Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 11. mars 2011

Lang dags blogg mot natt

Torsdag 10. mars kl. 11.00: Heime. Omelett og rugbrød på menyen. Snart klar for kveldsvakt på Lom folkelege bibliotek. Aleine på jobb i dag. Oppringing: Set du over kaffen? Vi har kake. Sjølvsagt!


11.40: På plass. Tømmer full bokkasse. Tre store bokhaugar på skranka. Kaffen klar. Kake og triveleg selskap i anmarsj.

12.00: Dørene opnar. Det strøymer på med elevar frå vidaregåande som fortvila har prøvd å kome inn før på dagen, ikkje vande ved stengde dører, lånarar skal hente bøker, telefonen ringjer, vår trufaste PC-brukar som har lært data i biblioteket helsar blidt, haugane blir fløtt frå skranke til golv, litt ledig skrankeplass.


12.05: Eldre herre. Vil biblioteket ha utstilling om Anna Rogstad, vår fyrste kvinnelege Stortingsrepresentant som vart innsett 17. mars 1911, snart 100 års markering. Har mange kopiar og bilete, kan lage ho sjølv. Vi må jo slå til på slike tilbod! Klipp, lim, kopiér. Kopiar i format travaleg. Ein liten slurk kaffe.


13.00: Telefon. Amerikanarar som leitar etter røtene sine. Kjem til Norge i sommar. Lurar på om vi kan finne dei i kyrkjebøkene. Heldigvis er dei digitaliserte nå. Syner til Digitalarkivet. Berre fryd og gammen. Gjestene med kaka lei av ventinga, går. Fleire kopiar. Begynner å scanne inn haugane med innleverte media. Tralla på bristepunktet.


Lånar etterlyser bok ho har bestilt over nettet i dag. Hjelp! Har ikkje fått sjekka Websøket. Grei lånar finn boka på hylla. Varm bibliotekar finn 7 bestillingar til på Websøket. Den eldre herren med utstillinga får besøk av tidlegare kollegaer i Aftenposten. Skryter av biblioteket vårt! "Men akkurat i dag er damen aleine på vakt, så ho har det litt travelt..." Dei vender blikka mot haugane. Og dei fine utstillingane den utstillingsvise har laga. Sjekkar ikkje klokka lenger. 
Skuleslutt. Ivrige smågutar vil spela Indiana Jones på x-box. Så var det desse innstillingane, da. Prøver å hente fram instruksane frå kursleiar. Var det AV3 eller Component? Nokon ventar på hjelp. Bøker om klima, helst i Afrika. X-boxaren finn det ut sjølv. AV3.

Skjær salat, tømer fetaostglaset, 15 reker, tre tomatar, paprikaen og raudlauken ligg att heime. Æsj! Teikneserie-formidlaren vår kjem innom, klar for nye oppdrag, vi gjer avtale. Han diggar utstillinga vår! Lærar leverer to fulle bæreposar med godt lesne barnebøker. Nå må det snart ryddast!
Dei siste soltrålane smiler mot Tor Jonsson og venane hans som står side om side inne på lokalsamlinga. Bibliotekaren er varm i sinn og skinn. Så koselege brukarar vi har! Og så mange gode bøker dei les! "Og vesle lerka ho hev det so..." smyg seg inn i hjernevindingane og blir verande. "Så trur ho på vår med ein einaste gong." Må sjekke Google for å finne heile teksta. Så fin! Gode Per Sivle! "Å hei og hi og tiddeli ti og tiddeli tiddeli ti."
18.00: Sorterer haugane og plasserer dei rundt i dei ulike avdelingane. Skrankeområdet vitnar atter om full kontroll. Hugsar med eitt bestillingane på websøk. Lånar anbefaler bok: Plogen og sverdet. Ryddar haugane på Skjønn vaksne.


19.00: Stengjer dørene og opnar for "Lesarmøte" - vår lokale variant av lesesirkel. Vi pratar om "Vårofferet" av Lars Mytting. Vi gjekk til boka med litt skepsis. Dette var nok mest for menn...Men alle var svært positivt overraska. Lars fortel så godt! Og vi kjenner oss att i skildringane frå bygdemiljøet lenger nede i dalen. Mannen har i tillegg psykologisk innsikt. Og vi likar dei overraskande vriane han legg inn. Lars skal delta på Bokbadet på Diktardagane til sommaren saman med Vigdis Hjorth og Arnfinn Kolerud. Vi gler oss!


Bibliotekaren ryddar haugane etter ein lang dags ferd. Fylt av gode, om enn noko hektiske opplevingar. Takknemnleg for alle som brukar biblioteket. Glad for at dei andre viskvinnene snart er på plass att. Vi snakkar delingskultur.

Kveldsseto-bloggar: Rita

3 kommentarer:

  1. Som 8-åringen ved skranka sa her om dagen: "Trur jammen eg vil bli bibliotekar, for det er jo messom ferie å sitje på rompa heile dagen!"

    Well done, sjef!

    M

    SvarSlett
  2. Ja, stolen vår, stakkar, ber jo preg av dette...

    Godt du er på plass att så vi får delt bokhaugar og latterkuler! Og tysdag blir vi vel faktisk fulltallige!

    R

    SvarSlett
  3. Herlig logg/blogg, ein dag i biblioteket! Det er jenta si det!

    SvarSlett