Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 5. juni 2009

Rusten russ rir igjen



Eg har i lengre tid gått med ei tung bør på akslene mine, nemleg Stortingsmelding 23 eller Bibliotekmeldinga. For nokre veker sidan fekk eg telefon frå fylkesbiblioteksjefen om eg på vegne av Lom folkebibliotek og som representant for folkebiblioteka i Oppland ville leggje fram vårt syn på den nye meldinga. Eg såg på dette som eit særs ærefullt oppdrag, sette stor pris på å bli spurt og på vegne av biblioteket kunne eg ikkje svare nei til dette til tross for nær foreståande konfirmasjon, ein sterkt utvikla sjenanse och ett själförtroande som ei ert (iflg kollega og sparringspartnar Merete, ho må nå berre få leve i den trua...). Dette førte til at eg i pinsa låg pal på verandaen med stortingsmeldinga i hand, solen i ögonen, ein gradvis meir og meir skarlagensfarga lekam og kortare og kortare neglar.

Lesestoffet var faktisk ganske gjevande. Mykje av det som står i meldinga stemmer veldig bra overeins med bibliotekdrifta vår og mange av dei utfordingane som meldinga trekkjer fram er blant satsingsområda våre i dag, blant anna å vera synlege på nettet! Når eg seier dette, må eg tenkje på tida mi som lærar. Kvar gong det kom nye læreplanar og skulereformer, var det nokon som uansett innhald sa: "Dette er jo akkurat slik vi har gjort det i alle år!" Jau da, vi kan vera flinke til å tilpasse nye tankar til gamle vanar, men eg trur i dette tilfellet at biblioteka i Oppland med fylkesbiblioteket i spissen har vore offensive og utviklingsorienterte(Wow!).

Eg skal ikkje tvære det ut, nå er både konfirmasjon og St.meld. 23 overstått, begge delar på ein måte som er til å leva med. Eg har lagt frå meg børa, kan puste letta ut og i helga blir gamle russ som nye når eg og kollega Merete skal feire russejubileum saman med gode, gamle klassekameratar frå den fine tida vår på Lom vidaregåande skule. Det er rett og slett ufatteleg at det er 20 år sidan 1989, Berlinmurens fall, massakren på den himmelske freds plass, Hillsboroughtragedien, Splitter pine, Dinas bok og opninga av Sametinget, men 20 er jo berre eit tal så vi tenkjer ikkje meir på det. I dag har vi funne fram att russekorta våre og funne ut at russemottoa våre held mål den dag i dag. Merete har teke pause i jakta på lykke og er berre lykkeleg og eg meiner fortsatt at alle unge piker bør lære seg å lage mat - just in case...

Med ynskje om ei god og russeraud helg!

PS: Spesielt interesserte og nærsynte kan klikke på russekorta for å sjå teksta betre!

Bloggar: Bil-brennarn (PSS: DET var eit uhell...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar