Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 28. august 2012

Ho visste at eg visste...

Grå, realistisk augeblink på kyrkjevollen nett no...
Ho kjøpte det for mange dagar sidan. Eg veit nøyaktig kva dag det var. Ho visste at eg visste. Når vi båe to var på kontoret, vakta vi oss vel for å sjå på det. Aller minst nemne det. Men det låg der heile tida. Ved sida av det gamle, utslitte. Venta berre på å bli teke i bruk, hjelpe oss å minnast, ta vare på augeblinkane for oss.





Ikkje biblitoekarens favoritt...

Ei medfødt, ibuande frykt for instruksjonsbøker, eit stolt, ærekjært ego over å meistre nye, tekniske finessar sjølv, har hindra oss. Vi veit båe at vi slit med slikt, men det treng vi aldri prate om. Difor, og berre difor, har det stilige, nye kameraet vorte liggjande på vent så alt for lenge. Det gamle gjekk lei alle nykkane våre. Nekta å ta til seg straum. Apparatet sultestreika, og vi tok hintet.

Den nye veska er søt
No er derimot universaladaptaren kopla til nettadaptaren for all ettertid av sjefens sterke fingrar, batteri og minnekort er på plass, og den nye herlegdomen ligg og syg til seg livgjevande næring frå hola i veggen. Det er ikkje stort. Det var ikkje dyrt. Men den nye veska er søt. Og augeblinkane -dei vil vi ta vare på. Og dele. Vi gler oss over nyvinninga -til slutt.




Augeblinkar det er verd å dele.

Merete


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar