Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.
Viser innlegg med etiketten Feiring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Feiring. Vis alle innlegg

torsdag 16. mai 2019

Pikene med stakken


Eit innlegg tidlegare publisert for nøyaktig 10 år sidan:


For lenge, lenge sidan, den gong digitale mediar og drivhuseffekt var ukjende fenomen, og somrane var eit uendeleg eventyr med fantasirik leik blant skrukkete, tørre kuruker og spretne myrlappar, møttest to svært så ulike småfrøkner på ein liten grendaskule. Den største av dei to -ei høgreist og stram jente med ein illsint sverkil i luggen- tok dagane og livet seriøst, og trass i ein utprega høg intelligens og kreative evner, var sjølvtilliten stor som ei ert bak den allereie då djupe fura mellom augbrynene. Den andre førkja -ei trillrund og blidspent berte med ein litt mindre sint sverkil i front- tok livet ikkje fullt så høgtideleg, og satsa heller på at det meste gjekk lell. Felles for dei båe var ein urokkeleg høg respekt for autoritetar, den gongen hovudsakleg representert ved lærarstaben på den vesle skulen, samt ei gryande interesse for bøker, menneske og dei verkeleg store ting her i livet. Lite visste dei den gongen at dette skulle bli deira veg og gjerning i ei felles framtid for og med litteraturen.

17. mai 1977 vakna dei to småfrøa opp til sol, kvitkokte plagg og nystrokne, kvite forkle til dei nusselege rondastakkane av varierande lengd, samt nypussa sko og reinvaska strømpebukser -i varierande kulør. Vasskjemde og stivpynta stilte dei seg lydig opp mellom ørsmå, grøne musøyro i den bleike vårsola for at føresette skulle få forevige dei to englane, som faktisk var -og er- jamgamle, dersom nokon av ymse grunnar skulle tvile på dette... Dette var den gongen den minste av dei to hadde større bringe å skryte av under det tronge bunadslivet -i dag er ho glad stakken dekkjer det ho måtte ha av former som på merkjeleg vis har sigi nedover og pakkar andre delar av kroppen beskyttande inn.

Etter 12 års felles skulegonge skildest vegane til desse to, og på kvar sin kant utdanna dei seg til lærarar i håp om sjølve å vera i sentrum for den beundrande respekta dei sjølve hadde for slike overmenneske langt attende i tida. Båe gifta seg med menn frå 1966-årgangen, og båe fekk ein son og ei dotter, før vegane deira atter møttest. Då hadde langførkja allereie delvis omskolert seg til bibliotekar, og dreiv institusjonen "Lom folkebibliotek" med stø hand. Naturlegvis vart gjensynet gledeleg då golvracaren av dei to vart tilsett under biblioteksjefen, som uutdanna barne- og ungdomsbibliotekar. Det lyt også nemnast at dei båe vart velsigna med kvar sin son til på litt eldre dagar, så likskapen held fram også i så måte.

Ringen vart på eit vis slutta her, men som alle veit; ein sirkel har ingen ende, og vi to jentene på bildet ser ljost på ei lang og innhaldsrik framtid saman blant alle bøkene, all skratten og alle dei uendelege, gjevande diskusjonane vi frå tid til annan gjev oss ut på -med ymse konklusjonar som resultat... Så får vi sjå kven av oss som har den djupaste skrukken i skallen når det lir så langt at vi trillar rundt på Lom helseheim med kvar vår fullasta rullator med bøker i håp om stadig å nå fram til nye lesarar...

Ha ein strålande nasjonaldag -med eller utan bunad (stutt eller lang sådan) og fure i panna! HIPP, HIPP, HIPP!!!

Bloggar : "Bolla" M.

mandag 14. september 2009

Vesle søylediagram på skjermen der...

Vi kunne rett og slett ikkje dy oss, i eit anfall av barnleg glede over utlånet vårt i 2008 måtte vi berre dele dette diagrammet med dykk, vyrde blogglesarar! I dag har sjampagnekorka gått i taket og småsprudlande svevar vi omkring her og kan ikkje anna enn å fryde oss over desse smukke små søyler. Tala kjem fram i Årsmelding for Oppland fylkesbibliotek som dumpa ned i innboksen vår ein dag i førre veke: http://www.oppland.no/Fag-og-tjenester/Fylkesbibliotek/Nyheter/Arsmelding-for-Oppland-fylkesbibliotek-og-Statistikk-for-Opplandsbiblioteka-2008/ I ei stund som denne må vi nytte høvet til å takke dykk alle trufaste og tilfeldige lånarar. Utan dykk hadde dette diagrammet sett heilt annleis ut. Vi set stor pris på dykk, alle som ein, berre så de veit det! Gledeleg er det også at fleire av grannebiblioteka våre i Norddalen er med på topp 10-lista! Det tyder bra for drifta i det norddalske biblioteklandskapet, hipp hipp!

Men intet søylediagram veks inn i himmelen, og når sjampanjeboblene har dovna og vi ser på resultata våre i eit meir edrueleg ljos, veit vi inderleg vel at det ikkje er all kvalitet som let seg måle i tal og ranke søyler. Biblioteket er så mykje meir enn utlån, den gode samtala med lånaren som kjenner seg åleine, småpludringa blant leikande smårollingar i eventyrborga, den gode praten og skratten over ein kaffekopp blant lånarar som treffest og tek seg tid, litteraturen som tenner gløden i små barnesinn under ein bokpresentasjon, det rette diktet til rett person til rett tid. Dette er verdiar som vanskeleg let seg plassere i statistiske målekart, men det er dette som er kvalitet og det skjer rundt omkring i alle bibliotek til ei kvar tid. Kom i hug dette politikarar og kommunale administrasjonar nå i desse budsjettider! Sjå dykk ikkje blinde på søylene sjølv om vi skålar for dei i dag!

I morgon set to av dei vise kursen sørover dalen for å fange opp signaler i tida og fylle på med ny kunnskap og inspirasjon. The destination is Lillyhammer og femfylkerskonferanse! http://www.oppland.no/Fag-og-tjenester/Fylkesbibliotek/Nyheter/Signaler-i-tiden/


PS: FRUKTsjampanje!

Sprudlande bloggar: Rita

tirsdag 23. juni 2009

It's summertime...



Sommaren er over oss igjen og the 3 wise women har kasta ullongsen og funne fram att lette, ljose sommarklede og lever i håpet om mange gode, varme, late, evigvarande, sjampanjeboblande, energibomber av nokre sommardagar i tida som kjem. Temperaturen på biblioteket kan omtrent nå kokepunktet, iallefall for eter, når the heat is on og sola får varma opp heile dette store murhuset med alle dei store vindauga. Men kler vi oss etter været og køyrer vifta på full effekt klagar vi ikkje over dette. Denne veka har vi begynt med sommaropning og har fått nye opningstider att. Vi har ope måndag, onsdag (OBS OBS), torsdag og fredag 10.00 - 14.00 og tysdag 17.00 - 19.00. Denne opningstida gjeld heile skuleferien altså fram til og med 15. august.

I dag har vi feira at sommaren er i emning, at det snart er ferietid for einskilde av oss og at 2 vise har fylt år i vår og førre helg. Dei har vorte eit år eldre og forhåpentlegvis enda mykje meir vise enn før. Nå trippar dei berre rundt her og ventar på at DU skal ta deg ein tur innom biblioteket i sommar slik at dei får brukt visdomen sin til å finne dei rette bøkene, filmane eller lydbøkene til akkurat deg!

Ynskjer dykk ein fin Sankthanskveld med eller utan bål og brente "pysjo" (dial. for pølser, red.anm.), ei god bok eller ein fin CD å fortape seg i, er heller ikkje å forakte!

Bloggar: Rita

mandag 8. juni 2009

Bloggen derpå



I dag har vi 3 vise brukt tida til å koma i gjenge att etter fleire veker med unntakstilstand på biblioteket. De som har fylgjt bloggen, veit at vi har vore opptekne med å leggje ned filialen i Garmo, ferieavvikling, litteraturfestival og Stortingsmelding 23. Dette har ført til at haugen med uløyste oppgåver har vakse seg stor den siste tida.

Den eine vise har kasta seg over ei av dei mange kassene med bøker frå Garmo som fortsatt står her, og teke vise avgjerdsler om bøkene skal innlemmast i samlinga i Lom, om vi skal byte ut eksemplaret i Lom med det mindre brukte eksemplaret frå Garmo eller om boka skal leggjast ut for sal. Det neste store boksalet vårt finn stad på Fjordingsmartnan helga den 20. - 21. juni. Kom og kjøp!

