Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.
Viser innlegg med etiketten Lyrikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lyrikk. Vis alle innlegg

tirsdag 26. mars 2013

Vårblå himil i mars

Even Lusæter les. Foto: mostlys-dikt.origo.no
I dag måtte vi berre samkøyre med fjelldiktbloggen Ord om fjell. Her legg vi ut fjelldikt i tekst, lyd og bilete kvar fredag. Og tysdag i påskeveka.

God påske!

Vårblå himil i mars
av Olav Aukrust

I stekkja, nedsnøa fjellskog gøymde,
var kjervi utrivne, lasset lesst.
Eg låg på lauvlasset, dorma, drøymde,
og morgonstjerna stod bleik i vest.
Og hesten lunka, og bjølla singla,
det song so vakkert i massing-dingla:
Å linge-ling, linge-linge-lan-
tobak og pipe, so går det an!

Eg låg på ryggen og såg på røyken
vart blåe risar og rare dyr.
Og heid og himil og eg og øyken
og alt ikring oss vart eventyr.
Kva er so gufsande friskt og godt som-
og mildt og drivkvitt og reint og blått som-
- å linge-ling, linge-linge -lei-
ein vårblå himil og mars på heid!

Det skein og blenkte so hål ein blåne,
der slede-meian' på vegen rann.
Og uthengd var det so blank ein måne,
og alt var vakkert og vel i stand.
Det var so inderleg mjukt og mildt, at
det rann so inderleg mjukt og stilt, at
- å linge-ling, linge-linge-lo-
all skog og vigge som fjetra stod.

Og grønt var lasset, og kvit var skogen,
og raud var himil'n i aust å sjå.
Og mi var stundi, og vårleg hugen,
og vakker ho som eg tenkte på...
Ho Guri Jukule, vakker-jenta,
kven var det, tru, som ho gjekk og venta?
Ja linge-ling, linge-linge-lan-
de'm ein fynge ho, ljote alt gå an!

Stekkje: Lauvstekkje

Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 222

tirsdag 20. november 2012

En önskan

Kva er vakrare enn lyrikk i svensk språkdrakt? Dette kom eg over i dag.

En önskan


Av hela vår soliga värld
önskar jag blott en trädgårdssoffa
där en katt solar sig...
Där skulle jag sitta
med ett brev i barmen,
ett enda litet brev.
Så ser min dröm ut...

Edith Södergran

Rita

tirsdag 21. august 2012

Om du var ei bok, hadde du fortent at nokon las deg

Bibliotekaren i deg har alltid ei tung samvitsbør. Det er alle desse bøkene du aldri får lese. Som nå. Tre kartongar med bøker frå Innkjøpsordninga for norsk og omsett litteratur. Tre kartongar fylt til randa av enno ukjende landskap, skitne historier, varme formuleringar, ord du ikkje visste at du jakta før dei trefte deg, pennar du ville forgude. Somme skulle du slukt rått. Andre skulle du nippa sakte til som du nyt ein dyr Barolo. Du skulle helst lese dei alle. For din eigen del. For boka sin del. For lånarane. For formidlinga.

Men du gjer det ikkje. Eller du gjer det med så altfor få. På jobben blir det altfor lite tid til skikkelege smaksprøver. Ei side her og fem sider der når du registerer dei. Veldig få bibliotekarar på mindre bibliotek har lesetid som del av arbeidstida. Og resten av døgnet fyller du med handleposar, kaffi, herbarium, bakgrunnsstøy, du tenkjer at du snart blir galen av bakgrunnsstøy, kleshaugar, nei, klesfjell, instagram, moppar, kasseroller, Zalo, surfing og sømn. . Boka står tagal i hylla og ventar. Krev ingenting. Berre står der parat. Ventar at du ein dag skal rive deg laus frå alt dette andre som bitt deg. Ventar til det blir berre du og ho og ingenting anna.

Dei tjukke romanane ligg dårlegast an. Du vegrar mest for å gje deg i kast med dei. Det dei ikkje får sagt på 250 skjønnlitterære sider, er det verd å seia? Ja, iblant. Iblant skulle du ynskje dei aldri tok slutt, men ofte er altfor mange ord overflødig fyllmasse. Og du trur det ballar på seg. Fleire og fleire skriv bøker i Kate Morton-size. Det gler deg å sjå at til dømes Leikvold held den nye boka si Bovara, på forbilledlege 200 sider. Du hallar meir og meir mot dei korte, fortetta formata. Det gler deg å opne den øvste kartongen og finne dette.

Botvar m.fl.: Bob Dylan. Mannen, myten og musikken, Arne Ruste: Kretsløp,
Terje Dragset: Bella blu, Marianne Clementine: Bilydar



eg fylgjer fingeravtrykka dine
tilbake til den eg var

før svevnen min vart ein
kolibriveng

prøver å kjenne etter
kvar du planta
denne uroa

språket mitt har blitt for lite
for det kjærleiksdiktet
eg treng skrive

eg treng skrive deg i senk
men minnet om deg
har vakse seg like stort som

heile bygningar
og alle gater
eg har mist deg i

berre så du veit det:

dersom hjartet ditt var eit rom
skulle eg gått inn med sko på

markert på det flett nye golvteppet
og knust noko fint

Frå Bilydar av Marianne Clementine

Det er bra det finst mangfald blant menneska. Det er bra det finst mangfald blant bøkene. Det er bra det finst bibliotek der mangfaldet kan møtast og formidlast.

Rita

PS: Det er bra at ei av viskvinnene har kjøpt seg skrivestugu slik at det litterære mangfaldet kan aukast ytterlegare med tid og skrivestunder.

tirsdag 10. juli 2012

Sommarlengtyre

aleine
på biblioteket
når døra er stengt
aleine med bøker
aleine med all
den
lengt
som gøymer seg
mellom permar
ber han rundt finn rette plassen set han inn med ryggen til
der han høyrer heime
 slik at nokon
kan finn
 han att når dei
treng å finne ein
streng frå lengten sin
til lengten din
bok




Ja, vi saknar dykk, vise kvinner.
Eg og bøkene. Dei klagar og ber seg over ende for at dei ligg hauglagt altfor lenge nå for tida.
Dei vil opp og stå rakrygga i hyllene. Eg høyrer dei kviskrar i store bokstavar om at alt var betre før
ferien.

Rita

tirsdag 13. desember 2011

Dansen

I det bibliotekaren skulle sjå attende på året som  har gått, spratt orda ut gjennom tastaturet til noko litt anna enn det som var tenkt... Kanskje er det lengten etter ein svingom i jula som riv?


Dansen

Dansen gjennom dagen,
tanande timar renn i ein straum
-knivar om plassen,
i ein levande draum.

 Dansen gjennom veka,
opptur og nedtur som perler på snor
-trædd saman på lenkja,
der livsvisdom gror.

Dansen gjennom året,
flagrande dagar som helste og fór
-baud opp til så ymse,
og somt sette spor...

Dansen gjennom livet,
stavhøge rundkast med tango på slep
-sliper kvassegg til rundstein,
med uventa knep.


Bloggar midt i dansen: Merete



fredag 7. oktober 2011

Skäms inte för att du är människa, var stolt!

Gratulerer til Tomas Tranströmer og til poesien med Nobels litteraturpris 2011. Prisen får Tranströmer "fordi han i fortettede, gjennomskinnelige bilder gir oss ny tilgang til virkeligheten", heiter det i Svenska Akademien si grunngjeving.
Jag bärs i min skugga 
som en fiol i sin svarta låda 
Det enda jag vill säga 
glimmar utom räckhåll 
som silvret hos pantlånaren.
Foto: blogg.wolfdog.no

Två sanningar närmar sig varann. 
En kommer inifrån, en kommer utifrån
och där de möts har man en chans 
att få se sig själv.
 
