Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 26. mai 2009

Varierte utstillingar og storfint besøk



Noko av det finaste med kvardagen til ein bibliotekar må vel vera at ein jamnleg møter nye menneske og knyter nye band til ymse kantar av landet. I går hadde vi trivleg besøk frå kyststroka bortanfor, då bibliotekarar frå Norddal kommune prisa våren og tok turen over fjellet for å få nye impulsar. Etter å ha vore innestengde ein lang vinter, kunne dei no atter ragge ut på biltur etter sommaropninga av fjellovergangen. Når ein får melding om slike fine gjestar, lyt ein naturlegvis ta ein liten "sjau" rundt om i lokala for å syne fram biblioteket vårt slik det fortener. Her står jo ting framleis litt på hovudet etter avviklinga av filialen vår -særleg etter som ein del ferie skulle avviklast i personalet som ei forlenging av nedleggjinga ;-)

Ei halvferdig utstilling framom skranken har nokre dagar herja stygt med samvitet til underteikna, så dette stod først på lista i går. Bakgrunnen var at biblioteksjefen hadde etterlyst ei litt maskulin utstilling som motstykke til alle dei romantiske, pastellfarga og feminine danderingane vi etter kvart har blitt kløpparar til å slenge fram ved ymse høve. Eg reinska difor eit bord totalt for pynt og fjas, og gjekk så på klappjakt i hyllene etter "macho" litteratur. Runden vart laaang, men eg var ganske så tilfreds med meg sjølv då eg lempa ein gild bokhaug ned på skranken. Ganske snart måtte eg imidlertid klø skallen litt ekstra då eg sjekka nærare kva for bøker eg så omhyggjeleg hadde valt ut : flugefiske, ørretfiske, flugebinding, fiskehistorier, laksefiske.... Mine gode kollegaer tykte nok eg hadde eit utruleg snevert syn på våre mannlege lånarar, medan eg sjølv heller ikkje kunne forklare resultatet av denne "sankinga". Det er vel mangt som kan konkurrere ut fisken når det gjeld maskulinitet, vil eg tru... Vel, vel -i går morgon vart utstillinga ferdig, og pynten på veggen bak bøkene VART faktisk tilnærma lik eit fiskegarn, trass i at vi hadde klart å trylle fram litt anna å lese i til ære for Mannen ;-) Og det var det eg vanst før dei langvegsfarande kom trippande inn døra vår...

Rundt kaffebordet, etter ei enkel, guida runde i lokala våre, var alle einige i at vi reiser alt for lite ut til andre bibliotek for å få nye idèar til eiga drift. Slik kan ein stadig utvikle og fornye seg utan å måtte finne på alle "sprell" i einsemd mellom høgreiste fjell og tronge fjordar. Ved slike utvekslingar ser ein også kor ulike premiss vi lever under. Medan vi dei siste åra har lagt ned båe våre to filialar, har Norddal kommune framleis 3 filialar i full drift, noko som er naudsynt der fjordar skil menneske innanfor same kommunen. Vi takkar dei 3 damene frå Norddal for besøket, og kanskje er det vår tur til å ta ein jentetur når det vårast neste gong...?

Bloggar : Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar