Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 18. mai 2010

Chic lit og litt til...

Dagen derpå etter feiringa av landet vårt, er vi merkeleg greitt attende i gjenge. Pliktene kallar. 18. mai er den 138. dagen i året, det er 227 dagar att av året, tida går fort, så det er berre og stå på skal vi vinnast alt! Utan samanlikning forøvrig med nemde litteratur-sjanger. Vi gjer det vi vinst, og treng ikkje vere redde for å bli samanlikna med damene i chic lit-verda.
Chic lit er bøker om single, unge kvinner, alltid på jakt etter den STORE kjærleiken. (Spørsmålet er om dei egentleg vil binde seg?) Utad hippe og moderne, men innad frustrerte, rundt 30 år, overfladiske, smånevrotiske storbykvinner. Andre stikkord kan vere Gucci og caffe latte. Bøker for kvinner 25 +, men tillatt for alle!
Så nå - vi har altså flytta den såkalla chic lit'en vår, frå ungdomsavdelinga til skjønn vaksne - denslags litteratur likar godt og "fly litt vide omkring.." Dessutan trong vi sårt plassen der chicen budde før - dvd-samlinga vår veks ut av hyllene sine òg.

Vi har også nokre nye chic lit-bøker å tilby lånarane våre.
Sophie Kinsella har ein ny gnistrande komedie om familie, kjærleik og venner.
Lara har akkurat vorte dumpa av kjæresten, forretningspartnaren hennar har stukkje i veg til Goa og firmaet deira er på randen av konkurs. Når så grandtante Sadies spøkelse dukkar opp, undrar ho på om ho har vorte gal. Sadies spøkelse krev at Lara sporar opp eit spesielt halskjede, og medan Lara brukar tid saman med Sadie, blir livet både meir spanande, glamorøst og romantisk. Kanskje kan ei jente fra 1920-åra ha noko å lære bort til ei jente frå London i 2009, og jakten på kjede gjer at Lara får nysta opp i en del av familien sine hemmelegheiter.


Alexia Bohwim, forfattaren av "Frognerfitter" har kome med ein ny roman MILF. 
"Jeg heter Kim Greve, er 39 år, og har bodd på Frogner hele livet. Det siste er vesentlig i en by som Oslo. Folk er opptatt av hvor du bor, det gjør det enklere å sette deg i bås. De fant ingen bås til meg." 
MILF handlar om manusforfattaren Kim Greve. Ho nærmar seg 40, ho har korkje arbeid eller pengar og må leie leileghet for å ha råd til å bu på sitt elskede Frogner. Saman med venninnene Chris og Janken tviheld ho på livet slik det ein gong var; ubekymra, overfladisk og framtidsretta. Men omstenda og ein liten engel med store, raude krøller tvingar Kim Greve til å snu seg rundt, revurdere alt og gå gjennom Frogners gater en gong til.

Nærleik og avstand er viktige ord, både for chic lit-damer og for oss andre.

La oss seie det med Halldis Moren Vesaas sine ord:

Du går fram til mi inste grind,
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

18. mai-bloggar: Aud

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar