Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 22. mars 2011

Ord om fjell


21. mars 1999 innførte UNESCO Verdens poesidag for å skape merksemd kring lesing, skriving og publisering av poesi over heile verda. Lyrikkbøkene er ikkje dei som skrik høgast korkje i media eller i bokhyllene rundt om i biblioteka våre. Dei vert ofte overdøyvde og gløymde i ein hektisk konsumkvardag. Det er som oftast når det kjem til dei store merkedagane, når livet er i ytterstilling, at vi søkjer sanninga i dikthylla.


Her i Ottadalen er det fostra mang ein lyrikar opp gjennom tidene. I Lom har vi Olav Aukrust og Tor Jonsson som dei mest kjende. I tillegg har Jo Turtumøygard, Lars Runningen, Lisbet Venås og fleire med dei gjeve ut eigne diktsamlingar. Om det er ei lyrisk åre som fylgjer det turkise brevatnet nedetter dalen, om det dei høge fjella som omkransar oss, om vi har ei omgangsform som er særskilt karrig på godord og kjærteikn, med ei dialekt som manglar ordet kjærleik, om det er dette som skapar dei gode vekstvilkåra for poesien, sjå det blir berre spekulasjonar.

Biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen har i alle høve valt å setje fokus på dei lokale lyrikarane våre gjennom prosjektet "Ord om fjell". I tråd med regionen si satsing som Nasjonalparkrike, har vi samla rundt 300 dikt og små tekster om fjell og fjelliv. Dei fleste dikta er skrivne av lokale forfattarar. Vi har henta inn løyve til å publisere dikta på nettet og ein del av dikta kan du også få høyre opplese av lokale utøvarar. Prosjektet er støtta av Oppland fylkesbibliotek og Regionrådet for Nord-Gudbrandsdalen. Lanseringa av prosjektet skal gå føre seg i starten av mai. Her får du ein liten smakebit. Nedst på sida ligg lydfila der du kan høyre viskvinne Merete framfører diktet.

Bu

Alle foto: Rita Mundal
Vegen var gådd.
Varden var nådd.
Der kjende eg sæl,
der skyna eg vel:
Mitt liv må eg liva i kjærleik og tru.
No vil eg min vegen til bygder att snu.
Eg vil byggje min fridom eit bu.

Ikkje hus eller hytte,
hall eller horg.
Ikkje attlæst kloster,
slott eller borg.-
Ikkje byliv med gatur og torg.

Men mot himlen ein blånande
rein katedral,
med spir upp mot stjernur
i titusundtal,
og med tropp upp i fager spiral.

Ifrå hjartans grunn,
gjennom draum og mystikk,
strøyme lovsongen rein,
rise lengsels gotikk,
råde kjærleikens eigen logikk.

Eit upplyst tempel:
eit kjærleiks-sinn,
der gjevande geislar
går ut og går inn
med trui som vågar og vinn.

Ikkje rikdoms trå
i fortærande jag,
men nøgd med Guds nåde
som ny gjev kvar dag
eit strålande riddarslag.

Ikkje armodi myrk,
ikkje trældomsliv.
Men eit friviljug fatigdoms
fritt gjevne liv,
ja, eit åndeleg fjellbu-liv.

Olav Aukrust
Himmelvarden, Gyldendal, 1916, s. 351

http://dl.dropbox.com/u/8579839/Bu%20av%20Olav%20Aukrust%20Merete%20Byr%C3%B8ygard.mp3

Bloggar: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar