To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 17. september 2010

Den glade kvardag

Stilla har på ny seinka seg over kaupangen ved Nidaros, spegelen på rom 202 strevar framleis med fordøyinga av stuttvaksne -men akk, så fyldige-  mannekeng-inntrykk, offentlege x-boksar er atter okkupert av dyktig trønderungdom, og silregnet er garantert erstatta av blank haustsol leikande ved Nidosen. 3 vise har tørka regndropekrølllene, rekna småpengerestane og førebur seg no på realisering av planane den trønderske inspirasjonen støttar opp om. Offentleggjering av visjonane lyt bie til vi får sjå kor mange pengar sjefen kan hoste opp og kor vidt planane blir sette ut i livet, men vi har stor tru på at det er fleire enn oss som kan gle seg på nye aktivitetar blant bokhyllene.

Ungdomsskulen og vidaregåande er godt i gang med leseaksjonane txt og Rein tekst, medan barneskulane i kommunen inspirerer elevane ved å delta i Leselystaksjonen 2010. Flott!!....tenkte høgtlesaren, heilt til ho såg boklistene for dei ulike tiltaka og innsåg kor mange nattvake netter ho har framfor seg med fingervottar i rimskoten bakside under flaumljoset på nattbordet... Ein frir jo ikkje med bokprat på ymse lærarstabar før ein har sett dei representative boklistene, men slike bommertar tek ein naturlegvis aldri lærdom av. Heldigvis, for slik må ein jo la blankpussa heklekrok og oldermoblonder kvile og heller dukke ned i dei mange freistande barne- og ungdomsbøkene. Drakegutar, gravide jentungar, blodsugande vampyrar og ungdom på flukt er så desidert verd nokre sømnlause netter -prøv sjølv!

Og medan underteikna brukar nettene på oppdatering, kan somme drøyme om atter nye møte med kjende, store personar. Sjefsbibliotekaren bana seg på studieturen vår veg framom ei gild signeringskø med dei kvasse olbogane sine og fekk nok eit nytt fotografi til skryteveggen sin inne på kontoret. Forbigådde, godhjerta trønderar stod glåmsøygde og fjetra att ved synet av den framfuse skjønnheita som berre måtte fri på husbonden til Samartin for eit aldri så lite oppdrag bak mobilkameraet. Den gode Samartin skulle berre visst kor godt selskap ho er i på den nemnde veggen...


Heimvendt bloggar: Merete

2 kommentarer:

  1. Det hadde seg faktisk slik at husbonden tilbaud seg! å ta bilete av oss. Eg held olbogane tett inntil kroppen, som du veit...
    R

    SvarSlett
  2. Det var no også ein måte å sjå det på...

    SvarSlett