Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 14. mai 2010

Berre kjærleik og død

I dag er det 94 år sidan Tor Jonsson kom til verda. Om alle stjerner var tente og ynskte lykke til på ferda, er uvisst, men han hadde etter eige utsegn ein lykkeleg barndom: "Aldri kan eg få takke dei lyse barndomsdagane med ord. Det slitne golvet, den grisne veggen, det rotne torvtaket - alt dette var ein gong det vakraste i verda." Tor var ein oppvakt liten kar som tidleg såg krafta i det skrivne ord. Lesehungeren var umetteleg. På folkeskulen vart han i gode stunder omtala som Vetl-Snorre av læraren, men ikkje alle lærarane tykte det var like stor stas med den flinke guten. Det høvde seg ikkje så bra at elevar frå jordlause plassar skulle få altfor strålande karakterar, da vart blanke einarar til dei velsituerte hakket ringare.

Hausten 1930 byrja han på framhalds-skulen her i den gamle preste-garden. Vi reknar med at Tor som oss har mange gode minne frå dette bygget. Her opna det seg ei heilt ny verd for han. "Med framhalds-skulen kom revolusjonen i mitt liv...menneske som er meir enn vanlege værpratarar lærde meg at ordet kan koma frå djupe grunnar." Han gjekk her i to år og gjekk ut med eit strålande vitnemål. Lærarinna hans Randi Bojer, kjempa for å få Tor til å ta meir utdanning og faren Johan Bojer var viljug til å støtte den gåverike guten med dette, men Tor nekta. Han ville ikkje ta imot hjelp frå rikmenn.

Han hadde byrja å skrive og som sekstenåring debuterte han i Arbeidermagasinet. Han skreiv ut hatet og trassen mot klasseskilje, bygdedyr og værpratarar. Men det største hatet skulle han likevel rette mot seg sjølv: "Eg hatar mitt eige bilete, det som lagnaden måla". Den svarte gleda hadde han i seg støtt, og han dreiv ei brutal sjølvgransking. I januar 1951, etter ei ulykkeleg kjærleikshistorie, materiell, kroppsleg og sjeleleg fattigdom, var han i "ein sjeleleg krøplingtilstand". Han konkluderer med at døden hadde meir å by på enn livet. Den store kjærleikslyrikaren vår som "ikkje åtte kjærleik" gjekk ut av tida berre 35 år gammal. Men orda hans lever vidare. Vi som går blant dei til dagleg, har feira dagen i Tor si ånd med ein beisk kaffekopp med beksvart undergangshumor attåt. Det trur vi han kunne sett pris på.

Norsk natur spelar oss iblant eit puss. Midt i rakinga oppdaga eg dei, den daude fuglen og steinhjartet, like ved kvarandre. Det symboltunge motivet bør høve godt som illustrasjon til denne bloggen tileigna kjærleikslyrikaren som ikkje åtte kjærleik.

Var eg ein Gud
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.


Bloggar: Rita

Kjelde: Biografien "Berre kjærleik og død" av Ingar Sletten Kolloen

7 kommentarer:

  1. Nei nå måtte jeg bare logge meg inn - og det midt i sjølvaste arbeidstida - sabla bra innlegg Rita Viskvinne :-)

    SvarSlett
  2. Suverent bra, Rita!!!!!! Beisk kaffekopp og beksvart humor, ja...dæ som mangla da æ røyk! Visst døkk ska feire i Tor si ånd, så tykkjy e røyken høyre mæ, for hein røykte jælma mykjy (og værtfall ner n drakk kaffe). Heheh. E ska kjøpe mæ me ei rullingspakke og sløyngje me burtå mæ e, slik at døkk fæ tikji`n heilt ut, liksom.
    Helsing superhemmeleg mega-anonym smuglesar.

    SvarSlett
  3. Takk for koselege kommentarar Eli og superhemmeleg mega-anonym smuglesar! Vi såg ikkje noko til rullingsen...
    R

    SvarSlett
  4. veldig bra innlegg! Hvorfor hadde vi ikke mer om lokal litteratur på gymnaset? Det er jo så mye bra ( måtte vært bedre å lese Jonsson og Aukrust enn traumatisk høytlesing av Et dukkehjem...)

    SvarSlett
  5. Hihi, enig fru Storlien, skjønt eg sette pris på Torvald og Lærkefuglen óg eg da (ikkje høgtlesinga though!). Og så Tusten da, du hugsar vel han? Men absolutt - det lokale er vel verd å vie tid til!
    Flate steinar er til å sitja på (Tusten)
    R

    SvarSlett
  6. Om jeg ikke husker feil ble en dere tre vise utsatt for en del kremtende kjærlighetserklæringer da vi leste Et dukkehjem, mens lærer ivrig heiet på mer følelse, mer følelse?

    SvarSlett
  7. Oj oj oj, vi hugsar nok ikkje så langt attende, men tenk å gløyme kremtande kjærleikserklæringar da...det er nesten harmeleg!
    R

    SvarSlett