Når årringane kjem tett som hagl og har ein tendens til å gli over i kvarandre, veit du at det er ignorerignorerignor som gjeld. I dag skriv vi til ungdommen.
Til ungdommen 1: Dei siste dagane har vi følt oss priviligerte. Samtalene over knekkebrøda har tatt ei ny vending. Tema som artrose, leverflekkar og sviktande fokus, har fått kvile. I staden er det Sandman, Skyrim og Darren Shan som har tatt plass i hjernevindingane. I pausene har vi lytta til Plug in, baby. I smug. Vi har hatt Live Marie frå 9. klasse med oss. Ho sjokkopna PRYO-perioda med å klistre 10.000 klistremerke på Turistbibliotekbøkene. Etterkvart har ho fått boltre seg på eit område ho verkeleg kan kunsta å boltre, nemleg teikning. Ho er i skrivande stund i ferd med å illustrere Egner og Asbjørnsen-utstillingane våre som skal stå i sommar i høve 100- og 200-årsjubilea for dei to diktarane. Og om nokre år reknar vi med å sjå teikneseriar dekorert av denne unge kunstnare i hyllene våre. Takk til Live Marie for god hjelp, koseleg selskap og forynging av tankegodset i bokheimen.
Til ungdommen 2: Temaet på Litteraturfestivalen på Lillehammer i år var pengar. Ungdommar landet over vart oppfordra til å lage ei rap-tekst til temaet og delta i konkurranse om å lage den beste rappen. Lisell frå 9. klasse i Lom skreiv ei tekst om ei gammal dame som vart rana og tok hemn i siste vers. Ho fekk putta inn fakta som at Munch er på 1000-lappen, Kong Harald på 20ern og at pengar som betalingsmiddel oppstod rundt 600 f.Kr. Juryen uttala at teksta fortalte ein artig historie, at ho brukte innslag av dialekt på ein god måte og hadde fin rytme, og vel heime fekk ho beskjed om at ho hadde vunne heile tevlinga. Gratulerer til Lisell. Vi håpar rappen blir å høyre på ein radiostasjon nær oss i inneverande årring.
Til ungdommen 3: Viskvinne, snart 42, vil feire livet & sånn. Etter vårens 14 bokpratar, 3 foreldremøte, kurs, evige skrankevakter, utstillingar og andre bibliotekariske krumspring, alt medan sjefen med liten s har siti fast i den administrative bakevja, er dette heilt og fullt på sin heidersplass. Sumarnatta er ljos nok til deg. And just remember for livets glade bibliotekvinner death is not the end!
Rita
Det er skikkeleg triveleg å ha ungdommar på bibliotekvakt:) Fekk nett i dag ein god klem av "vår" niandeklassing som gjorde ein veldig god jobb og visstnok likte seg.
SvarSlettSlikt piffar verkeleg opp kvardagen, ja! "Vår" jente denne gongen vart mellom anna ein kløppar i bokanbefalingar i ungdoms- og fantasyavdelinga :-) Og avskilsklem fekk vi også! :-)
SvarSlett