Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.
Viser innlegg med etiketten Spel i biblioteket. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Spel i biblioteket. Vis alle innlegg

tirsdag 8. mars 2011

I morgon, i morgon...

Brennheit kaffe og rike antioksydantar
Slik ein fin morgon. Kjende meg kvek med det same alarmen vibrerte ved sengekanten. Fekk all verda med tid til huslege syslar og morgonlufting av hunden. Stilt vèr med eit mildt vårdrag i lufta. Lykke. Enno meir tid. Nokre omgangar på rundsneisa, brennheit kaffe, låg skulderføring. Til sist ein lang, velgjerande dusj og pynting av fasaden før møte med lånarane. Full kontroll.

HÆ?? Ein rask sjekk av litterære gjeremål på almanakken bak skranken, og all berande luft poffar ut av den trygge kontrollbobla. Mi eiga handskrift har notert med godt leseleg skrift på tysdag 8.mars: "13.10: Bokprat 6.kl" Eit notat eg ikkje kan hugse å ha sett nokon gong... Ein kjapp telefon prega av stotrande skam til skuleleiinga, og dagen vart brått ikkje så vidunderleg fager lenger. Ved endt kveldsvakt på kvinnedagen skal eg bera med meg heim dei aller beste av dei nyaste bøkene eg kan tenkje meg for ein tolvåring. Så skal kveldande framover brukast på grundig lesing og førebuing til ein uforgløymeleg bokprat for dei bortgløymde elevane.

Djup konsentrasjon i svingane!
Forklaringa på minnesvikten kan truleg skuldast nyvinninga sjefen har henta i hus. Spel i biblioteket er no ein realitet for vår del, der to x-boksar og ein wii-maskin vil by på fart, læring og moro i tida framover. Førre veke henta vi inn ungdommeleg faghjelp i kursing av x-boks, og pulsen steig i takt med kvinande innleving, der kjerringene til sist sat ytst på krakken med sundbiten tunge og veiva med fjernkontrollen i håp om å få vrengt racerbilen inn på bana att. Sveitte, slitne og hungrige på meir action konstaterte vi at dette var festleg! Eg har allereie ymta frampå om ein aldri så liten personaltreff på spelrommet i næraste framtid...

Bloggar med trua på morgondagen: Merete

fredag 24. september 2010

At rejse er at leve

Skyskraparkleshaugar, stovekaninsubkulturar, overfristenlappar, kaoskontor. Dette er biverknadene av den store kurs- og inspirasasjonskuren som tre vise har gjennomgått den siste tida. Men dei positive effektane av kuren overskyggjer det skumle rotet og flokane totalt.

To unge X-box entusiastar på Trondheim folkebibliotek

Mest pop X-box-spel 2009
Vi har gått svangre med idéen om å prøve ut dataspel i biblioteket. I seg sjølv er dette litt skummelt. Kvifor skal vi ha dataspel inn i biblioteket? Skal biblioteka drive med alt mogleg rart nå for tida? Slik har vi undra oss og slik vil nok mange undre seg med oss. Så har vi blitt litt eldre og visare med tida og forløysinga er i gang. Vi veit at dataspel har mange positive effektar. Dei stimulerer til lesing, i sjølve spelet, med tekst både på norsk og engelsk. I mange tilfelle også før og etter spelet fordi dei unge les bøkene som spela handlar om t.d. Harry Potter, Knerten, Ringenes herre. Vi veit at dei unge har eit stort behov for å treffast og spela mot kvarandre, vera sosiale kring spelet. Vi ynskjer at biblioteket skal vera ein slik møteplass. Det er ein aktivitet som alle uansett sosial og kulturell bakgrunn kan samlast om. Dataspel har fått eit unyansert og i mange tilfelle ufortent negativt fokus. I Norge har Kulturdepartementet nå godkjent dataspel som eige kulturelt uttrykk på line med film, musikk og bøker. Dataspel har kome for å bli. Det er ein del av kvardagen til barn og unge og vi må ta det på alvor. Dataspel fengar særleg gutar. Gutar frå 10 - 18 år er ei gruppe som kanskje ikkje alltid finn tilbod som freistar i biblioteket. Dette betyr ikkje at vi at vi ukristisk kjøper inn og stiller til disposisjon kva spel som helst. Men vi har lyst til å prøve ut spel i biblioteket og har blitt grundig inspirerte både i Trondheim og på Bibliotekdagar i Oppland denne veka. Nå grundar dei såkalla vise hovuda våre på korleis vi skal løyse dette i praksis og vi leitar med argusauge etter oversette postar på budsjettet.

Fylkesbiblioteket sette også av ein heil dag til spel i bibliotek på Bibliotekdager i Oppland. Mange dyktige forelesarar inspirerte forsamlinga til å gå i gang. Det mest morosame var likevel workshoppen der bibliotekarane skulle teste ut spela sjølve. Det ligg nok an til bedriftsturnering i Wii-bowling på biblioteket med tid og stunder! Elles hadde vi ei fin kulturell og kulinarisk oppleving i Gausdal med omvisning på Aulestad, Bjørnson-forestilling og bugnande buffet med lokale spesialitetar i kulturhuset Ro. Dyktige bokformidlarar inspirerte til nye leseopplevingar og i dag legg vi Norrlands Akvavit i handlekorga. Denne trur vi vil passe for alle dei som likar bøkene til Arto Paasilinna.Så får underteikna heim og ordne med skyskraparhaugane og kaninkoloniane før ho legg ut på den store danningsreisa si over Atlanteren.

So long: Rita

At rejse er at leve: H. C. Andersen

tirsdag 14. september 2010

Ein luftmaskedag i september

Ready for departure
Medan det aerodynamiske snøggtoget susar over Dovrefjell, forøvrig i grell kontrast til det storslegne, haustfargesprakande scenarioet som utspelar seg utanfor togruta, sit dei to handarbeidsvise ved sida av meg fordjupa i luftmasker og halvstavar og oldemorblonder. Dei ensar ikkje scenarioet eller aerodynamikken med eit ord. Dei heklar for livet, for buliv og hyllebordar, for kalde handledd, for barn og barnebarn og barnebarns barn.

Scenario
Vi er på tur, på studietur til trønderhovudstaden. Vi skal studere spel i bibliotek og har invitert oss sjølve til visitt på Trondheim folkebibliotek i håp om å bli enda litt visare. Vi har gledd oss lenge og perfeksjonerer i bloggande stund trønderen i oss medan fastmasker og andre maskevekster flyg heftig gjennom lufta ispedd laustsitjande lattersalver.

Vi har alle vårt

Vi har sjølvsagt med oss lesestoff og er litt over snittet interesserte i kva medpassasjerar les. På vandringane våre rundt i toget på leit etter matstasjon og drikkepostar, sender vi lange blikk etter bøker i setelommer og på fang. Sjølve har vi blanda drops i veskene. Barne- og ungdomsheklaren har Drakeguten i kofferten. Den skikkeleg blonde har med seg gaveboka om Romanifolket. Den besøkjande A-kjendisen som vitja biblioteket om dagen, vart sjarmert i senk av hennar blide vesen og blonde lokker, og bokgave dumpa ned i postkassa eit par dagar seinare. Bloggaren gjer seg klar til å senke seg ned i Primtallenes ensomhet berre distrahert av heklekrokane si taktfaste vandring mot rikare mål og tråd. Oh yeah!

Tre vise musketerer
Bloggar: Neveunyttige Rita