"Noen mennesker er så vakre at de blir syke av det. Det er dette myke barnet som tar inn hele verden, som ikke kan lukke seg for noe."
Filmen handlar om Lea, ei jente som etter ein særs vanskeleg barndom blir avhengig av heroin.
"Jeg kan fly. Jeg lærer å fly. Knuten i brystet løser seg opp og virkeligheten er ikke lenger virkelig."
Med rus og narkotika som einaste drivkraft til å halde fram Livet, blir ho gravid og føder jenta Sonja. Som tungt narkoman blir det uråd å ta vare på dottera, og Lea tek til slutt den umenneskelege avgjerda å gje frå seg den einaste ho elskar. På nytt innhentar den botnlause hjelpeløysa Lea:
"Jeg kan ikke lenger fly. Å ta heroin er det høyeste et menneske kan rope. Hjelp. Jeg trenger at du ser meg."
Med desse setningane seier Margreth Olin det ingen av oss må tillate oss å gløyme -å sjå menneskeverdet hos alle menneske, personen bak lorten, stanken og det sløve blikket. Og eg, ei litt sliten, men akk, så lykkeleg mamma, sit i myrkret framom TV-skjermen og let tårene sildre nedover målingsflekkete kinn og kjenner ein inderleg trong til å ta mi eiga, store tenåringsdotter på fanget og verne henne mot alle farene som truar ein nyfiken livsnytar på tur ut i verda. Fornufta vinn, og eg ser henne i staden inntrengjande i augo medan eg gjentek avslutningsorda til Olin: "Livet, du må holde fast i det. Det er noen som trenger deg:"I fare for å gjenta meg sjølv frå tidlegare blogginnlegg: Ta vel vare på kvarandre i helga!
Bloggar : Mamma Merete

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar