Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 7. september 2010

Magi...

Magi, kva er det? Svart eller kvit? Små augneblink? Store hendingar? Draumar eller handfaste opplevingar? Enkelte menneske er magiske. Nokon skriv magisk, medan andre utøver magi. Magi er spanande og mystisk - magi gjer noko med kilinga i magen - vi veit ikkje alltid kva vi skal tru - men det påverkar oss! Vi blir til ein viss grad tiltrekte av det magiske, samstundes blir vi kanskje litt redde fordi vi kjenner at vi ikkje sjølve har kontrollen på alt heile tida...

Bøker kan svært ofte vere magiske. To av haustens bøker er nettopp det, men på kvar sin måte.


"Det er magi vi skaper, ikke sant, abuela?" "Nå ja, det er avgjort en måte å se det på," svarte hun tankefullt. "Eller kanskje det er magien som skaper oss."
Sebastian drøymer om å vere som dei andre gutane, å kunne springe som ein vind over fotballbana. Men ein hjertefeil gjer at han må stå på sidelina. Sebastian finn sin arena på kjøkenet hjå abuela Lola, og saman lagar dei eksotiske rettar som fører ein splitta familie saman.
Mofongo er Samartin-magi på sitt beste. Dette er ei forteljing om å danse med døden, om korleis små seire bygger vakre liv, om kjærlighet og lengsel gjennom generasjonar og hjerter som brist på så mange måtar. Mofongo viser at skillet mellom glede og sorg ikkje er skjørt, men usynlig.

Nå har Joralf Gjerstad sjølv skreve om sine opplevingar og tankar gjennom eit langt liv i medmenneska si teneste. Han fortel om heimbygda Snåsa og oppvekstminner frå før krigen, om Johan Nygaardsvold, Helge Ingstad og andre menneske som har betydd mykje for han, om sjukdommar han har kurert, og om den gode kraften som er ljoset i tilværet. Uttallige er dei som har oppsøkt Gjerstad for å få hjelp. Gjerstad fortel om nokre av disse gripande møtene og om kva som skjedde vidare. Vi kjem tett på Snåsamannens kjensler og korleis han opplever å ha dei heilt spesielle evnane sine. I Den gode kraften møtes overnaturleg undring og jordnær livsvisdom. Klokt og varmt frå ein folkehelt.

Ellers er det da litt magi i kvardagen her på bruket au, vi har kjendisar i A-klassa innom for å låne pc og skrive kommentarane sine til Aftenposten - ein svevar liksom litt etterpå når ein må gje frå seg adressa si  fordi kjendisen gjerne vil sende deg ei signert bok!

Og som ikkje det er nok kjem landsbyhøvdingen vår innom her i dag - med representantar frå kommunal- og regionaldepartementet!
3 vise gler seg stort - vi  er stolte av arbeidsplassen vår - av det vi gjer og formidlar - med eller utan magi...

Ha ein fin haustdag i strålande magiske solstråler!!

Bloggar: MagicAud fra Tryll (forøvrig heilt utan magiske evner..)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar