To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 18. mars 2011

Den vakrasta gåva

Deklamering i ung alder
Dikthylla vår er den delen av biblioteket vi låner ut minst bøker frå (-der står også skodespela, som mest aldri er ute av huset...) Ved ledige høve puslar vi rundt denne hylla som best vi kan, stiller sirleg ut samlingar med freistande titlar og layout, tørkar omhyggjeleg støvet av bortgløymde skattar, og deklamerer dikt for kvarandre på bakrommet -ofte etterfylgd av tårer eller latter. Sidan står bøkene meir eller mindre i fred til neste gong vi får tid til omtanke for poesien. Dessverre.

Nokre gonger i livet tyr derimot også lomværen til lyrikk. Ved store hendingar i livet, som når eit nytt liv blir til, ein kjær venn eller slektning går bort, eller vi har gleda av å gifte bort eller konfirmere nokon i nær omgangskrins, brukar også norddølen dikt som hjelp til å setja ord på store tankar -anten dei er vonde eller gode. Vi veit jo også at mange skriv dikt sjølve for å "lette på trykket", og slik sett skriv av seg kjensler ein elles ville stengt inne. Så fantastisk at skrivne ord kan vera til hjelp på dette viset!

Først i veka kom ei jente frå vidaregåande stille inn døra vårt med eit stort smil om munnen -noko som eigentleg ikkje er så uvanleg til henne å vere. Med ein beskjeden gest la ho eit ark på skranken framfor meg, før ho drog seg litt attende for ikkje å vekkje oppsikt i biblioteket. "Fordi det alltid er så godt å kome inn her", sa ho med glitrande stjerner i augo. Og der, på arket eg heldt i hendene, fekk vi den gildaste gåva det er mogleg å få på ei vanleg tysdagsvakt: Jenta hadde skrive eit heilt lite dikt til oss damene på biblioteket!

                     "Til tre vise kvinner
                      Eit skilt viser veg til ei open dør.
                      Her er det plass til alle.
                      Her finn du
                      Smil, som gjev deg glede.
                      Kunnskap, som gjev deg makt.
                      Og
                      Mildheit, som gjev deg hug til å koma att."

Alt vi ønskjer å framstå som, samla som vakre ord på eit kvitt ark. Litt ekstra blunking for å bli kvitt noko blautt i augekroken måtte til før vi fekk summa oss til å takka for den rørande gåva. Tusen, tusen takk til Eli Lunde Svare for denne oppmuntringa!


For 12 år sidan vedtok UNESCO at 21.mars kvart år skal markerast som "Verdens poesidag", og føremålet med dagen er å skape merksemd rundt lesing, skriving, publisering og læring av poesi over heile verda. Vi går såleis sterkt inn for å låne ut mange diktsamlingar utover neste veke, og diktet frå Eli skal naturlegvis få innramma heidersplass hos 3 vise!


Rørt bloggar: Merete
(Eli har gjeve oss fullmakt til å offentleggjere både dikt og namn)

8 kommentarer:

  1. Rørande og utvilsamt fortent!

    SvarSlett
  2. Ja, dette gjorde inntrykk, Brandsar! Tenk at ei ung jente tek seg tid til slikt midt i alt styret med russerevy, avisskriving og eksamensførebuingar! Snufs...

    SvarSlett
  3. Så koselig, tenk å bli lovprist slik, da! Men meget vel fortjent, ingen tvil om det!

    Men ellers er det bare så fantastisk herlig det bildet av den vel meget unge bloggaren øverst. Helt knall!

    SvarSlett
  4. Biletet heilt øvst var teke lenge før blogging på nett var noko tema i det heile, men jenta med "mikrofonen" hadde nok trua på ei lysande karriére i ein heilt anna verdsvev...

    SvarSlett
  5. Var innom biblioteket i dag og såg både det nydelege diktet og den like nydelege diktaren.Ungdommen nå til dags er nok like bra som det eg støtt har trudd!
    Helsing fotografen av den svert unge diktlesaren. ( Ho starta karriera tidleg)

    SvarSlett
  6. Den purunge diktlesaren er djupt takknemleg for at ho fekk utfalde seg kunstnarleg frå eit slik tidleg stadium, og frydar seg i vaksen alder kvar dag over alle dei trivelege ungdomane som set farge på biblioteket vårt. Desse får ingen klage på, nei!

    SvarSlett
  7. For eit vakkert dikt! Håpar ho skriv mykje meir!

    SvarSlett