Marc Chagall: I and the Village
Foto: R.E.M., MoMa 2010
Mitt i livet händer det att döden
kommer och tar mått på människan.
Det besöket glöms och livet fortsätter.
Men kostymen sys i det tysta.

Skäms inte för att du är människa, var stolt!
Bloggar: Rita


Det finns mitt i skogen en oväntad glänta som bara kan hittas av den som gått vilse.

tirsdag 22. mars 2011

Ord om fjell


21. mars 1999 innførte UNESCO Verdens poesidag for å skape merksemd kring lesing, skriving og publisering av poesi over heile verda. Lyrikkbøkene er ikkje dei som skrik høgast korkje i media eller i bokhyllene rundt om i biblioteka våre. Dei vert ofte overdøyvde og gløymde i ein hektisk konsumkvardag. Det er som oftast når det kjem til dei store merkedagane, når livet er i ytterstilling, at vi søkjer sanninga i dikthylla.


Her i Ottadalen er det fostra mang ein lyrikar opp gjennom tidene. I Lom har vi Olav Aukrust og Tor Jonsson som dei mest kjende. I tillegg har Jo Turtumøygard, Lars Runningen, Lisbet Venås og fleire med dei gjeve ut eigne diktsamlingar. Om det er ei lyrisk åre som fylgjer det turkise brevatnet nedetter dalen, om det dei høge fjella som omkransar oss, om vi har ei omgangsform som er særskilt karrig på godord og kjærteikn, med ei dialekt som manglar ordet kjærleik, om det er dette som skapar dei gode vekstvilkåra for poesien, sjå det blir berre spekulasjonar.

Biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen har i alle høve valt å setje fokus på dei lokale lyrikarane våre gjennom prosjektet "Ord om fjell". I tråd med regionen si satsing som Nasjonalparkrike, har vi samla rundt 300 dikt og små tekster om fjell og fjelliv. Dei fleste dikta er skrivne av lokale forfattarar. Vi har henta inn løyve til å publisere dikta på nettet og ein del av dikta kan du også få høyre opplese av lokale utøvarar. Prosjektet er støtta av Oppland fylkesbibliotek og Regionrådet for Nord-Gudbrandsdalen. Lanseringa av prosjektet skal gå føre seg i starten av mai. Her får du ein liten smakebit. Nedst på sida ligg lydfila der du kan høyre viskvinne Merete framfører diktet.

Bu

Alle foto: Rita Mundal
Vegen var gådd.
Varden var nådd.
Der kjende eg sæl,
der skyna eg vel:
Mitt liv må eg liva i kjærleik og tru.
No vil eg min vegen til bygder att snu.
Eg vil byggje min fridom eit bu.

Ikkje hus eller hytte,
hall eller horg.
Ikkje attlæst kloster,
slott eller borg.-
Ikkje byliv med gatur og torg.

Men mot himlen ein blånande
rein katedral,
med spir upp mot stjernur
i titusundtal,
og med tropp upp i fager spiral.

Ifrå hjartans grunn,
gjennom draum og mystikk,
strøyme lovsongen rein,
rise lengsels gotikk,
råde kjærleikens eigen logikk.

Eit upplyst tempel:
eit kjærleiks-sinn,
der gjevande geislar
går ut og går inn
med trui som vågar og vinn.

Ikkje rikdoms trå
i fortærande jag,
men nøgd med Guds nåde
som ny gjev kvar dag
eit strålande riddarslag.

Ikkje armodi myrk,
ikkje trældomsliv.
Men eit friviljug fatigdoms
fritt gjevne liv,
ja, eit åndeleg fjellbu-liv.