Den andre vise har brukt visdommen sin i skranktenesta og hjelpt brukarane våre med å finne rett bok til rett lånar til rett tid. Det er ei utfordring! Den tredje vise har konsentrert seg om rutineprega oppgåver som å tilvise rekningar, gå gjennom haugane som har hopa seg opp på skrivebordet, både det fysiske og digitale, kasta små gule post-it lappar etter oppdrag utført og reparert nokre bøker. Ho har ikkje ødsla nemneverdig med visdommen sin i dette arbeidet, men er meir ájour enn på lenge - feels good!

Ho har med andre ord frigjort ein del av hjernekapasiteten som ho har brukt til refleksjon og ettertanke etter det før omtala russejubiléet som to av dei såkalla vise deltok på i helga. Det var interessant å sjå kor mykje eller lite gamle klassekameratar hadde endra seg på 20 år. Vi skal sjølvsagt ikkje gå i detaljar om skrukker, grå hår, stive musklar og ledd eller gjennomgripande mentale endringar eller mangel på slike. Vår felles vurdering går ut på at dei fleste var svært så like seg både i sinn og skinn som dei var for 20 år sidan. Eigevurderingsskjema har vi ikkje teke oss bryet med å fylle ut.

Elles har vi pynta opp i biblioteket i dag med eit av bileta til Eldbjørg Nyborg som hadde utstilling her tidlegare i vår, sjå den fine bukkeblomen over.

Bloggar som må springe for å nå barnehagen: Rita

fredag 5. juni 2009

Rusten russ rir igjen



Eg har i lengre tid gått med ei tung bør på akslene mine, nemleg Stortingsmelding 23 eller Bibliotekmeldinga. For nokre veker sidan fekk eg telefon frå fylkesbiblioteksjefen om eg på vegne av Lom folkebibliotek og som representant for folkebiblioteka i Oppland ville leggje fram vårt syn på den nye meldinga. Eg såg på dette som eit særs ærefullt oppdrag, sette stor pris på å bli spurt og på vegne av biblioteket kunne eg ikkje svare nei til dette til tross for nær foreståande konfirmasjon, ein sterkt utvikla sjenanse och ett själförtroande som ei ert (iflg kollega og sparringspartnar Merete, ho må nå berre få leve i den trua...). Dette førte til at eg i pinsa låg pal på verandaen med stortingsmeldinga i hand, solen i ögonen, ein gradvis meir og meir skarlagensfarga lekam og kortare og kortare neglar.

Lesestoffet var faktisk ganske gjevande. Mykje av det som står i meldinga stemmer veldig bra overeins med bibliotekdrifta vår og mange av dei utfordingane som meldinga trekkjer fram er blant satsingsområda våre i dag, blant anna å vera synlege på nettet! Når eg seier dette, må eg tenkje på tida mi som lærar. Kvar gong det kom nye læreplanar og skulereformer, var det nokon som uansett innhald sa: "Dette er jo akkurat slik vi har gjort det i alle år!" Jau da, vi kan vera flinke til å tilpasse nye tankar til gamle vanar, men eg trur i dette tilfellet at biblioteka i Oppland med fylkesbiblioteket i spissen har vore offensive og utviklingsorienterte(Wow!).

Eg skal ikkje tvære det ut, nå er både konfirmasjon og St.meld. 23 overstått, begge delar på ein måte som er til å leva med. Eg har lagt frå meg børa, kan puste letta ut og i helga blir gamle russ som nye når eg og kollega Merete skal feire russejubileum saman med gode, gamle klassekameratar frå den fine tida vår på Lom vidaregåande skule. Det er rett og slett ufatteleg at det er 20 år sidan 1989, Berlinmurens fall, massakren på den himmelske freds plass, Hillsboroughtragedien, Splitter pine, Dinas bok og opninga av Sametinget, men 20 er jo berre eit tal så vi tenkjer ikkje meir på det. I dag har vi funne fram att russekorta våre og funne ut at russemottoa våre held mål den dag i dag. Merete har teke pause i jakta på lykke og er berre lykkeleg og eg meiner fortsatt at alle unge piker bør lære seg å lage mat - just in case...

Med ynskje om ei god og russeraud helg!

PS: Spesielt interesserte og nærsynte kan klikke på russekorta for å sjå teksta betre!

Bloggar: Bil-brennarn (PSS: DET var eit uhell...)