Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 26. juni 2012

Sommar til tider hau hau

Det er sommartider hau hau, og den barne- & ungdomsvise er sikkert i ferd med å nå ein av toppane nær Tesse med smed og bikkje på slep. Om ho ikkje ligg og slangar seg i ei eller anna fjellkjørr, høyrer gauken og talar i tiriltunger. Ho har det med å bli høg på fjell. Nede i den tronge dal trippar også den eldste viskvinna ivrig mot ferietid. Berre ein dag att, så er ho min santen der ho og.


Det er ikkje morosamt å drikke sin morgonkaffi i einsam majestet på bakrommet og dele ein kjeks med seg sjølv. På ei anna side får ein lov å vise seg framme i manesjen litt meir nå for tida. Ein får treffe heimvende studentar, turistar som på ulike tungemål lurar på WiFi, spreke lomverar som skal turorientere seg i eige rike, småbarnsfamiliar som skal gardere seg med lydbøker på dei bratte bilturane, dei to små systrene som etter eit barnehageår pratar flytande lomver og har nye rosa vesker og leikarstell i eventyrborga, lærarar og sjukepleiarar i kriminelt feriemodus og Sommar+Bok-lesarar med glitter i augo som har lese 31 bøker på 2 dagar og jammen skal vinne ein iPad3 på utpust og innpust. Ein føler seg trass alt priviligert.

Til helga startar Ibsen i Lom 150 år-markeringa med opning av utstillingar. Inne på biblioteket blir det stilt ut teikningar frå Voyage en Norvège 1856 av Fritz von Dardel som skreiv dagbok og teikna til frå si reise gjennom store delar av i landet i 1856. Teikningane frå s. 121 og utover syner motiv og klesdrakter frå vårt nærområde, Lom stavkyrkje ser du s. 125. Gangen vår skal kles opp med plansjar frå Ibsen si reise gjennom Gudbrandsdalen og over Sognefjellet i juli 1862. Reisa avla eit ikkje så reint lite stykke norsk litteraturhistorie, sidan det var på denne turen han fekk inspirasjon til både Peer Gynt og Brand. Hovudmarkeringa av jubiléet skal gå føre seg Olsokhelga. Herr Endre Skjåk skal dramatisere Ibsens besøk her i den gamle prestegarden kor han overnatta hos presten Julius Aars. Prestedottera Elise Aubert har skildra besøket og livet i den gamle prestegarden i boka Fra de gamle Prestegaarde. Det blir foredrag, Olsoktale ved leiar for Ibsenmuséet Erik Edvardsen og Til bords med Ibsen på Fossheim, i tillegg til den tradisjonelle Olsokmarkeringa.

Enn så lenge håpar ein på eit snev av varme og mange hyggelege bibliotekbesøk frå fjern og nær utover sommaren. Vi har ope 10.00 - 14.00 måndag til fredag bortsett frå 15.00 - 19.00 tordagar. Ta deg ein tur da, vel!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar