Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 4. september 2012

Biblioteket som global døropnar

Ja! I går fekk vi den hyggelege meldinga at vi har blitt plukka ut til å delta i EU-prosjektet "The stranger - Storytelling as a method for developing dialogues between majorities and minorities." Prosjektet foregår i regi av Oppland fylkesbibliotek. Dei har delteke i fleire EU-prosjekt tidlegare. The Stranger er eit Grundtvig partnerskap som legg til rette for vaksne si læring i fire europeiske land, Italia, Tyrkia, Nord-Irland og Norge. Lom og Oppland fylkesbibliotek er to av dei norske representantane i prosjektet.

Målet er å samle historier om "oss" og "dei", om identitet og innvandrarar si oppleving av å koma til eit nytt land. Norske folkebibliotek er i dag blant dei aller viktigaste møteplassane for innvandrarar og etnisk norske. Gjennom prosjektet håpar vi å utvikle biblioteket enda meir i retning av å bli ein inkluderingsarena.

Folkeopplysning er del av vår pålagde samfunnsplikt. Ved å spreie kunnskap om andre land, folk og kulturar, ynskjer vi å bidra til å hindre framandfrykt. Dette er ei samfunnsoppgåve som har blitt aktualisert det siste året. Prosjektet høver også godt inn i satsinga vår på formidling. Vi håpar på å auke eiga kompetanse når det gjeld forteljarteknikk, noko vi vil nyte godt av i all litteraturformidling. Forteljingane i prosjektet skal samlast og presenterast. Vi ser for oss utstillingar, temakveldar og besøk på skular og arbeidsplassar som moglege måtar å dele forteljingane på.

Vi tykkjer dette er spennande og er takksame for å få delta i prosjektet. Vi ser det som meiningsfylt, lærerikt og berikande, og vi gler oss til å ta del i eit internasjonalt samarbeid. Gjennom prosjektet får vi høve til å presentere biblioteket og Lom ute i den store verda, og ta den store verda inn i vårt vesle bibliotek gjennom einskildindivid og deira unike forteljingar.

Rita


2 kommentarer:

  1. Gratulerer! Jeg håper noen av fortellingen også når fram til denne bloggen, slik at det blir flere enn EU-borgerne som får glede av alt som skjer (eller kanskje helst) som dere får til å skje mellom reolene på biblioteket:-)

    SvarSlett
  2. Trur kanskje vi er like spente på forteljingane som dukkar opp undervegs her som det de er :-) Vi skal nok følgje opp tråden i bloggen også, Bente -og set stor pris på helsingar her :-)

    SvarSlett