Har du nokon gong søkt på ein jobb du ikkje fekk? Forelska deg i ei som var for pen for deg? Set du deg stadig vekk mål du ikkje når? Da trur du for godt om deg sjølv. Du har for høg sjølvtillit! Slik lyder baksideteksta på boka "Sitt ned og hold kjeft - håndbok for deg som vil bli kvitt selvtilliten" av Knut Nærum som vart innlevert i kassa vår ein av dagane. Ikkje det at eg umiddelbart føler at eg vart tildelt for mykje av det slaget frå naturen si side, eg har vel ikkje akkurat strutta av dette oppigjennom, men det kan koma snikande med åra. Så eg valde å opne boka. Knut meiner at for høg sjølvtillit er eit av dei største problema i vår tid. Menneske med for mykje startar krigar, snyt på skatten og står i vegen når du skal ta bussen. Boka er full av gode råd for dei som lir eller burde li av eit for godt sjølvbilde. Han prøver å jekke ned dei som trur dei er noko på grunn av familie, rikdom, utsjånad, kjendisstatus, på grunn av kva dei kan, trur og meiner. Boka forsvarar Jantelova og han oppfordrar: "Ikke vær deg selv. Prøv heller å være en som er hyggelig!". Essensen vert trekt ut på siste side: "Sitt ned og hold kjeft". Ei humoristisk lita bok for eit ferierande sommar-Norge der over 90% av alle bilførarar meiner dei køyrer betre enn gjennomsnittet!
Bloggaren har denne veka freista tilveret framme i manesjen i einsam majestet. Det har vore ei særs positiv oppleving (ja, ikkje misforstå vise, eg saknar dykk) som har minna meg på kva eg går glipp av når eg sit einsleg, neddynga i tunge administrative gjeremål på bakrommet. Det er mykje trivelegare her framme som det har syda av lærarar og sjukepleiarar som vil lesa seg opp på krim til skuleår og eldrepleie set i gang att, av ungdommar frå "anstan" som har sommarjobb i bygda, av koselege, heimvende studentar som har trakka sine barne- og ungdomssko her, av trufaste lånarar i mogen alder som snart har tråkla seg gjennom fem bind Knausgård, av franske aksentar som vil på thee internet og merciar beaucoup for det og av trippande småjenter i sylvsko som ivrar etter å fylle Sommar+Bok-lesekorta sine. Kan ein ha ein betre jobb? Eg tvilar! På tampen vil eg rå dykk til å sjå den vakre, norske filmen Appelsinpiken. Hugs lommeduk. God helg! http://www.filmweb.no/trailere/article180222.ece
Rita sit nede og held kjeft, men bloggar!
Tre vise kvinner
Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.
Viser innlegg med etiketten Film. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Film. Vis alle innlegg
fredag 9. juli 2010
fredag 21. mai 2010
Mødre og englar
Etter veker og månader med sparklespatel og målekost i fint driv oppunder stovetaket i heimen, vart lengtinga etter ein fredeleg filmkveld med ein raud vinskvett attåt så stor at Mor gjorde alvor av planane om å sjå filmen "Engelen" av Margreth Olin http://www.lom.kommune.no/enkelt.145098.no.html Blant alle dei "store" filmatseringane ein kan finne i DVD-hylla til dei tre vise, har denne eine filmen skild seg ut som noko utanom det vanlege. Olin har tidlegare skapt sterke dokumentarar som har gjort djupt inntrykk, og allereie i innleiinga til "Engelen" kjenner ein at dette rører strengjer som vanlegvis ligg hardt samanklemt på botnen av kjenslehavet for å takle all ondskapen og inntrykka vi dagleg blir utsette for :
"Noen mennesker er så vakre at de blir syke av det. Det er dette myke barnet som tar inn hele verden, som ikke kan lukke seg for noe."
Filmen handlar om Lea, ei jente som etter ein særs vanskeleg barndom blir avhengig av heroin.
"Jeg kan fly. Jeg lærer å fly. Knuten i brystet løser seg opp og virkeligheten er ikke lenger virkelig."
Med rus og narkotika som einaste drivkraft til å halde fram Livet, blir ho gravid og føder jenta Sonja. Som tungt narkoman blir det uråd å ta vare på dottera, og Lea tek til slutt den umenneskelege avgjerda å gje frå seg den einaste ho elskar. På nytt innhentar den botnlause hjelpeløysa Lea:
"Jeg kan ikke lenger fly. Å ta heroin er det høyeste et menneske kan rope. Hjelp. Jeg trenger at du ser meg."
