Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 4. februar 2011

Gratulerer, Mamma (M)aud!

Einsleg på huset er eg nok ikkje. Det er ein mest aldri i gammelprestgarden. Det susar i vassrøyr, slår i dører og tassar over golvet i 2. etasje. Ventilasjonsanlegget surrar og går i den vante, monotone låten ein sjeldan merkar før han brått stilnar om kvelden. Klokka tikkar utrøytteleg kvart sekund avgarde over i neste augneblink. Men i skrivande stund har eg kun mitt eige selskap og ein halvlunken kaffekopp å rive meg på. Ikkje mangt, men det held. Har også tanken om ei fin bok i hovudet, og slikt er gildt selskap. "Minnene ser oss" av Inge Eidsvåg har verkeleg gjort inntrykk på sjelslivet mitt det siste døgeret -ei bok så proppa av tankar omkring mennesket, kva som gjer oss til den vi blir, og kor stor påverknad minna og hugsen har for korleis vi tenkjer og oppfører oss. Filosofi og undring over livet vinkla på ein uhyre interessant og reflekterande måte av ein særs intelligent, men samstundes jordnær, person. Boka ligg i dag på nattbordet og rugar på dei neste kapitla til bibliotekaren tek kveld, så dei vakraste sitata får sin plass ved eit seinare høve.

Eg har eit selskap til. Eit kvitt ark på bordet framfor meg med overskrifta "Mest utlånt på Lom folkebibliotek i 2010". Hmmm...Knausgård, Samartin, Hislop, Jacobsen...ingen store overraskingar. "Bøker for barn"....HÆ?? "Mamma Mø faller og slår seg", "Mamma Mø prøver sklia", "Mamma Mø bygger hytte" på 1., 4. og 5. plass?? Gamle bøker barne- og ungdomsbibliotekaren ikkje har hatt ein einaste bokprat om dei siste 5 åra -minst. Korleis heng dette saman?

Forklaringa er såre enkel. Sjefen og eg har ein fantastisk, varsamt rautande kollega med mjuke horn og struttejur som har gått beint i hjartet på både små og store som har hatt gleda av å oppleve henne i aksjon. Med glitter i horna og rockering rundt vomma sjarmerer denne versjonen av Mamma Mø lomverane så i seink at det gjev overraskande store utslag i utlånsstatistikken. Ei fjør i pelsen til deg, Mamma (M)aud, men i år -kva skal vi finne på i år..? Vi ikler oss ikkje riktig kva det skulle vere, men så lenge det handlar om pels og fjør, nebb og klør, er vi tilfredse. Det blir nok ei råd denne gongen også. Og nye idèar, jau det har vi alltids...
På jakt etter nye eventyr...
Varme ønskje for helga til alle lånarar og følgjarar -med eller utan pels!

Selskapssjuk bloggar: Mimre-Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar