Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 14. august 2012

På stell

Sommervekene kom og gjekk. Turistane kom, og vart estatta av andre. Regnet kom -og vart. Det mest stabile kan denne sommaren seiast å vere vêret, og det yrande folkelivet på Bergom. I Lom let ikkje besøkjande seg affisere av eit avgrensa tal varmegrader og iskalde dropar frå eit lågt skylag. Bussane, bubilane, motorsyklistane, fjellvandrarane, syklistane  og andre tilreisande gjer den vesle fjellbygda om til ei yrande maurtue desse sommardagane.



Hugs smilet i servicenæringa!
Også i gammel-prestgarden får ein testa språkkunnskapen sin. Engelsk, tysk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, kinesisk, japansk, dansk, og svensk er blant dei språkdraktene eg med handa på hjartet kan stadfeste at det har vore konversert på mellom hyllene våre denne sommaren. Og skrankevakta pyntar maska med det mest innbydande smilet ein bleik norddøl kan prestere, og poserer stumt, men viljugt til alle dei som vil knipse ei plate dei kan syne fram til kjenningar heime. Ein driv då i servicenæringa, for all del!

Spyfluga svolt i hel...
Så møtest kollegiet att, etter dagar og veker mest utan kontakt, reint bortsett frå nokre stutte meldingar i skrankeboka. Spyflugua på kontoret har sturta etter mangel på biteti på bakrommet, og hybelkaninane leik duse og gøyme bak stablane av bøker som har hauga seg opp ved sjefspulten. Bak døra ventar høge stablar av askar med nye bøker til vidaregåande, medan kjøleskåpet er kjemisk reinska for alt ein knyter opp mot tylege lunsjpauser. Sjefs-pc`en nektar framleis hardnakka på kvar bidige instruks frå Stor-Visa, og porselensblomen har bloma av for sesongen... Haugen av boksommarskjema vitnar derimot om at born i Lom så langt har lese over 330 bøker i skuleferien!

Porselensblomen med avskilstårer før ferien...
Kvardagen har installert seg på nytt på Lom folkebibliotek, og vi veit kva vi skal stulle med i dagane som kjem. Vi ønskjer små og store lånarar vel møtt til ein rik bokhaust, samt gamle og nye elevar lykke til med eit  nytt skuleår!

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar