Når sommartrafikken roar seg og nettene blir lange og mørke på bakeriet, kosar Morten seg ofte med lydbøker han låner frå biblioteket. Ei av dei som har gjort sterkast inntrykk er Engelen på det sjuende trinn av Frank McCourt.
Boka fortel om ein ulykkeleg irsk-katolsk barndom (lykkelege barndommar er ikkje mykje å samle på, som forfattaren seier) på 30 og 40-talet. McCourt fortel om sin eigen oppvekst som var prega av fattigdom, svolt og faren sitt alkoholmisbruk. Morten likte boka fordi ho syner at det går an å klare seg og oppnå noko her i livet sjølv om du har ein trøblete oppvekst. Ho syner ei sterk tru på at menneske kan reise seg og gjera det beste ut av liva sine. Han seier at boka stadig dukkar opp att i tankane fleire år etter at han las ho. Boka gjev også eit godt og interessant innsyn i det irske samfunnet på denne tida. Forfattaren fekk Pulitzerprisen for denne boka i 1997.
Tre vise kvinner
Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.
Viser innlegg med etiketten Det her e boka mi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Det her e boka mi. Vis alle innlegg
fredag 12. november 2010
fredag 19. mars 2010
"Det her e boka mi"
"Ha`u lese denne bokje hær, du?" Ei blid maske glyttar forsiktig fram bak krimreolen vår og viftar varsamt med ei glinsande bok framom nasen. Eg vaknar opp av ein håplaus, intens konsentrasjon om det geniale, men såre innfløkte deweysystemet, og tenkjer at alle travalege oppgåver skulle vorte avbrote slik -av ei smitin dame som på stillferdig vis dreg meg inn i varmen og gjer verda medmenneskeleg leveleg att. Raskt lyt eg vedgå at "Nei, denna ha e kje lese, nei...", medan flimringa bak auglokka stumt avslører den uhorveleg lange rekkje krimgodisar eg ikkje har fått med meg.... Det blir messom feil å ymte frampå om alle dei flotte barne- og ungdomsbøkene eg har tråla gjennom dei siste åra, sjølv om det for meg er ein stor rikdom eg kan ause av i rette samanhangar.Torø Barlund pendlar ein stubb til og frå jobb kvar dag, og har etter kvart vorte ein storforbrukar av lydbøker. I dag er det derimot ei papirutgåve ho svingar seg med ute blant hyllene våre : "Djevelfjellet" av Deon Meyer . Ein tidlegare frigjeringskjempar opplever å få sin eigen son myrda, og då mordarane slepp unna fengselet, legg Tobela ut på ei frykteleg hemnreise der han sjølv drep personar som er dømde eller sikta for overgrep mot born. Torø tykkjer denne boka skil seg ut mellom anna fordi ho skildrar eit for oss uvanleg miljø frå Afrika. Boka er godt skrive med overraskande og spanande moment, og lesaren blir godt kjend med den alkoholiserte etterforskaren Bennie Griessel og livet hans. Griessel er på sporet av mordaren då hans eiga dotter kjem opp i ein dramatisk situasjon. Dette er verkeleg ei bok ein trygt kan rekne med blant påskekrimmen. Og i påska skal også barne-og ungdomsbibliotekaren lesa minst ei "vaksen" krimbok...
Bloggar : barnlege Merete
tirsdag 16. februar 2010
Det her e boka mi
Rett som det er kjem ei langbeint jente med eit blidspent fjes stingande innom døra vår, berande på ein gild stabel utlesne bøker. Oftast lesser då denne søte jenta skranken vår ned med hardbarka krim, medan ho gjerne etterlyser fleire bøker i same sjanger. Elise Bjørkheim går i 2.kl på den vidaregåande skulen her i Lom, men vinst altså å frese gjennom ei mengd bøker attåt studiane sine.No er det bøkene til Mo Hayder som står øvst på leselista til Elise, bøker ho meiner er detaljert krim på sitt beste. Hayder skriv om førstebetjent Jack Caffery, og livet hans er ein vesentleg del i historiene. Likevel går det i følgje Elise greitt å lese bøkene i ymse rekkjefølgje. Mo Hayder skriv til tider rått og ekkelt, men på ein slik måte at lesaren lever seg inn i dei grusomme plotta og får den sitrande skrekken under huda. Elise er imponert over måten forfattaren maktar å fange lesarane med bøkene sine, særleg med tanke på at Hayder slutta på skulen som 15-åring. Vår flittige elev har etterlyst fleire bøker av forfattaren, så det spørst om ikkje sjefen lyt opp med pengepungen att... For dei som enno ikkje har fått med seg dei bøkene vi allerie har av Hayder, kan de sjå om desse omtalene kan pirre leselysta: http://www.lom.kommune.no/enkelt-soek.146305.no.html?bibfind=hayder
Med ønskje om ein skrekkeleg flott dag vidare!
Bloggar: skvetne Merete
Etiketter:
Det her e boka mi
onsdag 10. februar 2010
Det her e boka mi
May Liss har valt seg Sara av Toril Brekke. Vi er på nordvestlandet på 1800 talet der vi fylgjer hovudpersonen Sara som blir den fyrste jordmora i Ålesund. Vi får innsyn i dagleglivet i Norge på 1800 talet og utfordringar og overraskingar som Sara møter i sitt eige liv. Det er ein roman om mot, lengt, nestekjærleik og visdom, ein fengslande og rørande historie om "silkesko og trælete føtter, om havet som rommer sølv og død, men også drømmen om glassgrønt vann og underlige blomster ved fremmede kyster." Frittståande fortsetjing finn du i Brostein. May Liss anbefaler boka på det varmaste!
Etiketter:
Det her e boka mi
tirsdag 1. desember 2009
Håp mellom mektige fjell og rause menneske
Trass i at gåsehuda nuppar seg over dei nyskrubba celullittane under ullstilongsen og fingrane blir numne etter isskraping av bilrutene, lyt det understrekast at den gryande vinteren likevel har sitt å by på. På tur nordover til biblioteket let eg meg kvar morgon imponere av den vakre Lomseggen som kneisar majestetisk over Bergomsfolket. Dette fjellet overraskar stendig med skiftande ljos og farge i takt med årstider og vèrtilhøve, og som ei trolsk dronning ruvar eggen beskyttande over nasjonalparklandsbyen. Når bleik vintersol trillar strålane sine over toppen og snøen helser attende med glitrande stjerneblink, er det reint så ein inngrodd døl blir blank langt utover smilerynkene. Biletet her yter dessverre ikkje Lomseggen rettferd, for synet i dag var nok langt vakrare enn som så, men underteikna lovar å ha kameraet som fast passasjer framover vinteren -kanskje får vi fanga Augneblinken og formidla betre seinare...
I fleire dagar har vi "damene" gått og skula langt etter 3 vel innpakka advents-kalendarar Aud kom seglande med her for ei tid attende. Dei har stått på kontoret og strutta av press om forventing og overrasking under plasten, men i dag starta nedteljinga! Dei 2 som var tidleg på jobb i dag klarte naturlegvis ikkje vente med å bryte forseglinga i første luka til kveldsvakta kom sigande. Eg måtte difor knipe augo som best eg kunne for å halde spenninga i det lengste, men då smaken av søt mjølkesjokalde risla nedetter tungerota kunne eg fredfullt ønskje adventstida velkomen. Tanken om bakst, golvskuring, handel, syltkoking og støvturking ligg enn så lenge godt gøymt langt ned i eit frå før overfullt samvit...
Også i dag har ein raus lånar stilt opp for å dele gode leseopplevingar med oss. Åge Johannes les mykje og lyt seiast å vera særs dyktig til å utforde 3 vise i bokval! Slett ikkje alltid syner det seg at vi har lykkast i utveljinga, og di trivlegare er det når han smilande kan meddele at "dette var ei god bok!" Men når vi først får lånaren på gli, er det ikkje måte på kor mange bøker han kan anbefale andre å fordjupe seg i. Den velskrevne historiske krimboka "Mørk ild" av C.J. Sansom står høgt på lista. Dette er 1. bok i ein serie på 4, der hovudpersonen er ein pukkelryggja advokat som tek på seg spennande oppdrag. Handlinga er lagt til London på 1500-talet, og Åge Johannes meiner det historiske aspektet kombinert med folkeleg språk skrive på ein god måte lyfter boka opp på eit høgt nivå. I tillegg meistrar forfattaren å halde spenninga til siste side, slik at lesaren må lese ferdig. Dagens lånar dreg også fram bøker som "Brønnørreten" av Tor-Arne Moen, "Huset ved moskèen" av Kader Abdolah, samt "Himmelstormeren" av Cecilie Enger. Åge Johannes kjem altså med framlegg om bøker for einkvar smak, og vi utfordrar han (og andre) med dette om å tipse oss vidare -gjerne med kommentarar på bloggen vår...
