Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.
Viser innlegg med etiketten Bamsedagen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bamsedagen. Vis alle innlegg

tirsdag 2. november 2010

Pinnen eller binnen i vårt liv

Det er framleis ein hektisk kvardag her på bruket, men slettes ikkje på nokon slitsam måte! Vi har det berre moro - tapas og bokbad med vaksne gjestar vart avløyst av bittesmå, tålmodige, komande lånarar som heldt seg til litteraturen i dei nederste hyllene - for her fekk vi heisa oss opp på kne - såpass at vi kunne få tak ei bok eller fleire må vite. Vidare har Knerten gifta seg, ein ny familiefilm basert på Anne-Cath.Vestly sine udødelege barnebøker om Lillebror og Knerten har vore vist i Lom denne veka. I denne historia blir mor blir påkjørt av en mystisk sjåfør og ender på sjukehus. Lillebror og Phillip er heime ålene, og Knerten forelskar seg i den smellvakre bjørkekvisten Karoline…Knerten er pinnen i hennar liv. Og det blir giftarmål på desse to kvistane med så mykje liv i seg - les meir i bøkene - vi har dei!


Vi har ikkje før fått gifta bort ein stivbeint Knerten, før ei vesentleg mjukare forsamling inntek hyller, bord og stolar i bibliotekets barneavdeling. Vi har nemleg bamsedag i dag! Avdelinga sine eigne innbyggjarar får mykje besøk av små og store bamsar, og andre kosedyr, for og feire denne dagen. Vår eminente og særs barnevennlege bamsedoktor kjem også i år på besøk, med trøstande ord, plaster og passande, søte små pastiller som kan lege det meste. Skulle ikkje det virke etter resepta, deler vi ut bamsemums til alle våre bibliotekvenner i dag! 


Tre vise kvinner, eller for anledninga; binner, er også av det mjuke slaget. Ikkje berre let vi oss rive med i ungane sin verden, men enkelte av oss også svært mjuke i kantane - og for liksom å understreka det, tek vi på oss kostyme for å sjå verkeleg mjuke ut.
Medan to tredjedelar av oss sit på kvart sitt kontor med ymse bamseoppgåver, iført lausøyro og værhår, streifar den mellomste av oss rundt i lokala våre, på leit etter lånarar som vil ha bamsemums. Enkelte blir faktisk vippa litt av pinnen av denne sjarmerande binna som blunkar så inderleg medan ho ynskjer ein god bamsedag...


Enkelte tykte vi ligna på mus i dag, derfor ein fin liten trudelutt av Kurt Foss og Reidar Bøe som avslutning på dagens blogg - om den passar? Tjaaa, det får du avgjere sjøl!






Dagens musebinne-bloggar: Aud - som ynskjer deg ein fin bamsedag!!






fredag 30. oktober 2009

Når sjefen er borte, dansar binnene på bordet

Tysdag feira vi den internasjonale teddybjørndagen på biblioteket. Eller det vil seie, sjefen reiste til Hamar, utan slakt, men med håp om å lære noko om å lage digitale forteljingar til nettstaden Digitalt fortalt. Sjefen hadde ikkje før left the building, før dei to vise som var att kledde seg i sine mest utfordrande binnekostymer og inviterte McTeddy til å hospitere på biblioteket som bamsedoktor. Medan den digitalt bortkomne var på desperat jakt etter Fylkeshuset i jungelen av vegkryss og omkøyringar i Hamars gater (ja da, veit det ikkje er eigedoms -s på nynorsk, men i bloggen er tøylene friare, høgda på taket når til himmels og det høyrest betre ut!), tikka den eine biletmeldinga etter den andre inn og fortalde om kor fortreffeleg kosleg denne trioen hadde det når sjefen var borte, til og med bamsemums hadde dei mumsa seg med! Dette var dei vel unt og omlag 150 besøkjande kosa seg saman med dei i løpet av dagen. Eit 40 tals bamsar og binner fekk stilt diagnosene sine, fekk plaster på såra og tabletter for resten.Leo som bibliotekbamsen i år heiter, var så heldig at han vart vunne av denne vesle frøkena som heiter Vårin. Før han reiste i går, kviskra han til oss at han følte seg priviligert som slapp å bli liggjande på eit kott med gråpapir rundt magen, han følte seg rett og slett som ein rik bamse i den rette forstanden av ordet. Vi håpar desse to får mange koslege stunder saman!

Bloggar so far: Digitalt fortapte Rita



Ja, dette var sjefa sin versjon av den minnerike dagen... Men tenk å reise ut i verda på karrièrejag og la to fyrrige binner bli att einslege med Mc Teddy, da! Når slik ein kvitkledd stramming kjem svevande inn i lokala våre med stetoskop rundt nakken og bamsemedisin i lomma, er det reint så ei sveitt, lita bjørnemor blir mo i knea, må vite... Det var såleis ei lukke at eit mystisk syndrom hadde slått føtene under rett så mange småbjørnar i Lom denne haustkvelden, slik at Mr Handsome hadde timelista fullteikna heile eftan. Binnene kjende seg faktisk så friske og opplagde at dei slapp legesjekk denne gongen, noko som truleg skuldast all den gode "medisinen" vi til stadigheit får servert av dei friviljuge frå nede i kjellaren. Fleire gonger i veka er vi nemleg dei heldige utvalde som får restane frå ymse aktivitetar i underetasjen, og i dag fleska Aud den Gode til med veldandert fruktcoctail i lekre koppar, samt vaflar og herleg Mor Monsen til fredagskaffen! Som sagt så mange gonger før: FOR ein arbeidsplass!


Ei ekstra helgehelsing går i dag til dei spretne elevane på vidaregåande som veit å nytte biblioteket sitt -og som tydeleg set pris på handleimpulsane til biblioteksjefen. Skikkeleg trivleg med ungdom og liv i leiren!


Bloggar : Merete Bjørnemor

lørdag 5. september 2009

Pakke i posten


Vi to "små-vise" innser at Den Store Vise her på huset til tider kunne ønskje seg fleire aktive skrankevakter der ho får utløp for sin utprega sosiale sans og kan briljere med djuptgåande innsyn i ny verdslitteratur. Små og store samfunn er no eingong derimot bygd opp slik at dei store, kunnskapsrike damer og herrer blir forvist til djupe skinnstolar bak blankpussa bordplater (les: overfylte, støvete bakrom...) der dei til einkvar tid skal dra i dei riktige trådane og tråkle hierarkiet under seg saman til ein formålstenleg vev til det beste for allmenta. Slik sett ER oppgåvene her på huset rett fordelt, kjære kollega R -men det er klart at den småfillete skrankekrakken står til sjefen si disposisjon når trongen riv som hardast bak på kontoret.

Når postmannen kjem på si daglege runde trallande inn døra her, eller ein kjekk sjåfør vil ha signaturen vår på at vi har motteke pakke, er derimot alle dei 3 vise raskt på plass ved disken her framme. Det er berre å vedgå at ingen av oss ser ut til å vekse frå den barnlege gleda som sitrar forventingsfullt gjennom skrotten kvar gong løyndomsfulle postpakker dukkar opp mellom rekningar, tidsskrift og flugeblad. Heldigvis har ingen enno hatt hjarte til å fortelje oss at ei postpakke til eit bibliotek i 99% av tilfella inneheld bøker... I går var bibliotekar R som vanleg raskast på labben då pakkene dala ned på skranken, og gleda stod som tårer i augo på henne då ho varsamt hjelpte 2 sjeldant søte teddybjørnar fram i ljoset ut frå den eine pakken! Visst har bibliotekbamsane vore søte og gromme tidlegare år, men Leo, som den vesle bjørnen i år heiter, slår alle rekordar! Vi gler oss stort til å lodde ut den eine av bamsane på Teddybjørndagen, men er på same tid lykkelege over å kunne ha den andre Leo buande hos oss på biblioteket saman med dei "gamle" bjørnane i dokkehuskroken.



Sidan tidleg i vår har vi også hatt ein annan teddy losjerande på biblioteket. Han låg så trist att her ein efta etter stengjetid, og sidan har han fått sitje på utkiksplassen bak skranken for å speide etter ein ulykkeleg eigar på leit etter sin kjæraste venn -utan resultat... Bamsen hugsar ikkje heilt kvar han bur, men ber preg av mange kosestunder og inngåande, fortrulege samtalar med sin eigar. Kanskje ein av blogglesarane våre dreg kjensel på den attgløymde kameraten og kan formidle kontakt vidare til ein ulykkeleg tass?

Bloggar: Brumla M