Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.
Viser innlegg med etiketten Tor Jonsson. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tor Jonsson. Vis alle innlegg

tirsdag 22. mars 2011

Ord om fjell


21. mars 1999 innførte UNESCO Verdens poesidag for å skape merksemd kring lesing, skriving og publisering av poesi over heile verda. Lyrikkbøkene er ikkje dei som skrik høgast korkje i media eller i bokhyllene rundt om i biblioteka våre. Dei vert ofte overdøyvde og gløymde i ein hektisk konsumkvardag. Det er som oftast når det kjem til dei store merkedagane, når livet er i ytterstilling, at vi søkjer sanninga i dikthylla.


Her i Ottadalen er det fostra mang ein lyrikar opp gjennom tidene. I Lom har vi Olav Aukrust og Tor Jonsson som dei mest kjende. I tillegg har Jo Turtumøygard, Lars Runningen, Lisbet Venås og fleire med dei gjeve ut eigne diktsamlingar. Om det er ei lyrisk åre som fylgjer det turkise brevatnet nedetter dalen, om det dei høge fjella som omkransar oss, om vi har ei omgangsform som er særskilt karrig på godord og kjærteikn, med ei dialekt som manglar ordet kjærleik, om det er dette som skapar dei gode vekstvilkåra for poesien, sjå det blir berre spekulasjonar.

Biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen har i alle høve valt å setje fokus på dei lokale lyrikarane våre gjennom prosjektet "Ord om fjell". I tråd med regionen si satsing som Nasjonalparkrike, har vi samla rundt 300 dikt og små tekster om fjell og fjelliv. Dei fleste dikta er skrivne av lokale forfattarar. Vi har henta inn løyve til å publisere dikta på nettet og ein del av dikta kan du også få høyre opplese av lokale utøvarar. Prosjektet er støtta av Oppland fylkesbibliotek og Regionrådet for Nord-Gudbrandsdalen. Lanseringa av prosjektet skal gå føre seg i starten av mai. Her får du ein liten smakebit. Nedst på sida ligg lydfila der du kan høyre viskvinne Merete framfører diktet.

Bu

Alle foto: Rita Mundal
Vegen var gådd.
Varden var nådd.
Der kjende eg sæl,
der skyna eg vel:
Mitt liv må eg liva i kjærleik og tru.
No vil eg min vegen til bygder att snu.
Eg vil byggje min fridom eit bu.

Ikkje hus eller hytte,
hall eller horg.
Ikkje attlæst kloster,
slott eller borg.-
Ikkje byliv med gatur og torg.

Men mot himlen ein blånande
rein katedral,
med spir upp mot stjernur
i titusundtal,
og med tropp upp i fager spiral.

Ifrå hjartans grunn,
gjennom draum og mystikk,
strøyme lovsongen rein,
rise lengsels gotikk,
råde kjærleikens eigen logikk.

Eit upplyst tempel:
eit kjærleiks-sinn,
der gjevande geislar
går ut og går inn
med trui som vågar og vinn.

Ikkje rikdoms trå
i fortærande jag,
men nøgd med Guds nåde
som ny gjev kvar dag
eit strålande riddarslag.

Ikkje armodi myrk,
ikkje trældomsliv.
Men eit friviljug fatigdoms
fritt gjevne liv,
ja, eit åndeleg fjellbu-liv.

Olav Aukrust
Himmelvarden, Gyldendal, 1916, s. 351

http://dl.dropbox.com/u/8579839/Bu%20av%20Olav%20Aukrust%20Merete%20Byr%C3%B8ygard.mp3

Bloggar: Rita

fredag 14. mai 2010

Berre kjærleik og død

I dag er det 94 år sidan Tor Jonsson kom til verda. Om alle stjerner var tente og ynskte lykke til på ferda, er uvisst, men han hadde etter eige utsegn ein lykkeleg barndom: "Aldri kan eg få takke dei lyse barndomsdagane med ord. Det slitne golvet, den grisne veggen, det rotne torvtaket - alt dette var ein gong det vakraste i verda." Tor var ein oppvakt liten kar som tidleg såg krafta i det skrivne ord. Lesehungeren var umetteleg. På folkeskulen vart han i gode stunder omtala som Vetl-Snorre av læraren, men ikkje alle lærarane tykte det var like stor stas med den flinke guten. Det høvde seg ikkje så bra at elevar frå jordlause plassar skulle få altfor strålande karakterar, da vart blanke einarar til dei velsituerte hakket ringare.

Hausten 1930 byrja han på framhalds-skulen her i den gamle preste-garden. Vi reknar med at Tor som oss har mange gode minne frå dette bygget. Her opna det seg ei heilt ny verd for han. "Med framhalds-skulen kom revolusjonen i mitt liv...menneske som er meir enn vanlege værpratarar lærde meg at ordet kan koma frå djupe grunnar." Han gjekk her i to år og gjekk ut med eit strålande vitnemål. Lærarinna hans Randi Bojer, kjempa for å få Tor til å ta meir utdanning og faren Johan Bojer var viljug til å støtte den gåverike guten med dette, men Tor nekta. Han ville ikkje ta imot hjelp frå rikmenn.

