Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.
Viser innlegg med etiketten Olav Aukrust. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Olav Aukrust. Vis alle innlegg

tirsdag 26. mars 2013

Vårblå himil i mars

Even Lusæter les. Foto: mostlys-dikt.origo.no
I dag måtte vi berre samkøyre med fjelldiktbloggen Ord om fjell. Her legg vi ut fjelldikt i tekst, lyd og bilete kvar fredag. Og tysdag i påskeveka.

God påske!

Vårblå himil i mars
av Olav Aukrust

I stekkja, nedsnøa fjellskog gøymde,
var kjervi utrivne, lasset lesst.
Eg låg på lauvlasset, dorma, drøymde,
og morgonstjerna stod bleik i vest.
Og hesten lunka, og bjølla singla,
det song so vakkert i massing-dingla:
Å linge-ling, linge-linge-lan-
tobak og pipe, so går det an!

Eg låg på ryggen og såg på røyken
vart blåe risar og rare dyr.
Og heid og himil og eg og øyken
og alt ikring oss vart eventyr.
Kva er so gufsande friskt og godt som-
og mildt og drivkvitt og reint og blått som-
- å linge-ling, linge-linge -lei-
ein vårblå himil og mars på heid!

Det skein og blenkte so hål ein blåne,
der slede-meian' på vegen rann.
Og uthengd var det so blank ein måne,
og alt var vakkert og vel i stand.
Det var so inderleg mjukt og mildt, at
det rann so inderleg mjukt og stilt, at
- å linge-ling, linge-linge-lo-
all skog og vigge som fjetra stod.

Og grønt var lasset, og kvit var skogen,
og raud var himil'n i aust å sjå.
Og mi var stundi, og vårleg hugen,
og vakker ho som eg tenkte på...
Ho Guri Jukule, vakker-jenta,
kven var det, tru, som ho gjekk og venta?
Ja linge-ling, linge-linge-lan-
de'm ein fynge ho, ljote alt gå an!

Stekkje: Lauvstekkje

Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 222

tirsdag 22. mars 2011

Ord om fjell


21. mars 1999 innførte UNESCO Verdens poesidag for å skape merksemd kring lesing, skriving og publisering av poesi over heile verda. Lyrikkbøkene er ikkje dei som skrik høgast korkje i media eller i bokhyllene rundt om i biblioteka våre. Dei vert ofte overdøyvde og gløymde i ein hektisk konsumkvardag. Det er som oftast når det kjem til dei store merkedagane, når livet er i ytterstilling, at vi søkjer sanninga i dikthylla.


Her i Ottadalen er det fostra mang ein lyrikar opp gjennom tidene. I Lom har vi Olav Aukrust og Tor Jonsson som dei mest kjende. I tillegg har Jo Turtumøygard, Lars Runningen, Lisbet Venås og fleire med dei gjeve ut eigne diktsamlingar. Om det er ei lyrisk åre som fylgjer det turkise brevatnet nedetter dalen, om det dei høge fjella som omkransar oss, om vi har ei omgangsform som er særskilt karrig på godord og kjærteikn, med ei dialekt som manglar ordet kjærleik, om det er dette som skapar dei gode vekstvilkåra for poesien, sjå det blir berre spekulasjonar.

Biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen har i alle høve valt å setje fokus på dei lokale lyrikarane våre gjennom prosjektet "Ord om fjell". I tråd med regionen si satsing som Nasjonalparkrike, har vi samla rundt 300 dikt og små tekster om fjell og fjelliv. Dei fleste dikta er skrivne av lokale forfattarar. Vi har henta inn løyve til å publisere dikta på nettet og ein del av dikta kan du også få høyre opplese av lokale utøvarar. Prosjektet er støtta av Oppland fylkesbibliotek og Regionrådet for Nord-Gudbrandsdalen. Lanseringa av prosjektet skal gå føre seg i starten av mai. Her får du ein liten smakebit. Nedst på sida ligg lydfila der du kan høyre viskvinne Merete framfører diktet.

Bu

Alle foto: Rita Mundal
Vegen var gådd.
Varden var nådd.
Der kjende eg sæl,
der skyna eg vel:
Mitt liv må eg liva i kjærleik og tru.
No vil eg min vegen til bygder att snu.
Eg vil byggje min fridom eit bu.

Ikkje hus eller hytte,
hall eller horg.
Ikkje attlæst kloster,
slott eller borg.-
Ikkje byliv med gatur og torg.

Men mot himlen ein blånande
rein katedral,
med spir upp mot stjernur
i titusundtal,
og med tropp upp i fager spiral.

Ifrå hjartans grunn,
gjennom draum og mystikk,
strøyme lovsongen rein,
rise lengsels gotikk,
råde kjærleikens eigen logikk.

Eit upplyst tempel:
eit kjærleiks-sinn,
der gjevande geislar
går ut og går inn
med trui som vågar og vinn.

Ikkje rikdoms trå
i fortærande jag,
men nøgd med Guds nåde
som ny gjev kvar dag
eit strålande riddarslag.

Ikkje armodi myrk,
ikkje trældomsliv.
Men eit friviljug fatigdoms
fritt gjevne liv,
ja, eit åndeleg fjellbu-liv.

Olav Aukrust
Himmelvarden, Gyldendal, 1916, s. 351

http://dl.dropbox.com/u/8579839/Bu%20av%20Olav%20Aukrust%20Merete%20Byr%C3%B8ygard.mp3

Bloggar: Rita

mandag 24. august 2009

Like heilag Olav?

Ja ja, så har det kome for ein dag. Naturskalden framfor nokon, denne fjell-Norigs inste upphavlege røyst, hadde fleire inspirasjonskjelder for diktinga si enn fyrst anteke. Det var nok ikkje berre festarmøya, kragg og trollskog som gjorde at hugen hans "slo til himmels som eit frodigt jonsokbål" eller som var mål for hans "hjartans inste lengslur". Han plukka sine "løynlege gledurs tindrande tusundfrygd" gjennom livet, men opplevde nok óg nifse netter og "mang ei sorg i hjartans grunn" når "livet stri´r som villast og alt er natt som stillast." Han leid nok sine kval og tok ikkje så lett på det, Aukrust!

Dette kjem fram i den nye biografien "Ørneflukt og ormegard" skrive av Jan Inge Sørbø. Olav var dregen mellom dei to kvinnene på Blekastad, kona Gudrun og systera hennar Margit. Ei langvarig og intens korrespondanse mellom diktaren og Margit fortel om eit eksplosivt trekantdrama som pågjekk store delar av Aukrust sitt vaksne liv. Biografen har fått tilgang til fleire nye kjelder i form av brev, notat og kladdebøker. Utan spekulative undertonar får han fram korleis det innfløkte familie- og kjærleikslivet til poeten har sett spor i diktinga hans.

Vart han mindre heilag av desse avsløringane, Olav? Vi tre vise spør helst, vårt kall er ei at dømme i slike saker. Det vi kan fastslå er at slike kjærleiksdrama har skjedd før og nok også vil skje igjen og at "hjartans lengslur" ikkje alltid let seg tøyle av fingerringar og fagre løfte. Vi har nokre hyllemeter om temaet her i huset! Og snart har vi også Aukrust-biografien på plass så da kan de koma å låne han og dømme sjølve. Vi skal iallefall ikkje sjå bort i frå at det kom nokre positive biverknader på det kunstnariske plan ut av det strabasiøse kjærleikslivet hans, nokre "heilage" dikt står att etter kvalene:



"Å kven var du som mitt hjarta gjesta
so mjukt og strålande varmt og rikt
at ingen ting meir på sæla resta-
all dagen var meg eit heilagt dikt!"

PS: Sjå dei vakre kvinnene som dreg i han på biletet over, ikkje rart han vakla stakkar!

PSS: Nå kan de kommentere bloggen vår utan å opprette Google-konto fyrst!

Bloggar: Rita

(Tekstutdraga markert med "" er henta frå dikta "Natt som stillast", "Avdaga", "Still meg ei storvengja sorg overskygde" frå "Olav Aukrusts beste" (Samlaget, 1993). Vi har fått løyve frå Samlaget til å bruke omslagsbiletet til biografien i bloggen (fotograf: L. Forbech, utlånt av Ingrid Aukrust). Tekstene til Olav Aukrust er meir enn 70 år gamle og har falle i det fri.)