Med desse setningane seier Margreth Olin det ingen av oss må tillate oss å gløyme -å sjå menneskeverdet hos alle menneske, personen bak lorten, stanken og det sløve blikket. Og eg, ei litt sliten, men akk, så lykkeleg mamma, sit i myrkret framom TV-skjermen og let tårene sildre nedover målingsflekkete kinn og kjenner ein inderleg trong til å ta mi eiga, store tenåringsdotter på fanget og verne henne mot alle farene som truar ein nyfiken livsnytar på tur ut i verda. Fornufta vinn, og eg ser henne i staden inntrengjande i augo medan eg gjentek avslutningsorda til Olin: "Livet, du må holde fast i det. Det er noen som trenger deg:"
I fare for å gjenta meg sjølv frå tidlegare blogginnlegg: Ta vel vare på kvarandre i helga!
Bloggar : Mamma Merete
"Noen mennesker er så vakre at de blir syke av det. Det er dette myke barnet som tar inn hele verden, som ikke kan lukke seg for noe."
Filmen handlar om Lea, ei jente som etter ein særs vanskeleg barndom blir avhengig av heroin.
"Jeg kan fly. Jeg lærer å fly. Knuten i brystet løser seg opp og virkeligheten er ikke lenger virkelig."
Med rus og narkotika som einaste drivkraft til å halde fram Livet, blir ho gravid og føder jenta Sonja. Som tungt narkoman blir det uråd å ta vare på dottera, og Lea tek til slutt den umenneskelege avgjerda å gje frå seg den einaste ho elskar. På nytt innhentar den botnlause hjelpeløysa Lea:
"Jeg kan ikke lenger fly. Å ta heroin er det høyeste et menneske kan rope. Hjelp. Jeg trenger at du ser meg."
Med desse setningane seier Margreth Olin det ingen av oss må tillate oss å gløyme -å sjå menneskeverdet hos alle menneske, personen bak lorten, stanken og det sløve blikket. Og eg, ei litt sliten, men akk, så lykkeleg mamma, sit i myrkret framom TV-skjermen og let tårene sildre nedover målingsflekkete kinn og kjenner ein inderleg trong til å ta mi eiga, store tenåringsdotter på fanget og verne henne mot alle farene som truar ein nyfiken livsnytar på tur ut i verda. Fornufta vinn, og eg ser henne i staden inntrengjande i augo medan eg gjentek avslutningsorda til Olin: "Livet, du må holde fast i det. Det er noen som trenger deg:"I fare for å gjenta meg sjølv frå tidlegare blogginnlegg: Ta vel vare på kvarandre i helga!
Bloggar : Mamma Merete
tirsdag 2. februar 2010
Lynvisitt...
Vi har lova både oss sjølve og andre å avgrense blogginnlegga våre til ei overkommeleg tekstmengd, men dette ligg frykteleg tungt for oss alle 3... Når vi set oss innåt tastaturet, er det mest så fingrane flyg av seg sjølv over tastane, og orda fløymer ut i verda. Eg var derimot så flink i går, at eg berre MÅ innom att i dag med litt nytt :-)
Bygda vår har på nytt vorte ramma av ein isande kulde som umogleggjer både husmortrim langs hardtrakka skogsvegar og bilturar med niste og kaffekanne for lange stopp i bleik nyttårssol. Vi kan såleis trøyste alle med at vi har fyllt opp hyllene med ei mengd flotte, nyinnkjøpte filmar til glede for både store og små lånarar. Her er noko for einkvar smak, alt frå gamle, norske klassikarar til nye Star Wars. Så dersom tida fell lang etter eftaskaffen, låner biblioteket med glede ut meiningsfull tidtrøyte. Over 40 (magisk tal dette året...?) nye filmar skulle by på litt å velje mellom, og ved å klikke på linken her kan du sjå kva vi har brukt kronene på http://www.lom.kommune.no/film.144635.nn.html
Hej då!
Bloggar: Merete Den Kjappe
Bygda vår har på nytt vorte ramma av ein isande kulde som umogleggjer både husmortrim langs hardtrakka skogsvegar og bilturar med niste og kaffekanne for lange stopp i bleik nyttårssol. Vi kan såleis trøyste alle med at vi har fyllt opp hyllene med ei mengd flotte, nyinnkjøpte filmar til glede for både store og små lånarar. Her er noko for einkvar smak, alt frå gamle, norske klassikarar til nye Star Wars. Så dersom tida fell lang etter eftaskaffen, låner biblioteket med glede ut meiningsfull tidtrøyte. Over 40 (magisk tal dette året...?) nye filmar skulle by på litt å velje mellom, og ved å klikke på linken her kan du sjå kva vi har brukt kronene på http://www.lom.kommune.no/film.144635.nn.htmlHej då!
Bloggar: Merete Den Kjappe
tirsdag 6. oktober 2009
Det her e boka mi og litt vill vest
Med ujamne mellomrom kjem lånarane våre til å presentere nokre av favorittbøkene sine her på bloggen i følgjetongen "Det her e boka mi". Først ut er Ågot som har valt seg ut "Ufred og oppbrudd", 1. bok i serien "En drøm om jord" av Andreas Eldnes. Boka kom ut i 1988, same år som Målselv og Bardu feira 200-årsjubileum for innflyttinga av rydningsfolk sørfrå. Nybyggjarane kom frå dei store dalane på Austlandet og i denne serien som består av 3 bøker, følgjer vi Trøenfamilien som har lidd under krig og naud i Østerdalen. Vi får oppleva ein saga om slit og forsaking, mot, nærleik og menneskeleg varme. Ågot likte denne serien godt fordi ho fekk ta del i ein slektshistorie som går frå tidleg 1800-tal og heilt fram til nyare tid og fordi temaet er interessant. Mange gudbrandsdølar flytta også nordover til Målselv/Bardu-traktene på denne tida og ein finn framleis spor av dølamål i dialekta.
Elles må det berre nemnast at stemninga stod i taket i skrankeområdet da dei 3 stimla saman for å opne posten i dag. Ut av pakka dumpa nemleg DVD-boksen med Familien Macahan i Ville Vesten. Minner frå tidleg 80-tal strøyma på, frå den gong da NRK var einerådande TV-kanal og plakatar av Luke Machahan, Helten over alle heltar, prega alle ungpikerom og fekk fjortishjarto til å banke litt fortare. I denne saka var faktisk dei 3 samstemte og ein filmaften er i emning. Vi reknar med at det er fleire som er nostagisk anlagte og interesserte i å låne denne...Nostalgisk bloggar: Rita
Etiketter:
Bokomtaler,
Det her e boka mi,
Film
fredag 11. september 2009
Forget it Post-it!
For nokre år sidan kom regiondata seglande innover Norddalen og skulle revolusjonere og effektivisere inngrodde dølar med sans for det handfaste og jordnære. Det digitale fenomenet ville i stor grad redusere papirbruken i kommunene ved at ein større del av kommunikasjonen no skulle fluge lydlaust på raske, usynlege vengjer gjennom den friske fjellufta, og all informasjon og planleggjing ville liggje pent innpakka i sirlege, gule mapper og freistande hugselappar på ein ryddig skjerm. Kalenderar kunne delast, og etter ønskje kunne ein ha innsyn i kva andre tilsette til einkvar tid hadde på dagsordenen. Altså ein framifrå hendig reiskap ved møteplanleggjing og innkallingar, eit miljøvenleg alternativ til det tidlegare papirveldet, og ein trygg stad å "gøyme" planlagde arbeidsoppgåver. I tillegg kunne ein få alarmerande påminningar med sjølvvalde mellomrom dersom ein framleis var redd for svikt i hugsen. Aldri meir skulle vi bruke halve dagen på å leite fram att skjema og papir som ved eit hendig uhell hadde vorte resirkulert til nye, krevjande oppgåver. Slikt fell i smak hjå 3
effektive kvinnfolk i sin mest stressande heitebølgjealder, så vi pudra sveitteperlene på nasen og trippa over den vindfulle Bergomsbrua -klare for kurs hos den kommunale IT-sjarmøren.
Kurset var bra, det. Likeeins intensjonane. Og oppbyggjinga av Fenomenet. Samt kurshaldaren.
Vi er vel "litt" usikre på kva som skjedde på vegen, men av ein eller anna merkjeleg grunn ser pulten til den mollstemde biblioteksjefen ut nett som det går fram av biletet under...(Mollstemd: melodiøse, nitriste plystretonar sviv ut frå magasinet bak her no...)

Post-it lappane framfor den elles så ryddige skjermen vart nok ikkje historie her på huset, men lever sitt yrande liv blant alle dei sundtygde kulepennane, kalde kaffiskvettane, skinande taperullane og halvetne tyggjegummipakkene (tyggis er IKKJE eigna som avvenjingsmiddel av pennbiting!) Det må understrekast at reint bortsett frå hugselappane, er regiondata rett så flittig brukt her i den gamle prestegarden, og post-it lyt vi sjå mellom fingrane med så lenge dette hjelpemiddelet strukturerer sjefen slik at kvardagen går knirkefritt utan nemneverdig store bortgløymingar og påfølgjande personlege kriser.
Hausten er tid for dei store investeringane i bibliotekbransjen, og vi lyt opplyse om at samlinga vår denne veka m.a. er utvida med nokre nye, prisløna filmar med kjende skodesepelarar i veltolka hovudroller. Laurdagsope bibliotek sikrar deg gode opplevingar i helga dersom du tek turen innom oss i morgon!

