Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 14. september 2010

Ein luftmaskedag i september

Ready for departure
Medan det aerodynamiske snøggtoget susar over Dovrefjell, forøvrig i grell kontrast til det storslegne, haustfargesprakande scenarioet som utspelar seg utanfor togruta, sit dei to handarbeidsvise ved sida av meg fordjupa i luftmasker og halvstavar og oldemorblonder. Dei ensar ikkje scenarioet eller aerodynamikken med eit ord. Dei heklar for livet, for buliv og hyllebordar, for kalde handledd, for barn og barnebarn og barnebarns barn.

Scenario
Vi er på tur, på studietur til trønderhovudstaden. Vi skal studere spel i bibliotek og har invitert oss sjølve til visitt på Trondheim folkebibliotek i håp om å bli enda litt visare. Vi har gledd oss lenge og perfeksjonerer i bloggande stund trønderen i oss medan fastmasker og andre maskevekster flyg heftig gjennom lufta ispedd laustsitjande lattersalver.

Vi har alle vårt

Vi har sjølvsagt med oss lesestoff og er litt over snittet interesserte i kva medpassasjerar les. På vandringane våre rundt i toget på leit etter matstasjon og drikkepostar, sender vi lange blikk etter bøker i setelommer og på fang. Sjølve har vi blanda drops i veskene. Barne- og ungdomsheklaren har Drakeguten i kofferten. Den skikkeleg blonde har med seg gaveboka om Romanifolket. Den besøkjande A-kjendisen som vitja biblioteket om dagen, vart sjarmert i senk av hennar blide vesen og blonde lokker, og bokgave dumpa ned i postkassa eit par dagar seinare. Bloggaren gjer seg klar til å senke seg ned i Primtallenes ensomhet berre distrahert av heklekrokane si taktfaste vandring mot rikare mål og tråd. Oh yeah!

Tre vise musketerer
Bloggar: Neveunyttige Rita



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar