To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

lørdag 5. september 2009

Pakke i posten


Vi to "små-vise" innser at Den Store Vise her på huset til tider kunne ønskje seg fleire aktive skrankevakter der ho får utløp for sin utprega sosiale sans og kan briljere med djuptgåande innsyn i ny verdslitteratur. Små og store samfunn er no eingong derimot bygd opp slik at dei store, kunnskapsrike damer og herrer blir forvist til djupe skinnstolar bak blankpussa bordplater (les: overfylte, støvete bakrom...) der dei til einkvar tid skal dra i dei riktige trådane og tråkle hierarkiet under seg saman til ein formålstenleg vev til det beste for allmenta. Slik sett ER oppgåvene her på huset rett fordelt, kjære kollega R -men det er klart at den småfillete skrankekrakken står til sjefen si disposisjon når trongen riv som hardast bak på kontoret.

Når postmannen kjem på si daglege runde trallande inn døra her, eller ein kjekk sjåfør vil ha signaturen vår på at vi har motteke pakke, er derimot alle dei 3 vise raskt på plass ved disken her framme. Det er berre å vedgå at ingen av oss ser ut til å vekse frå den barnlege gleda som sitrar forventingsfullt gjennom skrotten kvar gong løyndomsfulle postpakker dukkar opp mellom rekningar, tidsskrift og flugeblad. Heldigvis har ingen enno hatt hjarte til å fortelje oss at ei postpakke til eit bibliotek i 99% av tilfella inneheld bøker... I går var bibliotekar R som vanleg raskast på labben då pakkene dala ned på skranken, og gleda stod som tårer i augo på henne då ho varsamt hjelpte 2 sjeldant søte teddybjørnar fram i ljoset ut frå den eine pakken! Visst har bibliotekbamsane vore søte og gromme tidlegare år, men Leo, som den vesle bjørnen i år heiter, slår alle rekordar! Vi gler oss stort til å lodde ut den eine av bamsane på Teddybjørndagen, men er på same tid lykkelege over å kunne ha den andre Leo buande hos oss på biblioteket saman med dei "gamle" bjørnane i dokkehuskroken.



Sidan tidleg i vår har vi også hatt ein annan teddy losjerande på biblioteket. Han låg så trist att her ein efta etter stengjetid, og sidan har han fått sitje på utkiksplassen bak skranken for å speide etter ein ulykkeleg eigar på leit etter sin kjæraste venn -utan resultat... Bamsen hugsar ikkje heilt kvar han bur, men ber preg av mange kosestunder og inngåande, fortrulege samtalar med sin eigar. Kanskje ein av blogglesarane våre dreg kjensel på den attgløymde kameraten og kan formidle kontakt vidare til ein ulykkeleg tass?

Bloggar: Brumla M

2 kommentarer:

  1. Eg trur faktisk denna fyren der bur i Trondsonstugu/Nereggje.... Og er Sunniva og Vegard si attgløyme. Kjende att den lause tråden i skallen sist eg var på besøk. Håpar han har lese seg godt opp på barnefortellingar og har mykje å berette når han blir henta heim. Mvh Ingvild

    SvarSlett
  2. Yes!!! "Bamsi" er komen heim! Kjempestas å sjå at godklumpen fekk bli med heim til si eiga seng og ein trygg, kjent armkrok! Det hadde vore artig å vore fluge på veggen når Bamsi og eigaren fortel kvarandre kva dei har opplevd dei siste vekene, men vi kan forsikre mor om at teddy har fått med ei rik ballast av ymse munnleg forteljarkunst etter losjeringa på biblioteket...

    reservemor Merete

    SvarSlett