Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.
Viser innlegg med etiketten Forfattarar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Forfattarar. Vis alle innlegg

tirsdag 3. juli 2012

Turen som redda Ibsen

Loms Prestegaard 3. juli 1862:

"De første Dage af Juli kom Henrik Ibsen til Loms Prestegaard. Han havde faaet et lidet Stipendium "for at samle og optegne Folkeviser og Sagn i Hardanger og Sogn". Ibsens Digterry fløi jo allerede den Gang over Landet. "Gildet paa Solhaug" havde været opført paa Kristiania Theater og "Hærmændene paa Helgeland" været offentliggjort i "Illustreret Nyhedsblad". Det var derfor med ganske store Forventninger, vi hilsede ham som Gjæst. Nogle Guldkorn maatte der vel blive at plukke, nogen Aandsforfriskelser at hente. Men nei, Gjæsten var taus og tillukket og alle vore Anstrengelser for at bringe ham paa Glid uden Resultat. Selv min Far gik  dengang forgjæves i Ilden, og vi havde en Følelse af, at vor Digter forlod Prestegaarden ligesaa fremmed, som han kom. Det var mig derfor en glædelig Overraskelse, da Henrik Ibsen 15 Aar efter, ved Jubilæet i Upsala mødte mig som en gammel Bekjendt med en levende Erindring om Sommerdagene paa Loms Prestegaard.

Fra Lom drog Ibsen hin Sommer over Sognefjeld i følge med min mand, der skulde til Bergen. Ibsen blev saa overvældet af Fjeldverdenens storslagne Indtryk, at han ganske glemte Høisommeren og spurgte min Mand: "Tror De det er grønt, naar vi kommer ned i Sogn?" Det antages ogsaa, at Billedet af Fanaraaken har staaet for ham, da han skildrede "Iskirken" i Brand, ligesom  Fortællingen om Mari Graffers Pengesedler i Sengen under Dødskampen er benyttet i Skildringen af "Brands" mor.
Elise Aubert: Fra de gamle Prestegaarde

Unge Henrik (34) drakk og hadde sjølvmordstankar. Fjellet vart redninga. På denne turen gjennom Gudbrandsdalen og over Sognefjellet teikna han, skreiv dagbok og fekk inspirasjon både til Peer Gynt og Brand. Det var også her i Lom han møtte "Bøygen" for fyrste gong, den merkelege og ukjende hindringa som også Peer Gynt møter. Ibsen skreiv i dagboka: "...det mærkelige punkt i Bøverdalen hvor alle udveie synes at Stænges av fjellsidene. Dalføret er igrunnen ikke andet end en revne mellem bugtede, uhyre, sønderrevne fjeldmure og nedstyrtede tinder og bergstykker, så store at man kunde udhule en heel domkirke i mange af dem."
A-magasinet 4. august 2006 (heile artikkelen: Turen som reddet Ibsen vil bli lagt ut seinare.

Over Sognefjellet hadde Ibsen følgje med bonden Sølfest Erikson. Han hadde kutta dei slitte buksene sine ved knea. Sognebonden tykte ikkje han var høveleg kledd for høgfjellet og kjøpte på han solide vadmjølsklede og raud dølalue. Han følte seg nesten som ein nisse der han vandra opp solsida i Bøverdalen tidleg den 4. juli 1862 før dei søkte ly i Hervassbu. Her fortalde bonden om veidemannen som vart borte i fjellet hundre år tidlegare, og om rifla hans som vart funne ved brefallet. Slikt blir det verdslitteratur av:

Gå aldri dit; et vindstøts kast
har tidt nok voldt at breen brast;
et skrik, et rifleskudd er nok -

Frå siste scene i Brand.

Fannaråken
Rita 



tirsdag 26. juni 2012

Sommar til tider hau hau

Det er sommartider hau hau, og den barne- & ungdomsvise er sikkert i ferd med å nå ein av toppane nær Tesse med smed og bikkje på slep. Om ho ikkje ligg og slangar seg i ei eller anna fjellkjørr, høyrer gauken og talar i tiriltunger. Ho har det med å bli høg på fjell. Nede i den tronge dal trippar også den eldste viskvinna ivrig mot ferietid. Berre ein dag att, så er ho min santen der ho og.


Det er ikkje morosamt å drikke sin morgonkaffi i einsam majestet på bakrommet og dele ein kjeks med seg sjølv. På ei anna side får ein lov å vise seg framme i manesjen litt meir nå for tida. Ein får treffe heimvende studentar, turistar som på ulike tungemål lurar på WiFi, spreke lomverar som skal turorientere seg i eige rike, småbarnsfamiliar som skal gardere seg med lydbøker på dei bratte bilturane, dei to små systrene som etter eit barnehageår pratar flytande lomver og har nye rosa vesker og leikarstell i eventyrborga, lærarar og sjukepleiarar i kriminelt feriemodus og Sommar+Bok-lesarar med glitter i augo som har lese 31 bøker på 2 dagar og jammen skal vinne ein iPad3 på utpust og innpust. Ein føler seg trass alt priviligert.

Til helga startar Ibsen i Lom 150 år-markeringa med opning av utstillingar. Inne på biblioteket blir det stilt ut teikningar frå Voyage en Norvège 1856 av Fritz von Dardel som skreiv dagbok og teikna til frå si reise gjennom store delar av i landet i 1856. Teikningane frå s. 121 og utover syner motiv og klesdrakter frå vårt nærområde, Lom stavkyrkje ser du s. 125. Gangen vår skal kles opp med plansjar frå Ibsen si reise gjennom Gudbrandsdalen og over Sognefjellet i juli 1862. Reisa avla eit ikkje så reint lite stykke norsk litteraturhistorie, sidan det var på denne turen han fekk inspirasjon til både Peer Gynt og Brand. Hovudmarkeringa av jubiléet skal gå føre seg Olsokhelga. Herr Endre Skjåk skal dramatisere Ibsens besøk her i den gamle prestegarden kor han overnatta hos presten Julius Aars. Prestedottera Elise Aubert har skildra besøket og livet i den gamle prestegarden i boka Fra de gamle Prestegaarde. Det blir foredrag, Olsoktale ved leiar for Ibsenmuséet Erik Edvardsen og Til bords med Ibsen på Fossheim, i tillegg til den tradisjonelle Olsokmarkeringa.

Enn så lenge håpar ein på eit snev av varme og mange hyggelege bibliotekbesøk frå fjern og nær utover sommaren. Vi har ope 10.00 - 14.00 måndag til fredag bortsett frå 15.00 - 19.00 tordagar. Ta deg ein tur da, vel!

Rita

fredag 25. mai 2012

Du er vår mann, Alf!

Du er vår mann, Alf.
Mann for pinnsvin
i grøftekanten
for museflesk og bringebær
for dropspapir
og oss som liker søtt
for teskeikjerringer og håse bikkjer
og ørende små musunger
Hutsj! Utom glaset med hosoa!
For den første løvetann
og speil i sølepytten
for Kari og Ola
og dompapp og snille stjerner
for redde eplekarter
for lyse-lyserøde snuter
og slett tid flyr rett forbi
for kjærest på en stol
for a jordmor-Matja
for griskokken og a Staslin
for a Marte og n Baldrian
og vinterluer med blåveis i
for gærne jinter
med sukker på
for ungkarssorg
og hjerter som tapte
for tre flinke og han som er god
særlig for han er du mann
for Nøtteliten
for 24 blåbær i et lokk
for bjørner uten silkeband
for trassnakker og bortglømte gutter
for redde hender og kløyva ord
for lengsler å spekulere i
for Jørgen og Lea og
og grønt gras
hører du harper slå?
for sprøkkin hålk
for beksemsko
og strømper klare som dagen
for kamferdråper og kjærlighet.
Du er vår mann, Alf.

Kva var Norge utan deg?
2014 skal stå i ditt teikn her hjå oss.

Rita

Og denne lærdommen ska du sanse, d'er eilder farli for den som deinse: http://www.youtube.com/watch?v=F1bP2EVXANQ&feature=related

God pinse!



tirsdag 6. mars 2012

Og lange, fine bukser hadde han

Det var berre denne gleda. Over 6. klassingane som skal tileigne seg kulturarven etter Egner. Over at det skal vera fest i skog og land i år. Over mannen bak songen som ville fylt 100. Over  den oppveksande slekta nordmenn som lærer seg å kjenne sin Karius og Baktus. Over frøken tante Sofie som prikkar oss på aksla når røvaren i oss berre vil koze koze. Over føremålsparagrafen i Kardemommelova. Over det ukuelege humøret til Amandus som lo og lo trass tap av hovud. Over solstrålene som på ny vermer gjennom dimme ruter i bokheimen. Du ser ut til å få evig rett, major Tom! Ground control!


Rita

tirsdag 31. januar 2012

"Umuligheten av å leve"

Vi skulle ynskje at det var i eit anna høve, at det var for å feire at ein av våre aller fremste forfattarar, ein av våre få nålevande forfattarar knytt til Gudbrandsdalen og Lillehammer, hadde kome med ny bok, at det var fordi Gjennom natten er nominert til P2-lytternes romanpris, at det var fordi han skulle koma på forfattarbesøk hit på ny, for at han akkurat har fylt år, at vi hadde laga denne utstillinga. I staden er det på grunn av den triste bodskapen vi fekk førre onsdag om at Stig Sæterbakken har gått bort.

Mange pene og heilt sikkert velfortente ord, er sagt og skrive om Stig Sæterbakken i dagane etter. Heile det litterære Norge sørgjer over å ha mista ein klok og kompromisslaus mann, ein inspirerande og respektert lærar, ein djerv og vesentleg forfattar.

Dødsannonsa fortel at forfattaren valde bort livet. Vår eigen lyrikar Tor Jonsson gjorde det same ein januardag i 1951. Per Sivle, Jens Bjørneboe, Ernest Hemingway og Karin Boye er andre namn på lista over forfattarar som har valt døden framfor livet. Men diktarar av dette formatet går aldri heilt ut av tida. Orda og tankane deira vil leva vidare. Vi avsluttar med nokre sitat av Stig Sæterbakken og med favorittlåten Heart and soul av Joy Division, som han valde seg i boka Den beste låta.

"Det er ikke livet man lever, men forestillingsevnen man utvikler det kommer an på. Jeg visste det ikke da, men jeg vet det nå. Sånn sett rommet skafottet, unnskyld, skatollet i kjelleren alt jeg trengte allerede. Siden skulle jeg også forstå at overfølsomhet og språkfølelse er to sider av samme sak." Alt kunne vært annerledes i Morgenbladet 15. mai 2009.

«Hvis det er noen oppgaver igjen til diktningen — noe den kan, som ingen andre kan — må det være å ta denne sorgen, selve umuligheten av å leve — som samtidig er umuligheten av å dø — innover seg til fulle og forsøke, hvis mulig, å gestalte den og reflektere over den, gjerne med en innlevelse blottet for hensyn av noe slag.» Umuligheten av å leve, 2010.

Sæterbakken om Ian Curtis, tekstforfattaren i Joy Division: "Hvis Kierkegaards diagnose av dikteren som "et ulykkeligt Menneske der gjemmer dybe Qvaler i sit Hjerte, men hvis Læber ere formede slig at idet Sukket og Skriget strømme ud over dem, lyder de som skjøn Musik" noen gang har stemt, må det være på Blake-, Dostojevskij-, Nietzsche-, Sartre-, og J.G. Ballard-eleven fra Old Trafford, Manchester. Hans store talent var evnen til å omforme dype personlige kriser til vakre, distinkte, velmodulerte sangtekster. Som Stephen Morris sa en gang: "Det var først etter at han var død, at vi satte oss ned og leste tekstene og skjønte hva han prøvde å fortelle oss." Den beste låta, 2009.

Heart and soul - Joy Division: http://youtu.be/0TC_OWpDNHQ

Rita


fredag 7. oktober 2011

Skäms inte för att du är människa, var stolt!

Gratulerer til Tomas Tranströmer og til poesien med Nobels litteraturpris 2011. Prisen får Tranströmer "fordi han i fortettede, gjennomskinnelige bilder gir oss ny tilgang til virkeligheten", heiter det i Svenska Akademien si grunngjeving.
Jag bärs i min skugga 
som en fiol i sin svarta låda 
Det enda jag vill säga 
glimmar utom räckhåll 
som silvret hos pantlånaren.
Foto: blogg.wolfdog.no

Två sanningar närmar sig varann. 
En kommer inifrån, en kommer utifrån
och där de möts har man en chans 
att få se sig själv.
 
Marc Chagall: I and the Village
Foto: R.E.M., MoMa 2010
Mitt i livet händer det att döden
kommer och tar mått på människan.
Det besöket glöms och livet fortsätter.
Men kostymen sys i det tysta.

Skäms inte för att du är människa, var stolt!
Bloggar: Rita


Det finns mitt i skogen en oväntad glänta som bara kan hittas av den som gått vilse.