Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 8. mars 2011

I morgon, i morgon...

Brennheit kaffe og rike antioksydantar
Slik ein fin morgon. Kjende meg kvek med det same alarmen vibrerte ved sengekanten. Fekk all verda med tid til huslege syslar og morgonlufting av hunden. Stilt vèr med eit mildt vårdrag i lufta. Lykke. Enno meir tid. Nokre omgangar på rundsneisa, brennheit kaffe, låg skulderføring. Til sist ein lang, velgjerande dusj og pynting av fasaden før møte med lånarane. Full kontroll.

HÆ?? Ein rask sjekk av litterære gjeremål på almanakken bak skranken, og all berande luft poffar ut av den trygge kontrollbobla. Mi eiga handskrift har notert med godt leseleg skrift på tysdag 8.mars: "13.10: Bokprat 6.kl" Eit notat eg ikkje kan hugse å ha sett nokon gong... Ein kjapp telefon prega av stotrande skam til skuleleiinga, og dagen vart brått ikkje så vidunderleg fager lenger. Ved endt kveldsvakt på kvinnedagen skal eg bera med meg heim dei aller beste av dei nyaste bøkene eg kan tenkje meg for ein tolvåring. Så skal kveldande framover brukast på grundig lesing og førebuing til ein uforgløymeleg bokprat for dei bortgløymde elevane.

Djup konsentrasjon i svingane!
Forklaringa på minnesvikten kan truleg skuldast nyvinninga sjefen har henta i hus. Spel i biblioteket er no ein realitet for vår del, der to x-boksar og ein wii-maskin vil by på fart, læring og moro i tida framover. Førre veke henta vi inn ungdommeleg faghjelp i kursing av x-boks, og pulsen steig i takt med kvinande innleving, der kjerringene til sist sat ytst på krakken med sundbiten tunge og veiva med fjernkontrollen i håp om å få vrengt racerbilen inn på bana att. Sveitte, slitne og hungrige på meir action konstaterte vi at dette var festleg! Eg har allereie ymta frampå om ein aldri så liten personaltreff på spelrommet i næraste framtid...

Bloggar med trua på morgondagen: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar