Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.
Viser innlegg med etiketten Statistikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Statistikk. Vis alle innlegg

fredag 25. februar 2011

"Nå rækna`o de au!"

Mange strekar små...
Vi har så fin ein statistikk å vise til. Heimesnekra diagram med blå søyler prydar veggen bak skranken, og tala er omhyggjeleg dobbeltsjekka i påliteleg statistikk utgjeve av den gong ABM. Eit skriv som er like spennande kvart år. Vi har ikkje så reint lite konkurranseinstinkt på dette området, sjølv om vi veit at ein også skal unne andre medgang etter kvardagsslit og slunken ressurstildeling. Men ikkje minst er vi glad i å konkurrere med oss sjølve. Samanlikne besøkstal og utlån frå år til år, sjå om aldrande kvinnfolk med hjelp av litteraturen framleis er i stand til å hevde seg i kampen om merksemda. Med mindre kledeleg hengefald under skjorteflaka og livsvise furer under panneluggen er vi avhengige av jamnleg stadfesting på at vi i det minste held koken på arbeid.

Trufaste fredagsgjestar
Dei siste par vekene har vi rekna kvar einaste sjel som med eller utan hensikt har forvilla seg inn til oss, ein aktivitet vi føretek oss nokre vilkårlege veker gjennom ymse delar av året. Nytt for året er at folketeljingsskjemaet er delt inn i kjønn. Det er jo ei gjengs oppfatning at kvinner les meir enn menn, og at jenter brukar biblioteket vesentleg meir enn gutar. Med ein vidaregåande skule i same hus -som verkeleg er flinke til å bruke biblioteket både til nytte og pauserom- får vi naturlegvis mange menn "gratis" i rekninga vår, men det gjeld jo i like stor grad kvinner. Kva med alle dei andre?

Menn i kø..:-)
Ut i frå alle strekane vi har på arket frå førre veke, viser det seg at vi har omtrent dobbelt så mange vaksne kvinner som menn innom i løpet av veka. Vi tykkjer likevel ikkje tala ser så verst ut, og har no blått på kvitt prov på at rett så mange menn brukar Lom folkebibliotek. 90 staute karar innom døra vår på èi veke er jo til å få smilehòl i bollekjakane av, og med 178 damer, samt 83 born attåt, er vi verkeleg tilfredse. Framleis er det likevel mange att som enno ikkje har opplevd verdien av å bruke biblioteket, og vi held utrøytteleg fram arbeidet med å misjonere for gammelprestgarden i Lom. De høyrer frå oss!

Omsverma bloggar: Merete

fredag 4. februar 2011

Gratulerer, Mamma (M)aud!

Einsleg på huset er eg nok ikkje. Det er ein mest aldri i gammelprestgarden. Det susar i vassrøyr, slår i dører og tassar over golvet i 2. etasje. Ventilasjonsanlegget surrar og går i den vante, monotone låten ein sjeldan merkar før han brått stilnar om kvelden. Klokka tikkar utrøytteleg kvart sekund avgarde over i neste augneblink. Men i skrivande stund har eg kun mitt eige selskap og ein halvlunken kaffekopp å rive meg på. Ikkje mangt, men det held. Har også tanken om ei fin bok i hovudet, og slikt er gildt selskap. "Minnene ser oss" av Inge Eidsvåg har verkeleg gjort inntrykk på sjelslivet mitt det siste døgeret -ei bok så proppa av tankar omkring mennesket, kva som gjer oss til den vi blir, og kor stor påverknad minna og hugsen har for korleis vi tenkjer og oppfører oss. Filosofi og undring over livet vinkla på ein uhyre interessant og reflekterande måte av ein særs intelligent, men samstundes jordnær, person. Boka ligg i dag på nattbordet og rugar på dei neste kapitla til bibliotekaren tek kveld, så dei vakraste sitata får sin plass ved eit seinare høve.

Eg har eit selskap til. Eit kvitt ark på bordet framfor meg med overskrifta "Mest utlånt på Lom folkebibliotek i 2010". Hmmm...Knausgård, Samartin, Hislop, Jacobsen...ingen store overraskingar. "Bøker for barn"....HÆ?? "Mamma Mø faller og slår seg", "Mamma Mø prøver sklia", "Mamma Mø bygger hytte" på 1., 4. og 5. plass?? Gamle bøker barne- og ungdomsbibliotekaren ikkje har hatt ein einaste bokprat om dei siste 5 åra -minst. Korleis heng dette saman?

Forklaringa er såre enkel. Sjefen og eg har ein fantastisk, varsamt rautande kollega med mjuke horn og struttejur som har gått beint i hjartet på både små og store som har hatt gleda av å oppleve henne i aksjon. Med glitter i horna og rockering rundt vomma sjarmerer denne versjonen av Mamma Mø lomverane så i seink at det gjev overraskande store utslag i utlånsstatistikken. Ei fjør i pelsen til deg, Mamma (M)aud, men i år -kva skal vi finne på i år..? Vi ikler oss ikkje riktig kva det skulle vere, men så lenge det handlar om pels og fjør, nebb og klør, er vi tilfredse. Det blir nok ei råd denne gongen også. Og nye idèar, jau det har vi alltids...
På jakt etter nye eventyr...
Varme ønskje for helga til alle lånarar og følgjarar -med eller utan pels!

Selskapssjuk bloggar: Mimre-Merete

mandag 14. september 2009

Vesle søylediagram på skjermen der...

Vi kunne rett og slett ikkje dy oss, i eit anfall av barnleg glede over utlånet vårt i 2008 måtte vi berre dele dette diagrammet med dykk, vyrde blogglesarar! I dag har sjampagnekorka gått i taket og småsprudlande svevar vi omkring her og kan ikkje anna enn å fryde oss over desse smukke små søyler. Tala kjem fram i Årsmelding for Oppland fylkesbibliotek som dumpa ned i innboksen vår ein dag i førre veke: http://www.oppland.no/Fag-og-tjenester/Fylkesbibliotek/Nyheter/Arsmelding-for-Oppland-fylkesbibliotek-og-Statistikk-for-Opplandsbiblioteka-2008/ I ei stund som denne må vi nytte høvet til å takke dykk alle trufaste og tilfeldige lånarar. Utan dykk hadde dette diagrammet sett heilt annleis ut. Vi set stor pris på dykk, alle som ein, berre så de veit det! Gledeleg er det også at fleire av grannebiblioteka våre i Norddalen er med på topp 10-lista! Det tyder bra for drifta i det norddalske biblioteklandskapet, hipp hipp!

Men intet søylediagram veks inn i himmelen, og når sjampanjeboblene har dovna og vi ser på resultata våre i eit meir edrueleg ljos, veit vi inderleg vel at det ikkje er all kvalitet som let seg måle i tal og ranke søyler. Biblioteket er så mykje meir enn utlån, den gode samtala med lånaren som kjenner seg åleine, småpludringa blant leikande smårollingar i eventyrborga, den gode praten og skratten over ein kaffekopp blant lånarar som treffest og tek seg tid, litteraturen som tenner gløden i små barnesinn under ein bokpresentasjon, det rette diktet til rett person til rett tid. Dette er verdiar som vanskeleg let seg plassere i statistiske målekart, men det er dette som er kvalitet og det skjer rundt omkring i alle bibliotek til ei kvar tid. Kom i hug dette politikarar og kommunale administrasjonar nå i desse budsjettider! Sjå dykk ikkje blinde på søylene sjølv om vi skålar for dei i dag!

I morgon set to av dei vise kursen sørover dalen for å fange opp signaler i tida og fylle på med ny kunnskap og inspirasjon. The destination is Lillyhammer og femfylkerskonferanse! http://www.oppland.no/Fag-og-tjenester/Fylkesbibliotek/Nyheter/Signaler-i-tiden/


PS: FRUKTsjampanje!

Sprudlande bloggar: Rita