Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 31. juli 2012

Fintfolk til gards!

Lomseggen og prestegarden (bilete lånt frå digitalt museum)
Sist laurdag var det annleis liv i tunet på den gamle prestegarden vår, då tida vart skruva 150 år attende og bubilar var bytt ut med hest og kjerre, joggesko med spikra solar og øyreproppar med fjonge hattar. Den unge Elise Aubert, ført i ordet av dyktige Sanna B. Rustad, fortalde levande frå trappa om dagleglivet i den gamle prestgarden. Ho kom til gards i standsmessig hesteskyss saman foreldra, presten Nils Frederik Julius Aars og fru Sofie Elisabeth Stabel, spelt av soknepresten i Vågå, John Rustad, og hans skjønne bibliotekarfrue Gunvor Bolstad Rustad.


Eilert Sundt (bilete lånt frå Arkivverket)
Den eine høge herren etter den andre dukka fram på inntunet i prestegarden denne kvelden, og blant kremen kan nemnast prins Karl, som kom ridande på hesteryggen frå Sogn i 1856, og kulturforskar Eilert Sundt , som budde i prestegarden under eit studieopphald i 1854. Også Aasmund Olavsson Vinje dukka opp på tunet her denne sommarkvelden, medan gardskaren hogde ved i slitt vadmelsbrok og tenestejenter bar vatn i vassele. Gjennom heile eftan let varme feletonar av Knut Kjøk frå hovudhuset, og sette dei frammøtte i retteleg god stemning. Endre Skjåk laga med hjelp av gode skodespelarar eit stemningsfullt tilbakeblikk på historia til dette Huset med Sjel, som vi så gjerne kallar det. Artig er det å tenkje på dei mange som har vore på besøk her gjennom tidene, både før og etter den triste brannen i 1936. Og alt, absolutt alt,  har den evig vaktande Lomseggen vore vitne til -i alle fall det som skjedde utanfor veggane i prestegarden...

Aasmund Olavsson Vinje og den vaksne Elise Aubert i muntert ordskifte inne på Lom folkebibliotek 2012...


Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar