Det låg ei bu der i snaue fjellet,
-ho baud og lokka meg oppi hellet.
Ei dør så låg, eit par blanke ruter,
-var alt ein trong der frå kjel til puter.
Glasa omkransa av florlett ty
-utom nova beita sau og ky.
Liten vedomn gav ein lunk i kroppen,
-attåt brød med raudost og litt varmt i koppen.
Duk på bordet, ljos og hyttebok,
-signert av mang ein sliten fjellkrok.
Brisk ved veggen baud på kvild for fjellkar,
etter mange timar langsmed kjørr og bekkefar.
Eit lite under er det å finne slik,
-som gjer sjølv fattig fant andektig rik.
Så takk for stunda her, du vesle bu,
-eg kjem nok att snart, vil eg tru!
Rik bloggar : Merete
ÅÅÅÅ!!! Gerd M
SvarSlettVar det ikkje nett der, Gerd Mona? Anbefalast på det varmaste!
SvarSlett