To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 22. mai 2009

Fantastisk selskap


Så er 17.mai over, og sommaren har kome til Norddalen med godvèr! Trafikken her på huset kan til tider sjåast i samband med vèret, sjølv om ingen reglar er utan unnatak. No har dei blåfrosne lomværane hutra seg gjennom neglbitande, sur nordavind i vekesvis, og då går utlånet så det bles i takt med stormkasta. I dag ser det derimot ut til at dei fleste set rompa i vèret og krafsar i spirande grønt utom nova, og sola er så blank at dei har saktens ikkje bruk for lesnad i pausene heller... Dermed sit ein einsleg bibliotekar og får gjort unna ein del ting som elles blir dytta laaangt inn i samvitet til vanleg.
Men selskap har vi da! Like rundt hjørnet for skranken har det stimla saman ein fantastisk tropp som held nøye auge med besøket i barneavdelinga framover. Den sprelske troppen er ei samling trefigurar laga av 6. klassingar på Loar under leiing av ein uvanleg kreativ lærar. Også namnevalet tilseier at elevane har hatt det rett så artig under arbeidet med Helly Hansen, Ping-Olav, Ukjent, Ferist og alle dei andre personlegdomane som no struttar fargesprakande bak glasveggen i monteren vår. Det er dessverre frykteleg vanskeleg å ta eit godt bilete av typene fordi dei store, gamle vindaugo våre lagar attskin i både blanke hyller og støvfrie lampeskjermar (som vi jo alltid har!), så de får nøye dykk med eit lite utval her. Elles kan figurane studerast meir inngåande dersom de tek ein tur på biblioteket i næraste framtid ;-)
I helga står den store konfirmasjonsdagen for tur her i Lom, så vi nyttar høvet til å gratulere både konformantar, foreldre, besteforeldre og andre involverte med dagen -biblioteksjefen inkludert! God helg til alle andre!
Bloggar : Merete

3 kommentarer:

  1. Hei, ble tipset om denne fine bloggen. Håper det er i orden at jeg 'stjålet' ide til blogginnlegg på bloggen til 'vår' blogg.

    Elin i Skaun

    SvarSlett
  2. Hm, her gikk det fort unna..rettelse: blogginnlegg på bloggen til 'mitt' bibliotek :-)

    Elin

    SvarSlett
  3. Det var koseleg, Skaun. Beklager sein respons...

    SvarSlett