Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.
Viser innlegg med etiketten Til ungdommen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Til ungdommen. Vis alle innlegg

torsdag 16. mai 2019

Pikene med stakken


Eit innlegg tidlegare publisert for nøyaktig 10 år sidan:


For lenge, lenge sidan, den gong digitale mediar og drivhuseffekt var ukjende fenomen, og somrane var eit uendeleg eventyr med fantasirik leik blant skrukkete, tørre kuruker og spretne myrlappar, møttest to svært så ulike småfrøkner på ein liten grendaskule. Den største av dei to -ei høgreist og stram jente med ein illsint sverkil i luggen- tok dagane og livet seriøst, og trass i ein utprega høg intelligens og kreative evner, var sjølvtilliten stor som ei ert bak den allereie då djupe fura mellom augbrynene. Den andre førkja -ei trillrund og blidspent berte med ein litt mindre sint sverkil i front- tok livet ikkje fullt så høgtideleg, og satsa heller på at det meste gjekk lell. Felles for dei båe var ein urokkeleg høg respekt for autoritetar, den gongen hovudsakleg representert ved lærarstaben på den vesle skulen, samt ei gryande interesse for bøker, menneske og dei verkeleg store ting her i livet. Lite visste dei den gongen at dette skulle bli deira veg og gjerning i ei felles framtid for og med litteraturen.

17. mai 1977 vakna dei to småfrøa opp til sol, kvitkokte plagg og nystrokne, kvite forkle til dei nusselege rondastakkane av varierande lengd, samt nypussa sko og reinvaska strømpebukser -i varierande kulør. Vasskjemde og stivpynta stilte dei seg lydig opp mellom ørsmå, grøne musøyro i den bleike vårsola for at føresette skulle få forevige dei to englane, som faktisk var -og er- jamgamle, dersom nokon av ymse grunnar skulle tvile på dette... Dette var den gongen den minste av dei to hadde større bringe å skryte av under det tronge bunadslivet -i dag er ho glad stakken dekkjer det ho måtte ha av former som på merkjeleg vis har sigi nedover og pakkar andre delar av kroppen beskyttande inn.

Etter 12 års felles skulegonge skildest vegane til desse to, og på kvar sin kant utdanna dei seg til lærarar i håp om sjølve å vera i sentrum for den beundrande respekta dei sjølve hadde for slike overmenneske langt attende i tida. Båe gifta seg med menn frå 1966-årgangen, og båe fekk ein son og ei dotter, før vegane deira atter møttest. Då hadde langførkja allereie delvis omskolert seg til bibliotekar, og dreiv institusjonen "Lom folkebibliotek" med stø hand. Naturlegvis vart gjensynet gledeleg då golvracaren av dei to vart tilsett under biblioteksjefen, som uutdanna barne- og ungdomsbibliotekar. Det lyt også nemnast at dei båe vart velsigna med kvar sin son til på litt eldre dagar, så likskapen held fram også i så måte.

Ringen vart på eit vis slutta her, men som alle veit; ein sirkel har ingen ende, og vi to jentene på bildet ser ljost på ei lang og innhaldsrik framtid saman blant alle bøkene, all skratten og alle dei uendelege, gjevande diskusjonane vi frå tid til annan gjev oss ut på -med ymse konklusjonar som resultat... Så får vi sjå kven av oss som har den djupaste skrukken i skallen når det lir så langt at vi trillar rundt på Lom helseheim med kvar vår fullasta rullator med bøker i håp om stadig å nå fram til nye lesarar...

Ha ein strålande nasjonaldag -med eller utan bunad (stutt eller lang sådan) og fure i panna! HIPP, HIPP, HIPP!!!

Bloggar : "Bolla" M.

fredag 6. november 2009

Norsk lyrikkhistorie på 3,5 min

Kravet om effektivitet blir stadig større i samfunnet vårt. Dette er noko dei 3 vise har teke innover seg til fulle den siste tida og det toppa seg i dag. Vi hadde budd oss på koseleg besøk av sprenglærde 3. klassingar frå den vidaregåande skulen som stod på tur til å ta eit djupdykk ned i den norske lyrikken. Jau da, eg hadde laga bokutstilling og delt lyrikkhistorien inn i epoker og klistra sirleg skrivne klistrelappar på veggen. Mi kjære kollega Merete hadde pliktoppfyllande funne dei viktigaste lyrikarane i kvar periode og vi var eigentleg nokså tilfredse med oss sjølve og klare for storinnrykk. Merete hadde nær sagt som vanleg (merk: det var berre nær sagt, Merete) planta seg i skrankeposisjon klar til endeleg å få låne ut noko av denne fine lyrikken vår som så altfor sjeldan er ute av hyllene. Eg skulle få æra av å syne dei utstillinga og rettleie dei litt i val av bøker og forfattarar. Elevane kom i 3 puljer á 15 min. så med boklån inkludert i tida så rekna vi med at dette skulle vera grei skuring. Men det gjekk etterkvart opp for meg at dei ikkje kom for å LÅNE bøker. Nei da, dei kom for å få "eit komplett oversyn over den norske lyrikken framført med stor glød og entusiasme" som kickåff til lyrikkprosjektet. Stotrande stod eg nå der da framfor all denne kjekke ungdommen og kunne ikkje anna enn å lire av meg namna på denne namnelista eg hadde å klamre meg til. Irrgangane i den poetiske realismen, nyromantikken og modernismen er eg redd de må be Ellen om å gje ei grundigare innføring i. Men effektivt var det og bokutgjeving er vurdert: "Norsk lyrikkhistorie på 3,5 minutt". På biletet ser de dei ivrigaste elevane som sleit med å rive seg laus frå lyrikkhylla.
Elles har vi for tida triveleg selskap av ei mengd sjølvproduserte og eigenarta Knerten-figurar som 4. klassingane på Loar har laga. Desse figurane har verkeleg sjel og er vel verd å avleggje eit besøk. Vi måtte også ta med eit lite Knerten-sitat i dette høvet der de ser ein av dei mest likehendte brudgommane som har gått til alters i Norge gjennom tidene: "Du Knerten, vil du ha Karoline som ved siden av deg står, til kone? Så får jeg det da, og så var Knerten og Karoline gift." Det må tilføyast at dette var eit tvangsekteskap, men berre Knerten fekk kalle ho hustru istaden for kone og når han innsåg fordelane med å ha ei heimeverande kvistmor til å ta seg av mann og barn, gjekk alt så mykje betre.I førre blogginnlegg mangla det bilete av det nye kaffe-/tebordet vårt og det vart meir enn hinta om at kameraet mest sannsynleg hadde gått seg bort i den lett kaotiske veska til den digitalt bortreiste. Som de ser har kameraet dukka opp att og nå ventar vi berre på trivelege kundar som tek seg tid til ein prat og ein kopp i lag med oss. God helg!

Effektiv bloggar: Rita

tirsdag 3. november 2009

Inkontinens og fantasiflukt

Også i dag har vi to småvise husert åleine mellom reolane her, då den digitalt bortreiste sjefen atter slit lærebenken for å finne fram til nye måtar å fortelja historia vår på. Vi gler oss stort til vi får sjå og høyre resultatet av desse kursdagane!

Sidan vi sist tysdag fekk låne grasenkjemann Teddy ein heil efta, har vi i dag gjort opp for lånet med å lage ein trivleg liten krok ved inngangsdøra vår til bamsekona hans kjem att med digital inspirasjon. I lang tid har vi nemleg hatt ståande ein flott kaffiautomat rett innom døra her, ei maskin som i månadsvis har slitt med ein hardnakka, uhelbredeleg inkontinens. Om det var det konstant varme, reine Loms-vatnet som sildra for lett i røyra, eller om skaden skuldast andre, mindre heldige omstende, skal vera usagt, men dagen kom då vi såg oss nøydde til å pensjonere stasen. Denne er såleis no erstatta med ei stasleg, slank kanne i børsta stål, eit innbydande glas med malne kaffibønner av finaste sort, samt nøye utvald te frå det store utland. Den varme drikken kan serverast i moderne, burgunderraude krus av god pappkvalietet, og kostar kun 5 blanke, norske kroner. Slik kan vi atter by lånarane på ein kopp varm te eller kaffe på sure vinterdagar framover. Noko bilete av anretninga blir det dessverre ikkje, då fotoapparatet er ute på oppdrag i den oversiktleg ryddige veska til sjefen...


Elles har kvelden for underteikna vore ei mental flukt inn i ein stor ask med nye, fantastiske barnebøker. Her var både ny bok om radarparet "Svein og rotta", ei etterlengta ny bok av Maria Parr om "Tonje Glimmerdal", ei stasbok om "Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar" av Ole Røsholt, ei ny overrasking frå Tone Kjærnli, samt første bok i ein garantert utlånssikra ponniserie av Berit Bertling: "Milla og midnattsmysteriet". Slike kveldar er det heilt greitt at regnet silar ned over rotne issvullar og vinden piskar illsinte dropar mot glasruta i den gamle prestegarden her ved foten av Lomseggen.



Bloggar: framleis arbeidsføre Merete

fredag 30. oktober 2009

Når sjefen er borte, dansar binnene på bordet

Tysdag feira vi den internasjonale teddybjørndagen på biblioteket. Eller det vil seie, sjefen reiste til Hamar, utan slakt, men med håp om å lære noko om å lage digitale forteljingar til nettstaden Digitalt fortalt. Sjefen hadde ikkje før left the building, før dei to vise som var att kledde seg i sine mest utfordrande binnekostymer og inviterte McTeddy til å hospitere på biblioteket som bamsedoktor. Medan den digitalt bortkomne var på desperat jakt etter Fylkeshuset i jungelen av vegkryss og omkøyringar i Hamars gater (ja da, veit det ikkje er eigedoms -s på nynorsk, men i bloggen er tøylene friare, høgda på taket når til himmels og det høyrest betre ut!), tikka den eine biletmeldinga etter den andre inn og fortalde om kor fortreffeleg kosleg denne trioen hadde det når sjefen var borte, til og med bamsemums hadde dei mumsa seg med! Dette var dei vel unt og omlag 150 besøkjande kosa seg saman med dei i løpet av dagen. Eit 40 tals bamsar og binner fekk stilt diagnosene sine, fekk plaster på såra og tabletter for resten.Leo som bibliotekbamsen i år heiter, var så heldig at han vart vunne av denne vesle frøkena som heiter Vårin. Før han reiste i går, kviskra han til oss at han følte seg priviligert som slapp å bli liggjande på eit kott med gråpapir rundt magen, han følte seg rett og slett som ein rik bamse i den rette forstanden av ordet. Vi håpar desse to får mange koslege stunder saman!

Bloggar so far: Digitalt fortapte Rita



Ja, dette var sjefa sin versjon av den minnerike dagen... Men tenk å reise ut i verda på karrièrejag og la to fyrrige binner bli att einslege med Mc Teddy, da! Når slik ein kvitkledd stramming kjem svevande inn i lokala våre med stetoskop rundt nakken og bamsemedisin i lomma, er det reint så ei sveitt, lita bjørnemor blir mo i knea, må vite... Det var såleis ei lukke at eit mystisk syndrom hadde slått føtene under rett så mange småbjørnar i Lom denne haustkvelden, slik at Mr Handsome hadde timelista fullteikna heile eftan. Binnene kjende seg faktisk så friske og opplagde at dei slapp legesjekk denne gongen, noko som truleg skuldast all den gode "medisinen" vi til stadigheit får servert av dei friviljuge frå nede i kjellaren. Fleire gonger i veka er vi nemleg dei heldige utvalde som får restane frå ymse aktivitetar i underetasjen, og i dag fleska Aud den Gode til med veldandert fruktcoctail i lekre koppar, samt vaflar og herleg Mor Monsen til fredagskaffen! Som sagt så mange gonger før: FOR ein arbeidsplass!


Ei ekstra helgehelsing går i dag til dei spretne elevane på vidaregåande som veit å nytte biblioteket sitt -og som tydeleg set pris på handleimpulsane til biblioteksjefen. Skikkeleg trivleg med ungdom og liv i leiren!


Bloggar : Merete Bjørnemor

onsdag 17. juni 2009

EIN SLAVE MELDER FRÅ TIL VERDA *_*


Det var med store forventningar og tindrande augo eg møtte opp på biblioteket torsdag førre veke, klar til dyst. Eg hadde på førehand forventa meg ei roleg veke med god tid til lesing. Men neida, det fyrste som skjedde var at eg måtte sitje i fleire timar og kassere bøker. Etter dette byrja slavearbeidet, eg måtte springe på butikken, hente post, handle mat. Og slik gjekk dagen. Eg kom heim om kvelden utkjørt og tenkte at nå måtte eg vel få sitte og lese resten av arbeidsveka.

Men neida, neste dag fortsette slavearbeidet, mens dei høge fruene satt på bakrommet og drakk kaffe. I helga var eg i sjokk over alt arbeidet og heldt meg innandørs i senga og skalv. Måndag møtte eg opp lett skjelvande utanfor hovedinngangen og slepa meg opp trappa. Denne dagen dreiv eg konstant i 5 timar og bar tunge kasser med brosjyrer og plasserte dei i stativet. Eg hadde no utvikla støvallergi grunna for mykje tid på lageret og når eg kom heim la eg meg i senga og gret meg i søvn.

Tysdag fortsette brosjyrearbeidet halve dagen. Etterpå vart eg slept bort til fantasyhylla og vart kommandert til å bruke mitt beskjedne intellekt til å finne bra fantasybøker til ei utstilling. I dag har eg nok ein gong overført bøker. Eg augna sjansa til flukt når eg skulle være aleine, men trur de ikkje at døra vart forsvarleg låst...

Så no vaklar eg meg heim utsliten etter ei hard arbeidsveke på biblioteket.

PS: Fantasyutstillinga er full av bra bøker. Eg lovar!

Gjestebloggar: MAGNUS MUNDAL

fredag 12. juni 2009

Som mor, så son

Dei siste dagane har vi 3 vise lagt sjela vår i å hamstre saman ei gild mengd uløyste arbeidsoppgåver til ære for vår utplasserte hjelpar frå ungdomsskulen. 9. klasse i Lom starta arbeidsveka si i går, og vi er i samband med dette så heldige å få ein kjekk, ung herremann på laget. Det heiter så fint i ordtaket at "Eplet faller ikke langt fra stammen", og det kan eg til ein viss grad seie meg einig i. Biblioteksjefen har med sin medfødte iver og lidenskapelege interesse for litteratur fostra opp ein kar som etter mitt skjønn må vera den fødte bibliotekar, og valet av arbeidsplass under utplasseringa fall nok ganske så naturleg for denne sympatiske ungdomen.

I mange år no har underteikna gassa seg med lassevis av ny, god barne- og ungdomslitteratur, og gjort det eg kan for å formidle og anbefale ein liten del av alt det som ein så gjerne skulle ønskje både store og små kunne ha glede av. Denne innsatsen har eg så langt vore slik passleg tilfreds med, men i dag kjenner eg at sjølvtilliten min skrumpar i takt med dei siste snøfonnene oppunder Lomseggen. Eg sig lenger og lenger ned bak skjermen på kontoret til sjefen, etter kvart som det overbegeistra utbrotet etter det andre ljomar frå ei ung mannsstemme framme ved skranken... Trass i strikse kommandoar og harde korrigeringar frå sjefen, strålar den unge herremannen like blidt i sin iver over å få foreslå ny fantasy for oss aldrige kjerringer -som i tida framover lyt søkje om utvida lesetid og tilskot til nye lesebriller for å oppgradere oss til eit anstendig kunnskapsnivå kva ny ungdomslitteratur vedgår.

Vi kan i det minste trøyste oss med at det lir mot helg, og då kan ein jo alltids håpe på nokre ekstra friminutt til å suge åt seg delar av ei lyrisk perle vi sannsynlegvis har liggjande på nattbordet. Kanskje er eit knekt sjølvbilete då på tur opp att over helga, og vi kan gle oss over fleire dagar inspirert av ungdommeleg engasjement og sjarmerande innslag frå den framtidige bibliotekaren.

Ei inspirerande helg til alle lånarar!

Bloggar : bittevesle merete

fredag 5. juni 2009

Rusten russ rir igjen



Eg har i lengre tid gått med ei tung bør på akslene mine, nemleg Stortingsmelding 23 eller Bibliotekmeldinga. For nokre veker sidan fekk eg telefon frå fylkesbiblioteksjefen om eg på vegne av Lom folkebibliotek og som representant for folkebiblioteka i Oppland ville leggje fram vårt syn på den nye meldinga. Eg såg på dette som eit særs ærefullt oppdrag, sette stor pris på å bli spurt og på vegne av biblioteket kunne eg ikkje svare nei til dette til tross for nær foreståande konfirmasjon, ein sterkt utvikla sjenanse och ett själförtroande som ei ert (iflg kollega og sparringspartnar Merete, ho må nå berre få leve i den trua...). Dette førte til at eg i pinsa låg pal på verandaen med stortingsmeldinga i hand, solen i ögonen, ein gradvis meir og meir skarlagensfarga lekam og kortare og kortare neglar.

Lesestoffet var faktisk ganske gjevande. Mykje av det som står i meldinga stemmer veldig bra overeins med bibliotekdrifta vår og mange av dei utfordingane som meldinga trekkjer fram er blant satsingsområda våre i dag, blant anna å vera synlege på nettet! Når eg seier dette, må eg tenkje på tida mi som lærar. Kvar gong det kom nye læreplanar og skulereformer, var det nokon som uansett innhald sa: "Dette er jo akkurat slik vi har gjort det i alle år!" Jau da, vi kan vera flinke til å tilpasse nye tankar til gamle vanar, men eg trur i dette tilfellet at biblioteka i Oppland med fylkesbiblioteket i spissen har vore offensive og utviklingsorienterte(Wow!).

Eg skal ikkje tvære det ut, nå er både konfirmasjon og St.meld. 23 overstått, begge delar på ein måte som er til å leva med. Eg har lagt frå meg børa, kan puste letta ut og i helga blir gamle russ som nye når eg og kollega Merete skal feire russejubileum saman med gode, gamle klassekameratar frå den fine tida vår på Lom vidaregåande skule. Det er rett og slett ufatteleg at det er 20 år sidan 1989, Berlinmurens fall, massakren på den himmelske freds plass, Hillsboroughtragedien, Splitter pine, Dinas bok og opninga av Sametinget, men 20 er jo berre eit tal så vi tenkjer ikkje meir på det. I dag har vi funne fram att russekorta våre og funne ut at russemottoa våre held mål den dag i dag. Merete har teke pause i jakta på lykke og er berre lykkeleg og eg meiner fortsatt at alle unge piker bør lære seg å lage mat - just in case...

Med ynskje om ei god og russeraud helg!

PS: Spesielt interesserte og nærsynte kan klikke på russekorta for å sjå teksta betre!

Bloggar: Bil-brennarn (PSS: DET var eit uhell...)