Olav Aukrust
Himmelvarden, Gyldendal, 1916, s. 351

http://dl.dropbox.com/u/8579839/Bu%20av%20Olav%20Aukrust%20Merete%20Byr%C3%B8ygard.mp3

Bloggar: Rita

fredag 18. februar 2011

Man of voice

Even  med "utstyret"
Då styggevèret gav seg, vart det til sist så oppljost at 3. vismann endeleg fann vegen fram åt gammel-prestgarden. Med bøker i handa banka han førre fredag på den store, kvite døra, klar for innsats for damene på huset. Viskvinnene utstyrte jarnfjeset med naudsynt reiskap, plasserte han på sjefskrakken og opna alle kanalar på det teknologiske maskineriet framfor han -og tufsa sjølve stilt fram blant hyllerekkjene for å la Mannen jobbe i fred. Oppdraget var å lese inn dikt for prosjektet "Fjell i ord".

Aldri før har kvinnfolka på huset hatt lengre øyro. Vi visste jo at guten var dyktig, men at så stram ei maske kan deklamere kjenslevare dikt med slik innleving, så sanseleg og levande, nei, det var mest for godt til å vere sant. Nok eit maskulint funn for 3 vise, ei stemme som smyg seg innover øyrgangane og legg att spor av sorg og glede, humor og råskap, varige spor som lyfter lyrikken inn i ein ny dimensjon. De kan berre gle dykk på å få høyre resultatet!

 Medan alle desse dyktige karane rundt oss er i aksjon, lyt vi sjølve hengje fingrane i andre gjeremål. Vi har etter  kvart utvikla ei gild samling bøker med dårleg rygg, men har eit ymse tilbod å gje desse "pasientane". Med kjenslelivet liggjande å duppe i overflata etter alle dei lyriske inntrykka, skulle eg såleis i dag gjere ein innsats for all ryggplåga. Med friskt mot fann eg fram den visne asken med reparasjonsutsyr og diska fram halvskrale bøker og sundrivne permar. Men limet, da gut -det profesjonelle bokbindarlimet vårt har vorte så stivt og seigt at kniven knapt nok får pirka ut noko som helst. Heile guffa minner mest om gammal kaldgraut iblanda tapetklister, og får ein først laus ei klesse, er det så stor ein klank at det er uråd å kline utover i det heile... Ventelista for ryggpasientane blir nok ikkje stuttare med det første. Enno godt vi har nye, friske bøker å vise til i hyllene...
 

Hall of Fame -nye, friske bøker!

 Bloggar: Merete-som-også-vil-lese-dikt-med-innleving...

fredag 22. oktober 2010

Ein raud ost til begjær!

Førre laurdag vart biblioteket fyllt av blide menneskje i alle aldrar som hadde ikledd seg nokre flotte T-skjorter med bilete av vår alles kjære G35 på. Det synte seg at dei hadde vore med på markeringa ved ysteriet der La G35 leve-stafetten med G35-bilen starta opp. Fortsatt prega av jetlag og tjukke kalorilag på hjerna, hadde ikkje den vakthavande omløp nok til å avbilde dei blide bibliotekgjestene. Men tre vise let det ikkje gå upåakta hen at osten vår er på alle lepper og forhåpentlegvis også innafor leppene i heile vårt langstrekte land om dagen. Vi har sjølvsagt gått til innkjøp av eit flott eksemplar G35 sjølve au. Han hevar smaken på dei tørre knekkebrøda våre betrakteleg. Ver obs på at det berre er ostar med produksjonsnr 164 som er dei ekte Gudbrandsdalsostane når du fyller handlekorga di for helga! God helg med G35 til alle måltid, på skiva, i sausen, i kaka, på kjeksen, til nattmaten. Med ynskje om ei god og raud helg!

Mel: Teddyen min

Av bestemor fekk eg ein vane
på skiva mi da eg voks opp.
Alltid med eit smil
med kakao til
fekk eg raudost
så god og så mild.

Sjå på vår vesle raudost du,
han vandrar rundt på bordet nu,
der stoppar han hos veslebror
som vil ha skiva kjempestor.
Storebroren maular rått,
syster rullar han så flott.
Det er ein hundråsekstifir
viss du skulle ver i tvil.

Han kjem kj frå Sogn eller Kina.
Han kjem kj frå Moss eller Wien.
Han er ein ekte døl,
det seier vel seg sjøl
at han kan kj ver
made in - Hobøl.

Sjå på vår vesle raudost du,
han køyrer rundt i landet nu.
Der køyrer han litt rundt omkring
for å syne kvar han høyrer til.
For ekte vare vil vi ha
det gjer oss alle saman glad.
Dølaosten han er best.
Berre prøv å ta ein test!

Rita raudostbloggar




fredag 10. september 2010

Bua


Det låg ei bu der i snaue fjellet,
-ho baud og lokka meg oppi hellet.
Ei dør så låg, eit par blanke ruter,
-var alt ein trong der frå kjel til puter.


Glasa omkransa av florlett ty
-utom nova beita sau og ky.
Liten vedomn gav ein lunk i kroppen,
-attåt brød med raudost og litt varmt i koppen.


Duk på bordet, ljos og hyttebok,
-signert av mang ein sliten fjellkrok.
Brisk ved veggen baud på kvild for fjellkar,
etter mange timar langsmed kjørr og bekkefar.


Eit lite under er det å finne slik,
-som gjer sjølv fattig fant andektig rik.
Så takk for stunda her, du vesle bu,
-eg kjem nok att snart, vil eg tru!


Rik bloggar : Merete

fredag 3. september 2010

Teie er gull

Som dei fleste andre veker har også denne vore prega av små og litt større opp- og nedturar. Denne gongen har nedturane vore av det fysiske slaget. I løpet av veka har eg måtte svelge at røysta mi er "trong", at hofta mi er mistenkt for å innehalde spor av artrose, og eg har høyrt ei velkjend murring på iltert italiensk frå Mr. Lumbago. Han prøver på ny å ta bustad i meg. Dei to sistnemnde skavankane seier mest om ein aldringsprosess som i seg sjølv er nedbrytande nok å tenkje på, men som trass alt ikkje klarer å rokke ved mitt mentale eg. Da er det trast verre med den tronge stemma.

Eg og viskvinne Merete la ut på langtur til Lillehammer onsdag. Vi skulle på kurs i stemmebruk og presentasjonsteknikk. Viskvinna i passasjersetet prata muntert og uanstrengt utan å ofre det nært foreståande kurset ein bekymra tanke. Ho er på heimebane når det gjeld presentasjon. Sjåføren er så desidert på bortebane. Jo nærmare byen vi kom, jo meir tilsnørt og ordknapp vart bondepika bak rattet. Kurshaldaren var frå den beste vestkant i hovudstaden, chic, smart, oppflaska på stinn sjølvtillit. Namnet var Barrat-Due. Ingenting gale sagt om ho, tvert om, dama var dyktig, men auka ikkje sjølvkjensla hjå ein ørliten sjef med presentasjonsangst. Vi skulle lesa dikt. Eg hadde raska med meg ei bok med fjelldikt som vi hadde øvd oss litt på i lydstudioet på bakrommet tidlegare i sommar. Eg hadde fortrengt kurset så godt det let seg gjera og plukka i minutta før eg skulle i elden ut eit tilfeldig, dystert dikt av Tor Jonsson. Sjølvsagt var det også eit vanskeleg tilgjengeleg eit som eg ikkje heilt forstod alle botnane i. Men eg tykte eigentleg det gjekk nokså bra, skjønar de. Eg følte verkeleg at eg la sjela i det og at stemma heldt utan at all nervøsiteten velta ut av gapet, ut i rommet og inn i hjernevindingane hjå tilhøyrarane. Eg måtte lesa diktet femten gonger. Det var ikkje grunna halleluja-stemning! Barrat-Due pirka berre forsiktig med nebbet, ho skjønte nok at det var ein sart skapning ho hadde å gjera med, og turte ikkje ta fram den verste hakkespetten i seg. Etter 15. takning konkluderte ho med at stemma var litt trong, og at ho nok eigna seg best til dystre dikt (les: i einsemda på kammerset).

Halleluja-steminga kom med Merete. Ho er eit naturtalent og las Olav Aukrust så nakkehåra reiste seg og Barrat-Due flaksa henrykt med vengjene! All ære til skodespelar-viskvinna vår! I bilen heim konkluderte vi med at vi må drive med det vi er best til på jobben, da blir resultatet best! Bloggstemma mi er herleg lydlaus!   Rita

PS: Takk til kurshaldaren for eit lærerikt og nyttig kurs! Det var faktisk veldig bra! Men litt godarta harselering må vel ein trongstemt bloggar få lov å unne seg post festum!

fredag 6. november 2009

Norsk lyrikkhistorie på 3,5 min

Kravet om effektivitet blir stadig større i samfunnet vårt. Dette er noko dei 3 vise har teke innover seg til fulle den siste tida og det toppa seg i dag. Vi hadde budd oss på koseleg besøk av sprenglærde 3. klassingar frå den vidaregåande skulen som stod på tur til å ta eit djupdykk ned i den norske lyrikken. Jau da, eg hadde laga bokutstilling og delt lyrikkhistorien inn i epoker og klistra sirleg skrivne klistrelappar på veggen. Mi kjære kollega Merete hadde pliktoppfyllande funne dei viktigaste lyrikarane i kvar periode og vi var eigentleg nokså tilfredse med oss sjølve og klare for storinnrykk. Merete hadde nær sagt som vanleg (merk: det var berre nær sagt, Merete) planta seg i skrankeposisjon klar til endeleg å få låne ut noko av denne fine lyrikken vår som så altfor sjeldan er ute av hyllene. Eg skulle få æra av å syne dei utstillinga og rettleie dei litt i val av bøker og forfattarar. Elevane kom i 3 puljer á 15 min. så med boklån inkludert i tida så rekna vi med at dette skulle vera grei skuring. Men det gjekk etterkvart opp for meg at dei ikkje kom for å LÅNE bøker. Nei da, dei kom for å få "eit komplett oversyn over den norske lyrikken framført med stor glød og entusiasme" som kickåff til lyrikkprosjektet. Stotrande stod eg nå der da framfor all denne kjekke ungdommen og kunne ikkje anna enn å lire av meg namna på denne namnelista eg hadde å klamre meg til. Irrgangane i den poetiske realismen, nyromantikken og modernismen er eg redd de må be Ellen om å gje ei grundigare innføring i. Men effektivt var det og bokutgjeving er vurdert: "Norsk lyrikkhistorie på 3,5 minutt". På biletet ser de dei ivrigaste elevane som sleit med å rive seg laus frå lyrikkhylla.
Elles har vi for tida triveleg selskap av ei mengd sjølvproduserte og eigenarta Knerten-figurar som 4. klassingane på Loar har laga. Desse figurane har verkeleg sjel og er vel verd å avleggje eit besøk. Vi måtte også ta med eit lite Knerten-sitat i dette høvet der de ser ein av dei mest likehendte brudgommane som har gått til alters i Norge gjennom tidene: "Du Knerten, vil du ha Karoline som ved siden av deg står, til kone? Så får jeg det da, og så var Knerten og Karoline gift." Det må tilføyast at dette var eit tvangsekteskap, men berre Knerten fekk kalle ho hustru istaden for kone og når han innsåg fordelane med å ha ei heimeverande kvistmor til å ta seg av mann og barn, gjekk alt så mykje betre.I førre blogginnlegg mangla det bilete av det nye kaffe-/tebordet vårt og det vart meir enn hinta om at kameraet mest sannsynleg hadde gått seg bort i den lett kaotiske veska til den digitalt bortreiste. Som de ser har kameraet dukka opp att og nå ventar vi berre på trivelege kundar som tek seg tid til ein prat og ein kopp i lag med oss. God helg!

Effektiv bloggar: Rita