Bloggar: durstemde Merete
effektive kvinnfolk i sin mest stressande heitebølgjealder, så vi pudra sveitteperlene på nasen og trippa over den vindfulle Bergomsbrua -klare for kurs hos den kommunale IT-sjarmøren.
Kurset var bra, det. Likeeins intensjonane. Og oppbyggjinga av Fenomenet. Samt kurshaldaren.
Vi er vel "litt" usikre på kva som skjedde på vegen, men av ein eller anna merkjeleg grunn ser pulten til den mollstemde biblioteksjefen ut nett som det går fram av biletet under...(Mollstemd: melodiøse, nitriste plystretonar sviv ut frå magasinet bak her no...)

Post-it lappane framfor den elles så ryddige skjermen vart nok ikkje historie her på huset, men lever sitt yrande liv blant alle dei sundtygde kulepennane, kalde kaffiskvettane, skinande taperullane og halvetne tyggjegummipakkene (tyggis er IKKJE eigna som avvenjingsmiddel av pennbiting!) Det må understrekast at reint bortsett frå hugselappane, er regiondata rett så flittig brukt her i den gamle prestegarden, og post-it lyt vi sjå mellom fingrane med så lenge dette hjelpemiddelet strukturerer sjefen slik at kvardagen går knirkefritt utan nemneverdig store bortgløymingar og påfølgjande personlege kriser.
Hausten er tid for dei store investeringane i bibliotekbransjen, og vi lyt opplyse om at samlinga vår denne veka m.a. er utvida med nokre nye, prisløna filmar med kjende skodesepelarar i veltolka hovudroller. Laurdagsope bibliotek sikrar deg gode opplevingar i helga dersom du tek turen innom oss i morgon!

Bloggar: durstemde Merete
Etiketter:
Film,
Skummelt rot
mandag 29. juni 2009
...and the living is easy

"Summertime" har sett den eine vise i skikkeleg Sørstatsmodus om dagen. Sørstatane i USA med sitt slaveri og eit klasseskilje som har vara ved heilt fram til vår tid, representerer ein del av historia til den kvite mann som vi ikkje kan vera særs stolte av. Men nauda og lidinga har avla stor kunst og litteratur som vi kan gle oss over og kanskje også lære noko av. Fleire bøker og filmar tek oss med til Alabama, South Carolina og New Orleans, og dei gjer det på ein slik måte at du nærmast kan kjenne luktene, høyre lydane og ane sørstatsstemninga heilt opp hit til det fjellhøge nord. Les bøkene og gje deg ut på ei reise i tid og rom.
La temperaturen (31 på kontoret nå...) og Ella hjelpe deg med take off:
http://www.youtube.com/watch?v=AoPlAe23Ruo
So hush little baby, don't you cry...
Bok-/film-/musikktips:
Elskede av Toni Morrison
http://asp.bibits.no/lom_fb/wsRecInfo.Asp?UnitId=0&DocGrp=0&SearchUnitId=0&LoanUnitId=1&comb=AND&sString=FT=slaveriAND%20searchUnitId0&page=&idno=52721&showThisInfo=FSREVIEW#TabBar
"Noen kjenner mitt navn" av Lawrence Hill
http://asp.bibits.no/lom_fb/wsRecInfo.asp?idno=60446&UnitId=0&DocGrp=0&SearchUnitId=0&LoanUnitId=1&comb=AND&sString=FT=slaveriAND%20searchUnitId0
"Bienes hemmelige liv" av Sue Monk Kidd
http://asp.bibits.no/lom_fb/wsRecInfo.asp?idno=50285&UnitId=0&DocGrp=0&SearchUnitId=0&LoanUnitId=1&comb=AND&sString=Hyper=Kidd,%20Sue%20MonkAND%20searchUnitId0&page=
Alltid like lesverdige "Onkel Toms hytte" av Harriet Becker Stowe
Frå seinare tid:
"Blikktakblues for New Orleans" av James Lee Burke
http://asp.bibits.no/lom_fb/wsRecInfo.asp?idno=57195&UnitId=0&DocGrp=0&SearchUnitId=0&LoanUnitId=1&comb=AND&sString=FT=blikktakbluesAND%20searchUnitId0
Stekte grønne tomater (film)
http://www.bokklubben.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=3823164
Og til slutt litt gospel:
"Gospel children of New Orleans"
http://asp.bibits.no/lom_fb/wsRecInfo.asp?idno=45303&UnitId=0&DocGrp=0&SearchUnitId=0&LoanUnitId=1&comb=AND&sString=FT=jazz%20childrenAND%20searchUnitId0
Bloggar: Rita
Etiketter:
Bokomtaler,
Film,
Musikk,
Sommar
Abonner på:
Innlegg (Atom)


