Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 29. mai 2012

Kom mai, du skjønne, ville!

Det ligg føre ein stygg mistanke om at brorparten av dei 3 vise ikkje lenger snur seg like fort i svingane, slik tilfellet var tidlegare. Alternativt må alle svingane ha vorte frykteleg mykje kvassare enn før? Kanskje mest truleg er likevel teorien om at vi må runde mange fleire svingar no -livsvisdomen har lært oss at det ikkje alltid lønner seg å ta snarvegen, men kanskje heller gå omvegar for å nå ymse mål for verksemda vår. Slikt blir det mange svingar av!

Dei siste vekene har vi berre som snøggast vore stutt innom og helsa på kvarandre, før vi har farta ut i verda att på kurs, konferansar, møte og føredrag. Viseministerita og underteikna har unngått å bli vàr dei hurtigveksande bokstablane på bakromspulten, overhøyrt tørrsprukne andenaudskrik frå dei evigbrune potteblomane i glaskarmane prega av drivhuseffekten, og late skjeggstubbane vaie fritt i sommarvinden på nysmurte skrukkehaker. Manikyr, pedikyr og frisering av uønska hårvekst blir i år lagt til ferien, medan registrering av nye bøker og gjenopplivingsforsøk av visne stilkar bør kome litt før...

Sjølv hadde eg ei eventyrleg reise ned gjennom Gudbrandsdalen og vidare bortover hedmarkske flatbygder i eit strålande sommarvêr på tur til ei matnyttig barnebibliotekkonferanse i Asker førre veka. Der møtte eg for første gong fleire likesinna som dagleg ror seg ut på utrygg grunn i bokprat med andre vaksne, men som utrøytteleg kan prate barne- og ungdomsbøker til langt ut i seine nattetimar. Det var også utruleg artig å sjå kor mykje flott ein kan lage av gamle, utlesne bøker, då vi fekk nærare kjennskap til omgrepet Book Art. Største opplevinga under opphaldet, må for mitt vedkomande likevel vera møtet med Behrang Miri, eit multitalent av dei sjeldne, ein mann eg så gjerne skulle la ungdomen i Lom få oppleve! Aldri tidlegare har eg opplevd ein person formidle så intenst så mange gode tankar utan manus på så stutt tid -så levande, inkluderande og fengslande! For tida eig denne mannen velfortent ei av dei mest interessante bibliotekstillingane i Sverige, som kunstnarleg leiar for Barn og Unge på Kulturhuset i Stockholm. Heldige ungdomane!

Denne veka er eventyret stasjonert på Lillehammer i form av Norsk Litteraturfestival. Sjøla reiser, som sjøler skal, litt i førevegen, men med bokkassa i bagasjen kan ho ikkje rekne med å få gjere byen åleine. Barnebibliotekaren kjem sigande etter, men inntil vidare skal eg ete opp resten av jordbæra heilt, heilt åleine :-)

Har du mange bøker du ikkje veit heilt kva du skal gjere med? Ta ein titt her:
http://www.youtube.com/watch?v=i_v_m2h8yuo

Bloggar: Merete

2 kommentarer:

  1. "....dagleg ror seg ut på utrygg grunn i bokprat med andre vaksne" Godt sagt! Husker den følelsen fra jeg selv jobbet i barnebibliotek. Hadde null oversikt over bøkene alle andre pratet om. Tilslutt leste jeg Da Vinci koden siden det var så voldsomt gnål om den til enhver tid og vendte deretter tilbake til barnebøkene:o)Hilsen Rysje Anne Brit

    SvarSlett
  2. Takk for sympatien! Det kjennest godt å vere fleire om dette. Det beste er at vi let oss fengsle minst like mykje av barnelitteraturen som av vaksne bøker! På togturen heim frå Asker sat eg ved sida av ein unge herremann som satt med ei tjukk krimlefse i fanget. Han las litt no og då, men eg oppdaga nok at han titta i smug bort på kjerringa ved sida hans -ho sat med ei lett, lita barnebok med den kledelege tittelen "Aston Martin" og tørka tårer, medan ho ba ei stille bøn for den stakkars hovudpersonen i boka... Skal tru om ikkje barneboka også i dette tilfellet blir hugsa lenger enn den flyktige krimlefsa..? Bra!

    SvarSlett