Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.
Viser innlegg med etiketten Musikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Musikk. Vis alle innlegg

fredag 11. februar 2011

T for Tony ripa djupt i min linjal

Tida for under er slett ikkje forbi! Onsdag kveld vart eg plutseleg 12 år att og fann meg sjølv i eit klasserom på gamle Garmo skule. Lukta var den same som i 82, stemninga au, og eg såg for meg dei som sat rundt meg. Det var dei knøttsmå gutane, erteriset som alltid låg kring kokepunktet for latterutbrot, dei tøffe jentene som hadde begynt å kalle seg ungdommar og digga Gry Jannicke Jarlum og liveterforkjipt-Lars, søte viskvinne Merete som alt hadde hatt mange småkjærastar, og så meg sjølv. Med tannregulering og heimesnekra pannelugg designa av ei som var fødd utan saks i hand. Med kongeblå vest omhyggjeleg kanta med skråband, handmade in fnisete formingstimar på same skule. Med nestenmatchande cordfløyelsbrok som hadde blitt sydd inn i leggene til det maksimale på Husquarna hennar mor. Som regel med eit seriøst blikk på skulearbeid og tilveret i sin heilskap og med ein hang til sjølvkritiske syslar. Som dikta opp ein alibikjærast for å få fred for maset, ein flaug ikkje frå blome til blome for ei veke og så, kjærleiken var ikkje noko ein tulla med! Kan hende står Rita+Johannes=sant fortsatt prenta i høvelbenken, (einskilde av dei knøttsmå var ivrige på erting) noko har aldri vore meir usant, men han hadde lyse krøller og var ovleg vakker kunne eg slå i bordet med når spørsmåla tok overhand. Det var tider, til tider!

Geirr med sjumilsstøvlane
Det var Geirr Lystrup som fekk underet til å skje. Midt under kaffe- og kringlekonserten. Med Kjære Tony korporal kom tolvåringen som kasta over meg. Vi hadde musikklærar med skjegg og trekkspel, og vi hadde trubaduren Geirr buande i bygda. Han spelte saman med musikklæraren i gruppa Godtfolk. Etter harde år med ta-te-ta og ta-va-te-ve, hadde heldigvis songen og dragspelet teke over musikkundervisninga vår. Vi tolvåringane fekk vera heldige kaninar og prøve ut både Lefse, lompe, stumpe, dumpe og Kjøkenmasurkaen i musikktimane.

I dei dagar var det også at The royal marines budde seg på vinterkrig og hadde militærøvingar i bygdene våre. Dei sette sjølvsagt sitt preg på stille grender og mange jentehjarto banka litt ekstra fort for dei grønkledde.
Den søte
Før klippen
Ein stor happening for Garmo pikekor var det difor da vi skulle opptre for den segnomsuste british army. Det var nok ikkje fritt for anna enn at den seriøse også var litt spent på dette, ein kunne jo få praktisert litt engelsk om ikkje anna. Dagen kom og panneluggen var klar for stussing. Den pubertale vart plassert på kjøkenkrakken midt på golvet medan ho mor sjølv i stova gjekk laus med saksa på beste Jensemann-maner. Ho fekk han ikkje bein. Måtte ta litt til her. Og så litt til der. Ein eigenrådig kvervil i front gjorde ikkje saka betre, heller tvert om. Omgrepet skamklipt fekk ein ny dimensjon denne dagen. Sjølvtilliten til offeret også. Det vart korkje hjartebank eller praktisering av det engelske språk, men nokre tiår seinare går det an å le av det.

Slik sat vi der alle med kvar våre historier som visene til Geirr kalla fram. Eg kunne sjå på folket at det var både vakre og vemodige minne som dukka opp. Takk til Geirr og godt publikum som møtte opp til ein varm visekveld i bokheimen!

Bloggar nå utan lugg: Rita

tirsdag 8. desember 2009

Rock around the clock

-eller segle med vinden...


Musikk er noko vi har mykje av her på huset -på fleire vis. Underteikna har lagt bak seg ei lysande karrière som spelemann i prestisjetunge Lom Spelmannslag midt på 80-talet, medan sjefen når stadig nye høgder med si framskridande jodling i hektiske stunder ved kontorpulten. Sistenemnde aktivitet kan til tider ta så av at lånarane framme ved skranken slår blikket ned og gøymer munnsvikene bak oppslegne kåpekragar i dårleg skjult undring over dei klokkeklåre tonane til sjefsbibliotekaren. Aud er litt varsam i demonstrering av musikalske evner, så vi er framleis noko usikre på kvar ho har sitt skjulte talent i så måte.

Musikksmak er heller ikkje noko vi deler syn på slik til dagleg. Rita let seg veldig lett og flyktig rive med av nye, framskridande talent med ymse dialekter og språkleg bakgrunn -då med vekt på høgtsvevande tekster som gjer mellomaldrande husmødre linne i blikket- og brukar alle småpengane ho aldri har til overs på diverse konsertreiser med "gjengen". I det eg konfronterer henne med dette, kjem ho stille inn på kontoret og plukkar fram ein velhandtert konvolutt og syner meg nokre flotte fotografi av ei overlykkeleg dame sprudlande foreviga saman med ymse kjende sangstrupar. Sjølv set eg meir pris på rivande god, rusten 80-talsrock med trøkk som gjev atterljom i veggane. Og Aud...jau, ho er som vanleg solidarisk med oss båe, og meiner at det er så mangt som kan vera pent...

Slike motstridande interesser gjer musikksamlinga vår til ei ævleg plage for oss alle 3 -ingen har hjartelag til å kassere fullt brukbare cd`ar. Då eg hadde mine første arbidsdagar her på biblioteket hadde vi all musikken vår samla i 6 snodige rom i ei nett, lita kasse som nådde ein gjennomsnittleg vårdøl på halvannan meter til livet. (Både sjefen og underteikna er vårdølar, men Rita er nok utvatna med noko edlare blod, då ho kan skilte med modellang skrott -i rak motsetning til ei stutthalt, pukkelryggja smedkjerring...) Snart var denne kassa så smikkfull av musikk at det var reint umogleg å plukke cd`ar for utlån, og slik er ikkje bra for statistikken. Sjefen laut handle! Dette er så lenge sidan at vi den gongen handla via ein handfast katalog der vi reiv ut bestillingssida og faksa trygt til seljaren, Valet fall på nokre snertne, veggmonterte "puttekasser" der ein med eit lett "tastetrykk" på cd`ane kunne sprette fram ein og ein cd etter ønskje. Damene var tilfredse!

Etter ytterlegare nokre månader vart derimot også desse kassene på merksnodig vis sprengfulle av kvalitetsmusikk, og Rita bestemte seg for å slå på stortromma. Etter mykje om og men vart vi einig om å kjøpe ei gild cd-krybbe til ein fyldig pris frå eurobib, og vi såg musikksamlinga som redda i uoversiktleg framtid. Men som spåkoner ville nok ikkje dei vise gjort det særleg skarpt, nei... Situasjonen i dag er ei stor, moderne cd-krybbe som tyt av ymse musikk i alle sjangrar, ei overfull musikkasse der cd`ane ligg samanklistra som juleansjos utan plass til lake, samt fleire rader magasinert musikk -vel teke hand om på "kottet". Og sendingane frå norsk kulturråd strøymer på...

All denne ommøbleringa i musikksamlinga vår har etter kvart ført til eit system som no er så uoversiktleg rotete at sjølv ikkje den mest garva bibliotekar har sjangs til å finne att etterlengta cd`ar. Det blir såleis ganske tilfeldig kva for musikk som blir lånt ut, og dersom ein lånar kjem og spør etter ein spesiell cd, er det mest så eit knøttlite, vist kvinnfolk blir tjukk i halsen og sveitt i nevane... Vi har med andre ord eit delikat nyttårsforsett om å strukturere musikken vår inn i eit system som både tilsette og besøkjande vil finne tenleg. I mellomtida kan 3 vise tilfredse sameinast om at "Julekveldsvisa" og "Romjulsdrøm" let godt for øyro -uansett! Og lånarane oppmodast med dette om å ile til biblioteket for å låne både høgthengjande og jordnær musikk -alt etter smaken...

Bloggar: rustne Merete utan strengjer

mandag 29. juni 2009

...and the living is easy


"Summertime" har sett den eine vise i skikkeleg Sørstatsmodus om dagen. Sørstatane i USA med sitt slaveri og eit klasseskilje som har vara ved heilt fram til vår tid, representerer ein del av historia til den kvite mann som vi ikkje kan vera særs stolte av. Men nauda og lidinga har avla stor kunst og litteratur som vi kan gle oss over og kanskje også lære noko av. Fleire bøker og filmar tek oss med til Alabama, South Carolina og New Orleans, og dei gjer det på ein slik måte at du nærmast kan kjenne luktene, høyre lydane og ane sørstatsstemninga heilt opp hit til det fjellhøge nord. Les bøkene og gje deg ut på ei reise i tid og rom.
La temperaturen (31 på kontoret nå...) og Ella hjelpe deg med take off:
http://www.youtube.com/watch?v=AoPlAe23Ruo

So hush little baby, don't you cry...

Bok-/film-/musikktips:
Elskede av Toni Morrison
http://asp.bibits.no/lom_fb/wsRecInfo.Asp?UnitId=0&DocGrp=0&SearchUnitId=0&LoanUnitId=1&comb=AND&sString=FT=slaveriAND%20searchUnitId0&page=&idno=52721&showThisInfo=FSREVIEW#TabBar

"Noen kjenner mitt navn" av Lawrence Hill
http://asp.bibits.no/lom_fb/wsRecInfo.asp?idno=60446&UnitId=0&DocGrp=0&SearchUnitId=0&LoanUnitId=1&comb=AND&sString=FT=slaveriAND%20searchUnitId0

"Bienes hemmelige liv" av Sue Monk Kidd
http://asp.bibits.no/lom_fb/wsRecInfo.asp?idno=50285&UnitId=0&DocGrp=0&SearchUnitId=0&LoanUnitId=1&comb=AND&sString=Hyper=Kidd,%20Sue%20MonkAND%20searchUnitId0&page=

Alltid like lesverdige "Onkel Toms hytte" av Harriet Becker Stowe

Frå seinare tid:
"Blikktakblues for New Orleans" av James Lee Burke
http://asp.bibits.no/lom_fb/wsRecInfo.asp?idno=57195&UnitId=0&DocGrp=0&SearchUnitId=0&LoanUnitId=1&comb=AND&sString=FT=blikktakbluesAND%20searchUnitId0

Stekte grønne tomater (film)
http://www.bokklubben.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=3823164

Og til slutt litt gospel:
"Gospel children of New Orleans"
http://asp.bibits.no/lom_fb/wsRecInfo.asp?idno=45303&UnitId=0&DocGrp=0&SearchUnitId=0&LoanUnitId=1&comb=AND&sString=FT=jazz%20childrenAND%20searchUnitId0

Bloggar: Rita

mandag 11. mai 2009

When words are not enough...

I dag kom eit sendebod plystrande inn døra med pakke til oss att. Pakker kan me lika og det er ofte kamp om kven av oss som skal få opne dei. I dag var eg litt for rask for kollegaen min, treiv pakka med meg inn på kontoret og fekk gleda av å finne over 40 nye CDar der. I Lom er vi så heldige at vi er blant dei utvalde biblioteka i landet som er med på innkjøpsordninga for nye norske fonogram frå Norsk kulturråd, og vi mottek 150 - 200 CDar i året med norsk musikk.

Med fare for at hugsen min spelar meg eit puss att, så meiner eg det var Leonard Cohen som ein gong uttala noko slik som at "når orda ikkje strekk til, kan tonane ta over." Det var iallefall fyrst når han tonesette dikta sine og framførte dei med si forførande røyst at han slo igjennom og på den måten fekk gjort diktinga si kjend. Det er nok mange av diktbøkene i hylla vår som sjeldan eller aldri er utlånte, som innheld skjulte skattar, og takk Gud, Cohen eller "kim det nå var" som kom på ideén om å setja melodiar til dikta hans!

Svært få norske lyrikarar av i dag er allemannseige og "brukskunst" dersom dikta deira ikkje når ut til folk i musikalsk form. Norske grupper som Vamp har vore flinke til å bruke tekstar av nålevande vestlandspoetar som Kolbein Falkeid, Ingvar Hovland, Arnt Birkedal og Per Olav Kaldestad for å nemna nokre. På det lokale planet har "De plagede" med suksesskabareten "Diktarplager" på ein framifrå måte gjort sitt for å nå ut til massane med tonesette dikt av våre lokale forfattarheltar. Ispedd ein god porsjon humor har dei ufarleggjort den "skumle" kanskje litt høgtravande lyriske diktinga, og gjort ho tilgjengelege for langt fleire, både yngre og eldre.

Så i dag slår vi eit slag for lyrikken og musikken og det poetiske sinn, og vi håpar at mange kjem og plukkar med seg av dei nye CDane våre (og gjerne av diktbøkene også). Eg har plukka eit par CDar sjølv, men i bilen min er det namnesyster Eriksen med si tolking av Sønnavindsvalsen som går om att og om att og heime er det Lars Winnerbäck med dom underbara texterna som snurrar i spelaren, og eg veit ikkje om eg er klar for Eject korkje her eller der enda...

Bloggar: Rita-wish-I-was-Eriksen