Medan fullmånen skin utfordrande inn gjennom tynne soveromsgadriner så ein formeleg kan kjenne pelsen strutte under pysjen i svevnlause nattetimar, kan alle anbefalast å kutte ned ventetida med å lesa "Legenden om de fire lysene".
Sentimentalt ulande bloggar: Merete
Etiketter:
Det her e boka mi,
Jul,
Natur
tirsdag 24. november 2009
Kriminelt god lesnad for to- og firbeinte
Som alltid byr ikkje dagen vår på ei einsarta lånargruppe, og det ligg nok ikkje like lett for alle å velja seg den rette boka -og langt verre å tipse andre om det dei har sugd åt seg. I dag kom ein ung, sjarmerande herremann -for høvet i nystrikka, varm genser- vimsande inn døra her med stooor iver. Han sa ikkje stort, det kom berre eitt og anna hese klynket frå dei stramme halssenene, men vi skjøna alle at sjarmøren -som visstnok er ein hund etter bøker- var ute etter ei heilt spesiell bok der han klaska nevene i disken til ei mildt sagt tvilrådig Aud. Etter mykje om og men kom det for ein dag at karen skulle hatt ei strikkebok med oppskrift på leggvarmarar -gjerne eit par (les: to par) som kunne stå i stil den flotte kofta han hadde teke nya av. I frykt for å sende med ei mønster som av ymse grunnar kun ville by på sokkesig og trøbbel med fotstillinga, valde vi denne gongen å sjå nærare på saka... Såleis stetta figuren seg takksam ut att på skjelvande, blåfrosne føter med lovnad om snarleg gjensyn.Dersom du veit om ei god oppskrift på tettsitjande leggvarmarar for godt vaksne herremenn, tek vi med glede i mot gode råd!
Logrande bloggar: Merete
Etiketter:
Det her e boka mi
tirsdag 6. oktober 2009
Det her e boka mi og litt vill vest
Med ujamne mellomrom kjem lånarane våre til å presentere nokre av favorittbøkene sine her på bloggen i følgjetongen "Det her e boka mi". Først ut er Ågot som har valt seg ut "Ufred og oppbrudd", 1. bok i serien "En drøm om jord" av Andreas Eldnes. Boka kom ut i 1988, same år som Målselv og Bardu feira 200-årsjubileum for innflyttinga av rydningsfolk sørfrå. Nybyggjarane kom frå dei store dalane på Austlandet og i denne serien som består av 3 bøker, følgjer vi Trøenfamilien som har lidd under krig og naud i Østerdalen. Vi får oppleva ein saga om slit og forsaking, mot, nærleik og menneskeleg varme. Ågot likte denne serien godt fordi ho fekk ta del i ein slektshistorie som går frå tidleg 1800-tal og heilt fram til nyare tid og fordi temaet er interessant. Mange gudbrandsdølar flytta også nordover til Målselv/Bardu-traktene på denne tida og ein finn framleis spor av dølamål i dialekta.
Elles må det berre nemnast at stemninga stod i taket i skrankeområdet da dei 3 stimla saman for å opne posten i dag. Ut av pakka dumpa nemleg DVD-boksen med Familien Macahan i Ville Vesten. Minner frå tidleg 80-tal strøyma på, frå den gong da NRK var einerådande TV-kanal og plakatar av Luke Machahan, Helten over alle heltar, prega alle ungpikerom og fekk fjortishjarto til å banke litt fortare. I denne saka var faktisk dei 3 samstemte og ein filmaften er i emning. Vi reknar med at det er fleire som er nostagisk anlagte og interesserte i å låne denne...Nostalgisk bloggar: Rita
Etiketter:
Bokomtaler,
Det her e boka mi,
Film
Abonner på:
Innlegg (Atom)

