Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 21. september 2010

Highwayman - and girl

Trondheim to dagar førre veka, Lillehammer to dagar denne veka, USA neste veke - oh my God! Wonder when she is coming back to us.. Ja, det er sjefsvisa eg pratar om, ho er altså stadig på farten. I bartebyen var det studietur. Men rett skal vere rett, her fekk alle tre vere med, fulle av impulsar er vi snart klare for spel i bibliotek. I OL-byen er det bibliotekdagar, enda meir impulsar på gang - for sjefen og musevisa - men så er det tvert slutt på reiseverksemda til oss to undervise. Neste veke reiser The Boss over there, utan oss! Ho reiser heilt åleine ut i den store verda - trur kanskje ho skal få sakne vårt trygge lune reir her i Prestegarden - men så vel som vi unner henne denne turen! Og så great det skal bli når ho vender heim og fortel om wonderfulle opplevingar i sitt andre heimland. Det er ikkje så reint lite amerikansk cowboy-blod i den dama skal vite.
God tur kjære Rita, måtte du bli motteken som ei gudinne!! Og velkomen heimatt til småbruket øvst oppi skrukkedalen når det lir uti oktober...

Kva skal så "du og jeg og vi to" finne på da Merete? Du får låne sjefsstolen medan du kan, svare på epostar og lese inn dikt, høyre på bok i P2, søkje på prosjektmidlar og planleggje dagane våre. Så skal eg halde fortet i gang i skrankeområdet - her er det alltid nok og rydde iallefall! Vi kan rett og slett ikkje vere borte alle saman to dagar i strekk - slik såg det ut da bokkassa var tømt - og skranka flaut over - etter vår trip to trøndelagen. Vi skal gjere så godt vi kan sjef, men hugs at når katten er burte dansar musa på bordet..


Så var det dagens vesle påminning:
Kva gjer deg glad, var det ei som spurde meg om på eit møte her ein kveld, i full offentlegheit. Svært tankevekkjande spørsmål, som sette alle mine meir eller mindre intakte små grå i full sving! Så kom eg da på nokre ting som eg kunne trekkje fram - og plutseleg kom eg på mange mange ting! Ting eg vart liggjande og tenkje på lenge etter at både stjerner og måne hadde blinka og blunka natta til meg den kvelden. Prøv det sjølv! Og Rita; det er dei same stjernane og den same månen same kvar du er!



Have a nice day! Best regards, Aud

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar