Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 5. juni 2012

Festivalvabler og fine prisar

"Velkommen inn" av Eldbjørg Nyborg
Litteraturfestivalen 2012 er historie, og 2 av 3 vise kom etter kvart heim med nydeleg bilete laga av Eldbjørg Nyborg som prov på at Lom folkebibliotek vart kåra til årets bibliotek i Oppland i fjor. Ein pris som gjev oss super motivasjon til vidare arbeid for lomverane, litteraturen, lyrikken og formidlinga. Tittelen på den flotte, digitale akvarellen, "Velkommen inn", passa oss ypparleg -dette er essensen i arbeidsdagen vår og eit motto vi gjer alt for å leve opp til i det daglege. Tusen, tusen takk til Norsk Bibliotekforening avd Oppland og Eldbjørg Nyborg for denne fantastiske oppmuntringa!

Ekstra artig var det å vere lomver på Litteraturfestivalen i år fordi 9.klasse på Lom ungdomsskule også var der for å delta i kåringa av U-prisen. Barne- og ungdomsbibliotekaren måtte naturlegvis få med seg denne seansen, og ekstra stas vart dette då det synte seg at eine jenta frå Lom også hadde sendt inn tekst til ein rap-konkurranse i samband med dette arrangementet. Det gildaste av alt var at ho til og med vann heile konkurransen! Veldig skuffande var det då at prisutdelaren klarte å offentleggjere feil rekkjefølgje på dei tre vinnarane, slik at vår jente reiste derifrå med det alle trudde var 3.premien... Gratulerer likevel til den flotte vinnaren! Gratulerer også til Terje Torkildsen som vinnar av U-prisen 2012 for boka Dystopia 3!

Festivalvable...
No er ikkje 3 vise vande med å gå i pensko med klakkhælar slik i det daglege, noko undersåttane til sjefen smerteleg fekk gjennomgå for på Lillehammer. Forfengeleg som storsjøla her er, laut ho sjølvsagt sprenge på seg eit par nye, fine sko i høve byvandringa. Då eg omsider kom sigande etter på festival, var det såleis ein sårføtt og trongbeint sjef som skulle følgje den uerfarne kollegaen ut i litteraturfestivitasen. Trakkinga ned dei bratte bygatene vart for tung for dei hovne blemmene og såre vablene til sjefen, stakkar. Trass i særs stutte steg og ei merksnodig attkeik haldning nedover bakkane, måtte ho vonbroten geleidast ned på ein krakk ved ein stand i gågata, medan følgjesveina vart beordra inn på næraste apotek for hamstring av gnagsårplaster. Det rare er at same sårvengja sjef visstnok vart observert i svingande rytmer i seine nattetimar under same festival berre 2 dagar seinare, etter at barnebibliotekaren for lengst hadde reist nordover dalen att..? Kanskje ikkje like rart at sjefen har vaspa rundt i store, mjuke crocks i gammelprestgarden kvar dag denne veka?

Takk til Norsk Litteraturfestival på Lillehammer for ein vel gjennomført festival!

Gnagsårfri blogggar: Merete

2 kommentarer:

  1. Morsomt! Høres ut som en fin tur! Rysjedamene skal forresten hilse fra unge og lovende Aslak Brimi som jobber her på Mailand vgs. Han skryter fælt av dere:o)

    SvarSlett
  2. Neimen, er det sant?? Då må de helse så inderleg mykje attende -der har Rysjedamene verkeleg gjort eit varp! Aslak er verd å halde på :-) Turen var verkeleg fin, ja -kanskje de gjev dykk med neste år..? (Hugs gå-bort-sko!)

    SvarSlett