Han hadde byrja å skrive og som sekstenåring debuterte han i Arbeidermagasinet. Han skreiv ut hatet og trassen mot klasseskilje, bygdedyr og værpratarar. Men det største hatet skulle han likevel rette mot seg sjølv: "Eg hatar mitt eige bilete, det som lagnaden måla". Den svarte gleda hadde han i seg støtt, og han dreiv ei brutal sjølvgransking. I januar 1951, etter ei ulykkeleg kjærleikshistorie, materiell, kroppsleg og sjeleleg fattigdom, var han i "ein sjeleleg krøplingtilstand". Han konkluderer med at døden hadde meir å by på enn livet. Den store kjærleikslyrikaren vår som "ikkje åtte kjærleik" gjekk ut av tida berre 35 år gammal. Men orda hans lever vidare. Vi som går blant dei til dagleg, har feira dagen i Tor si ånd med ein beisk kaffekopp med beksvart undergangshumor attåt. Det trur vi han kunne sett pris på.

Norsk natur spelar oss iblant eit puss. Midt i rakinga oppdaga eg dei, den daude fuglen og steinhjartet, like ved kvarandre. Det symboltunge motivet bør høve godt som illustrasjon til denne bloggen tileigna kjærleikslyrikaren som ikkje åtte kjærleik.

Var eg ein Gud
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.


Bloggar: Rita

Kjelde: Biografien "Berre kjærleik og død" av Ingar Sletten Kolloen

mandag 25. januar 2010

Pingvinar i Sahara

Fredagen er over oss og ei ny veke går mot slutten. I dag har den bakromsvise råda grunnen aleine og fått sola seg i glansen under spotpærene her framme i rampeljoset. Heldigvis kom dei snille naboane våre med eit fat vaflar og Mor Monsen som eg har kosa meg med i einsam majestet heilt utan skråblikk frå dei to andre. Kaffepausene våre nådde eit antiklimaks denne veka da den eine sette fram sherrytomatar til kaffen. Der går grensa! (Men det har vore litt stille og trist etter dykk her i dag, skal innrømme det, sherrytomatar eller ei).

Førre fredag sette eg meg på bussen her i Lom og la ut på reise. Eg trudde turen skulle gå til Vågå. Men det synte seg etterkvart at vi enda opp i æva eller evigheten om du vil, saman med to bortkomne siæle, to forkomne pingvinar i Sahara. Pingvinane var ingen ringare enn Tor Jonsson og Alf Prøysen, to av poetane eg set aller høgast, som på kvar sine måtar så fagre er. Tor, den dystre og bitre, "høyst oppegående sjølmorder" som voks opp her i Lom "med hat bak dimme ruter". Han som "ikkje åtte kjærleik", men som likevel skreiv dei vakraste kjærleiksdikt. Og så Alf da, som eg nesten ikkje kan nemne utan å bli blank i augo og varm om hjartet, den "depressive gledessprederen", denne "jomfru Maria fra Rudshøgda" som han omtalar seg i stykket.

Eg hadde håpa så inderleg at dei skulle få ei lise der i evigheten, at dei skulle få oppleva en smule ro og harmoni i sine plaga sinn, men den gang ei. Dei hadde fått den gåve eller var det straff, å bli udøydelege forfattarar. Dei bar fortsatt med seg ein negativ av eit sjølvbilete frå det jordiske livet som dei tok opp og granska inngåande med jamne mellomrom. Dei sleit fortsatt med depresjonar og einsemd, og båe kjende seg som ofre for den umoglege kjærleiken. Dei følte seg bortkomne, som ein poet i Lom, som ein mann med kvinnesinn på Rudshøgda på 50 talet, kanskje som trassige Tora:



Lennart Lidstöm har laga eit framifrå manus som eg håpar kjem ut i bokform, og poetane vart meisterleg framført og tolka av Øystein Røger og Terje Strømdahl. Dersom du har sansen for det sorgmuntre og føler deg i slektskap med pingvinane i Sahara, bør du ta turen til eit kulturhus eller teater i nærleiken med det fyrste (klikk på dei dansande pingvinane for meir informasjon). Og bøkene finn du jo i biblioteket!

Eg ser meg nøydd til å gje dykk ein liten smakebit her på bloggen også, eg håpar de held ut:

Tor: Hvem kan noe for at man er den man er? Nei, hjertets ønsker er en medfødt plage. Bestandig og uoppnåelig.
Alf: Og forbudt.
Tor: Jaja, ethvert menneskeliv er en forbrytelse og ethvert begjær er en skam. Det er vel slik våre liv går?
Alf: Ja
Tor: Og livet har man bare en gang og det man ikke får da, det får man aldri. Nei, hva annet kan vi gjøre, vi ulykkelige mennesker, enn å prøve å holde ut en dag til - eller la være. Alf, se på meg. Hva ser du?
Alf: En ensom pingvin i Sahara.

Men trass alt det dystre enda forestillinga med eit snev av håp. Dei to pingvinane fann til slutt litt trøyst i kvarandre - og dei fann ut at dei kunne danse. Så klart!



Sorgmunter bloggar: Rita