dei få dagane i året når han har ferie eller ein sjeldan gong er sjuk. Men enda meir set vi pris på Ivar som person, på hans ekte og ærlege vesen og på den store humoren hans. Her er er det ikkje noko "lett og kold" helsing, men store og gode klemmar utan atterhald. Vi vil takke deg, Ivar, for at du kvar dag saman med posten også sprer litt glede rundt deg. Det er viktig handbagasje å ha med seg det!

I dag har dei to utstillingsvise teke nye og spektakulære metodar i bruk for å setja prikken over i-en på utstillinga vår av gamle bøker. Langt inne i dei fornuftige, velfungerande gangs-menneskje hjernene deira, synte det seg å liggje ein hang til pyromani. Dei vart eit bel så desperate at dei gjekk laus på lånarane for å få tak i fyrstikker. Dei lykkast til slutt og dette kunne nok enda forferdeleg mykje verre hadde det ikkje vore for den regntunge sommaren vi har hatt. Men utstillinga vart fin ho, all honør til dei to eksperimentelle sjelene! Utstillinga består av gamle bokskattar frå magasin og kjellar som vi tykte fortente ein tur fram i spotljoset. Her er det lokalhistoriske perler som bøkene av Elise Aubert (som budde her i dette huset medan det var prestegard), gamle utgåver av Olav Aukrust og Ivar Kleiven, bøker om dei fyrste fjellturistane og klatrepionérane i Jotunheimen og fleire til. I tillegg har vi utstillingar med temaet biografiar og Velg!2009. Ta deg ein tur og sjå sjølv da vel!



Bloggar utan nemneverdig bruk av raud tråkletråd: Rita

PS: Bok på P2 kl. 17.03 og reprise 23.00 (evt. nettradio). I dag: Salvadoreña av Cecilia Samartin, forfattaren av Señor Peregrino og Drømmehjerte!

mandag 31. august 2009

Kvardag 1926 i bibliotekar R sitt liv

I dag har vi tre vise fordelt visdommen vår på mange ulike felt innan bibliotekaryrket. Vi har sjølvsagt som alltid skrankevakta, vårt ansikt utad, som må ivaretakast. Dette er det mest synlege av det vi driv med, og her kan vi briljere (?) med bokkunnskapen vår og slå av mang ein koseleg prat med lånarar og andre som tek turen innom. Vi skal ikkje stikke under ein stol at det til tider er hard drakamp om å få denne vakta der framme i sivilisasjonen, fjernt frå støvete magasin, kontor og bakrom der mindre freistande oppgåver ventar. Vi har ein sovande plan over kven som skal ha desse vaktene, men den som sprett fyrst ut av senga om morgonen og vinst på å få planta seg på stolen i skranka, får som regel lov til å bli sitjande der iallefall fram til matpausa.

Vi har alltids noko å fylle tida med vi andre også, som ikkje er fullt så kvitrande om morgonen. I dag har t.d. den eine vise svinga malingskosten fordi vi skal "shine opp" utstillingsstativa våre som synte seg å vera relativt ukurante for andre storleikar enn det tradisjonelle romanformatet. Vi vil ikkje seie meir om dette i denne omgang, det kjem nok bilete på bloggen når vi har fullført verket...
Ho som har slite kontorstolen på bakrommet, har fråtsa i spennande gjeremål som å tilvise rekningar, svare på e-postar, bestille ny bamse til Bamsedagen 2009 (sjå den fine samlinga med bamsar over), ta telefonar, magasinere og kassere haugar av bøker og midt oppi alt dette kom ho plutseleg til å tenkje på at nå har ho drive med dette i 10 år! Gosh, som Sissel Kyrkjebø ville sagt det. Lite visste ho kva ho gjekk til da ho takka ja til denne jobben, halvstudert bibliotekar som ho var, med håp om at bøkene var lettare å halde styr på enn skuleungane. Ho følte nok til tider at ho hadde teke seg vatn langt over hovudet, noko som det fyrste møte med Torunn Eikemo (guru på fylkesbiblioteket i 40 år og syster til Jon) var med på å forsterke. Torunn ynskte som seg hør og bør velkommen i ny jobb, og på skarrande eikelandsk utbraut ho: "Biblioteksjef i Lom, hahah (rå latter) ja, da må du ha bein i nasen, jente!" Gulp, halvstudert krympe, krympe, bein i nasen, krympe krympe. Lita som ei teskei kom ho seg heim og jammen sit ho her enda meir eller mindre beinlaus og med noko varierande storleik frå dag til dag. Men ho har aldri angra, for ho trivst usannsynleg bra saman med bøkene, kollegaene og bibliotekbrukarane sine (og sette for øvrig stor pris på å bli kjend med Torunn etterkvart også og har det slettes ikkje så ille her i Lom.) Det har skjedd store endringar på desse ti åra både innan biblioteksektoren generelt og på eige bibliotek, men det får bli tema i ein annan blogg. Nå må ho avslutte mimringa, blogginga og kvardag 1926.

Bloggar: Bibliotekar R.

onsdag 17. juni 2009

EIN SLAVE MELDER FRÅ TIL VERDA *_*


Det var med store forventningar og tindrande augo eg møtte opp på biblioteket torsdag førre veke, klar til dyst. Eg hadde på førehand forventa meg ei roleg veke med god tid til lesing. Men neida, det fyrste som skjedde var at eg måtte sitje i fleire timar og kassere bøker. Etter dette byrja slavearbeidet, eg måtte springe på butikken, hente post, handle mat. Og slik gjekk dagen. Eg kom heim om kvelden utkjørt og tenkte at nå måtte eg vel få sitte og lese resten av arbeidsveka.

Men neida, neste dag fortsette slavearbeidet, mens dei høge fruene satt på bakrommet og drakk kaffe. I helga var eg i sjokk over alt arbeidet og heldt meg innandørs i senga og skalv. Måndag møtte eg opp lett skjelvande utanfor hovedinngangen og slepa meg opp trappa. Denne dagen dreiv eg konstant i 5 timar og bar tunge kasser med brosjyrer og plasserte dei i stativet. Eg hadde no utvikla støvallergi grunna for mykje tid på lageret og når eg kom heim la eg meg i senga og gret meg i søvn.

Tysdag fortsette brosjyrearbeidet halve dagen. Etterpå vart eg slept bort til fantasyhylla og vart kommandert til å bruke mitt beskjedne intellekt til å finne bra fantasybøker til ei utstilling. I dag har eg nok ein gong overført bøker. Eg augna sjansa til flukt når eg skulle være aleine, men trur de ikkje at døra vart forsvarleg låst...

Så no vaklar eg meg heim utsliten etter ei hard arbeidsveke på biblioteket.

PS: Fantasyutstillinga er full av bra bøker. Eg lovar!

Gjestebloggar: MAGNUS MUNDAL

tirsdag 26. mai 2009

Varierte utstillingar og storfint besøk



Noko av det finaste med kvardagen til ein bibliotekar må vel vera at ein jamnleg møter nye menneske og knyter nye band til ymse kantar av landet. I går hadde vi trivleg besøk frå kyststroka bortanfor, då bibliotekarar frå Norddal kommune prisa våren og tok turen over fjellet for å få nye impulsar. Etter å ha vore innestengde ein lang vinter, kunne dei no atter ragge ut på biltur etter sommaropninga av fjellovergangen. Når ein får melding om slike fine gjestar, lyt ein naturlegvis ta ein liten "sjau" rundt om i lokala for å syne fram biblioteket vårt slik det fortener. Her står jo ting framleis litt på hovudet etter avviklinga av filialen vår -særleg etter som ein del ferie skulle avviklast i personalet som ei forlenging av nedleggjinga ;-)

