Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.
Viser innlegg med etiketten Kurs. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kurs. Vis alle innlegg

tirsdag 22. februar 2011

Simply the best frå 2010

Grytidleg i går pakka tre vise reiseskreppene og bukserte seg inn i ein utkald og morgongretten kommunal bil. Dei skulle til  Gjøvik for å gjera seg feite på raske bokhydratar, 100 bøker på 5 timar! Etter hopp og sprett og tjo og hei, feilparkering og fire Statoilbollar delt mellom seg, fanst dei att sitjande pent på stubbane sine like etter at skuleklokka slo. Dei fekk utdelt liste. Lister er fint! Her var det lista opp 100 titlar frå fjorårets utgjevingar på Norsk kulturråds innkjøpsordning. Her fylgjer nokre smakebitar med eit utval av tilhøyrande listekommentarar. Listen carefully:

Den tredje søsteren: Intelligent og aktuell bok om innvandrarar og press fra familien, Bli viss du kan, reis viss du må: Unge gutar, reiser til Afghanistan, prøver eig. å reise frå seg sjølve. Did you ever go clear? Orkanger: Ein av dei beste! Mobbing, hemn, livslangt skjebnefellesskap. Framsida da mann! Må lesa!, Bare mamma som er Gud, Ingen skal høre hvor stille det er: Flinkisforfattararar, Skrivekunstakademiet. Himmelbjørnens skog: Finnskogen. Ei av dei beste kvinnelege forfattarane i landet! Les!, Fiolinane: Velskrive dystopi, ei av dei aller beste!,

En dåre fri: Dobbel nominasjon til Nordisk Råds litteraturpris, tvangsinnleggingar, indre stemmer, Skuggen og dronninga: Galskap i bygdesamfunn, vakker nynorsk! Forenkling: Ungt studentpar får barn, uhygge, men leseopptur! Operasjon høye nord: Frir til mannlege lesarar og kvinner som likar spenning, Thriller, thriller night!, De ingen savner: Høy bazooka-føring frå Gjøvik, Barna: Samlivsbrot. Very good frå Danmark!, Pustegynge: Langt på dag, ingen kommentar, men les! De ukuelige optimisters klubb: Superhit, bittersøt fransk oppvekstskildring. Da vart ikkje Magnhild og Ragnhild, Karl Ove, Carl Frode eller Gaute nemnde - før nå.

Fast føde
Etter ei nær-trafikk-troll oppleving i Gryttingsvingen, prisar tre vise seg lykkelege over at dei alle er på plass att i bokheimen, litt feitare og litt visare, til teneste!

Uvis kvinne med dårleg veggrep: Rita

fredag 24. september 2010

At rejse er at leve

Skyskraparkleshaugar, stovekaninsubkulturar, overfristenlappar, kaoskontor. Dette er biverknadene av den store kurs- og inspirasasjonskuren som tre vise har gjennomgått den siste tida. Men dei positive effektane av kuren overskyggjer det skumle rotet og flokane totalt.

To unge X-box entusiastar på Trondheim folkebibliotek

Mest pop X-box-spel 2009
Vi har gått svangre med idéen om å prøve ut dataspel i biblioteket. I seg sjølv er dette litt skummelt. Kvifor skal vi ha dataspel inn i biblioteket? Skal biblioteka drive med alt mogleg rart nå for tida? Slik har vi undra oss og slik vil nok mange undre seg med oss. Så har vi blitt litt eldre og visare med tida og forløysinga er i gang. Vi veit at dataspel har mange positive effektar. Dei stimulerer til lesing, i sjølve spelet, med tekst både på norsk og engelsk. I mange tilfelle også før og etter spelet fordi dei unge les bøkene som spela handlar om t.d. Harry Potter, Knerten, Ringenes herre. Vi veit at dei unge har eit stort behov for å treffast og spela mot kvarandre, vera sosiale kring spelet. Vi ynskjer at biblioteket skal vera ein slik møteplass. Det er ein aktivitet som alle uansett sosial og kulturell bakgrunn kan samlast om. Dataspel har fått eit unyansert og i mange tilfelle ufortent negativt fokus. I Norge har Kulturdepartementet nå godkjent dataspel som eige kulturelt uttrykk på line med film, musikk og bøker. Dataspel har kome for å bli. Det er ein del av kvardagen til barn og unge og vi må ta det på alvor. Dataspel fengar særleg gutar. Gutar frå 10 - 18 år er ei gruppe som kanskje ikkje alltid finn tilbod som freistar i biblioteket. Dette betyr ikkje at vi at vi ukristisk kjøper inn og stiller til disposisjon kva spel som helst. Men vi har lyst til å prøve ut spel i biblioteket og har blitt grundig inspirerte både i Trondheim og på Bibliotekdagar i Oppland denne veka. Nå grundar dei såkalla vise hovuda våre på korleis vi skal løyse dette i praksis og vi leitar med argusauge etter oversette postar på budsjettet.

Fylkesbiblioteket sette også av ein heil dag til spel i bibliotek på Bibliotekdager i Oppland. Mange dyktige forelesarar inspirerte forsamlinga til å gå i gang. Det mest morosame var likevel workshoppen der bibliotekarane skulle teste ut spela sjølve. Det ligg nok an til bedriftsturnering i Wii-bowling på biblioteket med tid og stunder! Elles hadde vi ei fin kulturell og kulinarisk oppleving i Gausdal med omvisning på Aulestad, Bjørnson-forestilling og bugnande buffet med lokale spesialitetar i kulturhuset Ro. Dyktige bokformidlarar inspirerte til nye leseopplevingar og i dag legg vi Norrlands Akvavit i handlekorga. Denne trur vi vil passe for alle dei som likar bøkene til Arto Paasilinna.Så får underteikna heim og ordne med skyskraparhaugane og kaninkoloniane før ho legg ut på den store danningsreisa si over Atlanteren.

So long: Rita

At rejse er at leve: H. C. Andersen

tirsdag 14. september 2010

Ein luftmaskedag i september

Ready for departure
Medan det aerodynamiske snøggtoget susar over Dovrefjell, forøvrig i grell kontrast til det storslegne, haustfargesprakande scenarioet som utspelar seg utanfor togruta, sit dei to handarbeidsvise ved sida av meg fordjupa i luftmasker og halvstavar og oldemorblonder. Dei ensar ikkje scenarioet eller aerodynamikken med eit ord. Dei heklar for livet, for buliv og hyllebordar, for kalde handledd, for barn og barnebarn og barnebarns barn.

Scenario
Vi er på tur, på studietur til trønderhovudstaden. Vi skal studere spel i bibliotek og har invitert oss sjølve til visitt på Trondheim folkebibliotek i håp om å bli enda litt visare. Vi har gledd oss lenge og perfeksjonerer i bloggande stund trønderen i oss medan fastmasker og andre maskevekster flyg heftig gjennom lufta ispedd laustsitjande lattersalver.

Vi har alle vårt

Vi har sjølvsagt med oss lesestoff og er litt over snittet interesserte i kva medpassasjerar les. På vandringane våre rundt i toget på leit etter matstasjon og drikkepostar, sender vi lange blikk etter bøker i setelommer og på fang. Sjølve har vi blanda drops i veskene. Barne- og ungdomsheklaren har Drakeguten i kofferten. Den skikkeleg blonde har med seg gaveboka om Romanifolket. Den besøkjande A-kjendisen som vitja biblioteket om dagen, vart sjarmert i senk av hennar blide vesen og blonde lokker, og bokgave dumpa ned i postkassa eit par dagar seinare. Bloggaren gjer seg klar til å senke seg ned i Primtallenes ensomhet berre distrahert av heklekrokane si taktfaste vandring mot rikare mål og tråd. Oh yeah!

Tre vise musketerer
Bloggar: Neveunyttige Rita



fredag 3. september 2010

Teie er gull

Som dei fleste andre veker har også denne vore prega av små og litt større opp- og nedturar. Denne gongen har nedturane vore av det fysiske slaget. I løpet av veka har eg måtte svelge at røysta mi er "trong", at hofta mi er mistenkt for å innehalde spor av artrose, og eg har høyrt ei velkjend murring på iltert italiensk frå Mr. Lumbago. Han prøver på ny å ta bustad i meg. Dei to sistnemnde skavankane seier mest om ein aldringsprosess som i seg sjølv er nedbrytande nok å tenkje på, men som trass alt ikkje klarer å rokke ved mitt mentale eg. Da er det trast verre med den tronge stemma.

Eg og viskvinne Merete la ut på langtur til Lillehammer onsdag. Vi skulle på kurs i stemmebruk og presentasjonsteknikk. Viskvinna i passasjersetet prata muntert og uanstrengt utan å ofre det nært foreståande kurset ein bekymra tanke. Ho er på heimebane når det gjeld presentasjon. Sjåføren er så desidert på bortebane. Jo nærmare byen vi kom, jo meir tilsnørt og ordknapp vart bondepika bak rattet. Kurshaldaren var frå den beste vestkant i hovudstaden, chic, smart, oppflaska på stinn sjølvtillit. Namnet var Barrat-Due. Ingenting gale sagt om ho, tvert om, dama var dyktig, men auka ikkje sjølvkjensla hjå ein ørliten sjef med presentasjonsangst. Vi skulle lesa dikt. Eg hadde raska med meg ei bok med fjelldikt som vi hadde øvd oss litt på i lydstudioet på bakrommet tidlegare i sommar. Eg hadde fortrengt kurset så godt det let seg gjera og plukka i minutta før eg skulle i elden ut eit tilfeldig, dystert dikt av Tor Jonsson. Sjølvsagt var det også eit vanskeleg tilgjengeleg eit som eg ikkje heilt forstod alle botnane i. Men eg tykte eigentleg det gjekk nokså bra, skjønar de. Eg følte verkeleg at eg la sjela i det og at stemma heldt utan at all nervøsiteten velta ut av gapet, ut i rommet og inn i hjernevindingane hjå tilhøyrarane. Eg måtte lesa diktet femten gonger. Det var ikkje grunna halleluja-stemning! Barrat-Due pirka berre forsiktig med nebbet, ho skjønte nok at det var ein sart skapning ho hadde å gjera med, og turte ikkje ta fram den verste hakkespetten i seg. Etter 15. takning konkluderte ho med at stemma var litt trong, og at ho nok eigna seg best til dystre dikt (les: i einsemda på kammerset).

Halleluja-steminga kom med Merete. Ho er eit naturtalent og las Olav Aukrust så nakkehåra reiste seg og Barrat-Due flaksa henrykt med vengjene! All ære til skodespelar-viskvinna vår! I bilen heim konkluderte vi med at vi må drive med det vi er best til på jobben, da blir resultatet best! Bloggstemma mi er herleg lydlaus!   Rita

PS: Takk til kurshaldaren for eit lærerikt og nyttig kurs! Det var faktisk veldig bra! Men litt godarta harselering må vel ein trongstemt bloggar få lov å unne seg post festum!

fredag 18. september 2009

If you just smile...

Midt blant alle bokstablane i det før omtala bakrommet på Lom folkebibliotek, med 23 post-it-lappar som lyser gule og illevarslande (ja, dei er der enda...) og i vrimmelen av nye impulsar og inntrykk frå "Signaler i tiden", 5 fylkers konferansa som vart avslutta i går, sit ei av dei såkalla vise og prøver å disiplinere seg for blogging. Etter 3 dagar i mottakarmodus der ho i ro og mak har sete og berre sugd til seg kunnskap og inspirasjon frå dyktige foredragshaldarar og kollegaer, ispedd store mengder input frå bugnande lunsj- og middagsbord, er det hardt å koma attende til ein kvardag med tørre knekkebrød der den nyvunne inspirasjonen skal omsetjast i praksis.

Mange av signala som vart sendt ut på kurset var relativt kryptiske i forma som t.d. SNØ og BMAGTOIF2.0. I dag på ei triveleg laurdagsvakt i biblioteket, fell det ganske enkelt og naturleg å etterleva SNØ-signalet som omhandlar omdømmebygging og brukaren i fokus. Omdømmebygging startar innanfrå, "if you take care of the inside, the inside will take care of you" (yeah yeah yeah!), så i dag har bibliotekaren Smilt, Nikka og hatt Øyekontakt med alle lånarane sine og lever i håpet om at ho ikkje har skadd omdømmet vårt nemneverdig denne laurdagen. Inge Eidsvåg sendte også ut eit smil-signal i sitt foredrag om tida si på Trondheim folkebibliotek der bibliotekarane smilte som Marilyn Monroe og Meryl Streep til saman. Vi har noko å leva opp til i tida som kjem!

Saman med alle signala og dei mange ballane vi har i lufta frå før som Seniorsurf, regionale prosjekt, Lær data i biblioteket, barneteater, Bamsedag og bokpresentasjonar, ramla det sanneleg inn to ny bøker om ball i dag også.

For dei av dykk som ikkje allereie har løyst forkortinga BMAGTOIF2.0, så kan vi røpe at ho står ho for Bibliotekarar med altfor god tid og interesse for 2.0 (altså dei nye sosiale media som blogg (kremt), facebook, twitter m.m. Og nei, vi føler oss ikkje treft! Vi berre gjer som Charlie: http://www.youtube.com/watch?v=iu-rLA4POkI

Smilande bloggar: Rita