Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 19. juni 2012

"...gråte min sang..."

"Barn av regnbuen" av Marianne B.Gudem
Sist laurdag kom eit par nederlandske turistar listande inn døra vår like før stengetid. Storrushet av lånarar hadde gjort unna sine ærend på denne siste laurdagsopne dagen på biblioteket før sommaren, så eg sat ganske så einsleg bak skranken og skein. Litt forsiktig kom den nederlandske dama bortåt og spurde om eg kjende til songen "Barn av regnbogen". Jau, då -songen kunne eg vel, og frilyndt framførde eg like godt første verset for det sympatiske paret. Medan eg sat der på krakken og gapa og song, vart eg brått vàr at store, blanke tårer kom rennande fram frå under brillene til kvinna -tunge dropar som vart hengjande eit bèl på den utanlandske nasetippen, før dei diskrèt vart tørka bort av eit kvitt lommetørkle. Ikkje så reint lite smigra drog eg i land den spede, siste tonen med ein ørliten skjelv i stemma. Det kom ikkje føre meg at det kunne vere den grøtelege songstemma til bibliotekaren som skar ilt i øyro på den framande...

Etter endt biblioteksolo-nummer kunne turistane fortelje at dei hadde feriert i Noreg i 30 år, og den 21.juli i fjor var dei tilfeldigvis i Oslo -dagen før den store tragedien ramma så brutalt. Då hadde dei seinare opplevd "a man with a full beard and a big hat" syngje denne songen i ei gripande stund saman med 40 000 andre på Youngstorget, noko som gjorde djupt inntrykk på alle. Den nederlandske kvinna skulle no øve inn songen saman med koret sitt i heimlandet -på norsk, og ønskte såleis å få eit filmopptak av den syngjande bibliotekaren medan ho framførde "Barn av regnbogen" med perfekt artikluasjon -og tone. Der måtte vakthavande dessverre gje tapt for filmnervane, men kunne til naud lire av seg eit vers saman med kvinna som ein smak på det norske språket. Lykkelegvis fekk vi uti verset ein stubb god hjelp av ein syngjeglad lånar, som måtte trå til der bibliotekaren sklei over på nynorsk tekst... Slik er det i gammelprestgarden -vi nyttar rett person til rett tid når høver seg slik :-) Eg kan då meddele den dyktige lånaren (som eg veit er fast blogglesar av 3 vise) at vi visstnok likevel vart filma i smug av den nederlandske mannen, og at ho ikkje må bli fortusta om ho dukkar opp på youtube i salig samklang med bibliotekaren og ein nederlandsk turist. Vi kan likevel trøyste oss med at vi gjorde ei god gjerning, som sikkert vil glede eit heilt nederlandsk kor om ikkje så alt for lenge :-) 

For dei som ønskjer den rette versjonen: http://www.youtube.com/watch?v=o-aOKSP0YRo

Songfuglbloggar: Merete

2 kommentarer:

  1. Ei fin historie om ein veldig fin sang=)

    SvarSlett
  2. Tusen takk, Kirsti! Sjølv om framføringa nok kunne diskuterast i dette tilfellet, var det ei fin oppleving for oss alle.

    SvarSlett