Ei halvferdig utstilling framom skranken har nokre dagar herja stygt med samvitet til underteikna, så dette stod først på lista i går. Bakgrunnen var at biblioteksjefen hadde etterlyst ei litt maskulin utstilling som motstykke til alle dei romantiske, pastellfarga og feminine danderingane vi etter kvart har blitt kløpparar til å slenge fram ved ymse høve. Eg reinska difor eit bord totalt for pynt og fjas, og gjekk så på klappjakt i hyllene etter "macho" litteratur. Runden vart laaang, men eg var ganske så tilfreds med meg sjølv då eg lempa ein gild bokhaug ned på skranken. Ganske snart måtte eg imidlertid klø skallen litt ekstra då eg sjekka nærare kva for bøker eg så omhyggjeleg hadde valt ut : flugefiske, ørretfiske, flugebinding, fiskehistorier, laksefiske.... Mine gode kollegaer tykte nok eg hadde eit utruleg snevert syn på våre mannlege lånarar, medan eg sjølv heller ikkje kunne forklare resultatet av denne "sankinga". Det er vel mangt som kan konkurrere ut fisken når det gjeld maskulinitet, vil eg tru... Vel, vel -i går morgon vart utstillinga ferdig, og pynten på veggen bak bøkene VART faktisk tilnærma lik eit fiskegarn, trass i at vi hadde klart å trylle fram litt anna å lese i til ære for Mannen ;-) Og det var det eg vanst før dei langvegsfarande kom trippande inn døra vår...

Rundt kaffebordet, etter ei enkel, guida runde i lokala våre, var alle einige i at vi reiser alt for lite ut til andre bibliotek for å få nye idèar til eiga drift. Slik kan ein stadig utvikle og fornye seg utan å måtte finne på alle "sprell" i einsemd mellom høgreiste fjell og tronge fjordar. Ved slike utvekslingar ser ein også kor ulike premiss vi lever under. Medan vi dei siste åra har lagt ned båe våre to filialar, har Norddal kommune framleis 3 filialar i full drift, noko som er naudsynt der fjordar skil menneske innanfor same kommunen. Vi takkar dei 3 damene frå Norddal for besøket, og kanskje er det vår tur til å ta ein jentetur når det vårast neste gong...?

Bloggar : Merete

fredag 22. mai 2009

Fantastisk selskap


Så er 17.mai over, og sommaren har kome til Norddalen med godvèr! Trafikken her på huset kan til tider sjåast i samband med vèret, sjølv om ingen reglar er utan unnatak. No har dei blåfrosne lomværane hutra seg gjennom neglbitande, sur nordavind i vekesvis, og då går utlånet så det bles i takt med stormkasta. I dag ser det derimot ut til at dei fleste set rompa i vèret og krafsar i spirande grønt utom nova, og sola er så blank at dei har saktens ikkje bruk for lesnad i pausene heller... Dermed sit ein einsleg bibliotekar og får gjort unna ein del ting som elles blir dytta laaangt inn i samvitet til vanleg.
Men selskap har vi da! Like rundt hjørnet for skranken har det stimla saman ein fantastisk tropp som held nøye auge med besøket i barneavdelinga framover. Den sprelske troppen er ei samling trefigurar laga av 6. klassingar på Loar under leiing av ein uvanleg kreativ lærar. Også namnevalet tilseier at elevane har hatt det rett så artig under arbeidet med Helly Hansen, Ping-Olav, Ukjent, Ferist og alle dei andre personlegdomane som no struttar fargesprakande bak glasveggen i monteren vår. Det er dessverre frykteleg vanskeleg å ta eit godt bilete av typene fordi dei store, gamle vindaugo våre lagar attskin i både blanke hyller og støvfrie lampeskjermar (som vi jo alltid har!), så de får nøye dykk med eit lite utval her. Elles kan figurane studerast meir inngåande dersom de tek ein tur på biblioteket i næraste framtid ;-)
I helga står den store konfirmasjonsdagen for tur her i Lom, så vi nyttar høvet til å gratulere både konformantar, foreldre, besteforeldre og andre involverte med dagen -biblioteksjefen inkludert! God helg til alle andre!
Bloggar : Merete