Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 21. august 2012

Om du var ei bok, hadde du fortent at nokon las deg

Bibliotekaren i deg har alltid ei tung samvitsbør. Det er alle desse bøkene du aldri får lese. Som nå. Tre kartongar med bøker frå Innkjøpsordninga for norsk og omsett litteratur. Tre kartongar fylt til randa av enno ukjende landskap, skitne historier, varme formuleringar, ord du ikkje visste at du jakta før dei trefte deg, pennar du ville forgude. Somme skulle du slukt rått. Andre skulle du nippa sakte til som du nyt ein dyr Barolo. Du skulle helst lese dei alle. For din eigen del. For boka sin del. For lånarane. For formidlinga.

Men du gjer det ikkje. Eller du gjer det med så altfor få. På jobben blir det altfor lite tid til skikkelege smaksprøver. Ei side her og fem sider der når du registerer dei. Veldig få bibliotekarar på mindre bibliotek har lesetid som del av arbeidstida. Og resten av døgnet fyller du med handleposar, kaffi, herbarium, bakgrunnsstøy, du tenkjer at du snart blir galen av bakgrunnsstøy, kleshaugar, nei, klesfjell, instagram, moppar, kasseroller, Zalo, surfing og sømn. . Boka står tagal i hylla og ventar. Krev ingenting. Berre står der parat. Ventar at du ein dag skal rive deg laus frå alt dette andre som bitt deg. Ventar til det blir berre du og ho og ingenting anna.

Dei tjukke romanane ligg dårlegast an. Du vegrar mest for å gje deg i kast med dei. Det dei ikkje får sagt på 250 skjønnlitterære sider, er det verd å seia? Ja, iblant. Iblant skulle du ynskje dei aldri tok slutt, men ofte er altfor mange ord overflødig fyllmasse. Og du trur det ballar på seg. Fleire og fleire skriv bøker i Kate Morton-size. Det gler deg å sjå at til dømes Leikvold held den nye boka si Bovara, på forbilledlege 200 sider. Du hallar meir og meir mot dei korte, fortetta formata. Det gler deg å opne den øvste kartongen og finne dette.

Botvar m.fl.: Bob Dylan. Mannen, myten og musikken, Arne Ruste: Kretsløp,
Terje Dragset: Bella blu, Marianne Clementine: Bilydar



eg fylgjer fingeravtrykka dine
tilbake til den eg var

før svevnen min vart ein
kolibriveng

prøver å kjenne etter
kvar du planta
denne uroa

språket mitt har blitt for lite
for det kjærleiksdiktet
eg treng skrive

eg treng skrive deg i senk
men minnet om deg
har vakse seg like stort som

heile bygningar
og alle gater
eg har mist deg i

berre så du veit det:

dersom hjartet ditt var eit rom
skulle eg gått inn med sko på

markert på det flett nye golvteppet
og knust noko fint

Frå Bilydar av Marianne Clementine

Det er bra det finst mangfald blant menneska. Det er bra det finst mangfald blant bøkene. Det er bra det finst bibliotek der mangfaldet kan møtast og formidlast.

Rita

PS: Det er bra at ei av viskvinnene har kjøpt seg skrivestugu slik at det litterære mangfaldet kan aukast ytterlegare med tid og skrivestunder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar