Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.
Viser innlegg med etiketten Knut Hamsun. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Knut Hamsun. Vis alle innlegg

mandag 17. august 2009

Orda du gav oss...


Sommar og ferietid er ein saga blott og dei tre bibliotekdamene er atter samla, enda ein tanke eller to visare enn før! Merete var den heldige vinnaren i ferielotteriet i år (også...)og stakk av med alt finvêret. Ho kom att her peparkakebrun og sprudlande da vi to andre håpefulle gjekk ut i ferie. Håpet vart ettertrykkjeleg knust for oss, og etter endt sommar vil vi endre det gamle ordspråket vårt til "Skaffar Vårherre oss væte, skal vi sjølve skaffe sol" og sender forslag til ordføraran om at eit solarium bør bli det nye kommunevåpenet vårt.

Sommaren har elles stått i stjerneteiknet til ein viss Knut Pedersen Skultbakken som etter utlendigheita i Nordlandene gjekk over til å kalle seg Hamsun. Den eine vise har tilbrakt delar av ferien i gul sommarkjole på Sognefjellet (rett nok med fleire lag polstring under). Vi har hatt måleriutstilling her med Hamsun-tolkingar av Arne Sandervang og fått med oss konsertar, avduking av statue, klagesang og skjemt frå Dei plåga, litteraturseminar og tekstframføring på høgt nivå, alt til ære for den universelle ordkunstnaren (for det er jo ORDA dine vi har feira, Knut, og dei kan ingen ta frå deg!)

I desse regntider er det skulestarten som pregar livet på biblioteket. Skulestart med ny giv, nye målsettingar, blanke dataskjermar og nokre fargestifter må fortsatt til. Vi registrerer lærebøker for både ungdomsskulen og den vidaregåande skulen, ordnar bokkasser til klassene og bookar klassebesøk. Ei hektisk tid, men det er godt å vera i gang att og vi set pris på å ha ungdommen rundt oss att. I går strøyma det på med nye 1. klassingar frå den vidaregåande skulen som ville ordne seg med lånekort frå fyrste stund. Det kan me lika! Vi som tenestegjer for Ordet, vonar at dei unge håpefulle vil finne glede, vrede, humor og meining i litteraturen vi tilbyr dei. Som ein annan ordkunstnar frå bygda sa det: "Eit ord er eit under!" (Tor Jonsson).

Undrande bloggar: Rita

torsdag 30. juli 2009

Hamsun ut i verda


For 150 år sidan vart det fødd ein gudbrandsdøl som for framtida skulle vise seg å bli til utruleg stor glede for enormt mange menneske i både inn- og utland. Knud Pedersen, som seinare tok namnet Knut Hamsun, skreiv seg inn i verdslitteraturen med sin lyriske visdom og sitt meisterlege språk, og fekk i 1920 Nobelsprisen i litteratur. I Lom skal dette feirast stort i veka som kjem, og i samband med dette har biblioteket i dag satt fram ei utstilling vi har fått frå Deichmanske bibliotek. Her har det framandspråklege biblioteket satt saman ulike bøker av Hamsun oversett til andre språk, og eit raskt overblikk syner at heile 17 språk er representert i utstillinga! Det er berre å ta hatten av i audmjuk beundring for denne mannen,som i uoverskodeleg framtid vil halde fram med å fascinere folk over store delar av verda med sine uendeleg vakre kjærliksskildringar og nydelege forteljingar om innfløkt, menneskeleg sjelsliv. Ta gjerne turen til Lom til veka for å delta i den velfortente feiringa av ein av våre fremste forfattarar!