Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 16. mai 2019

Pikene med stakken


Eit innlegg tidlegare publisert for nøyaktig 10 år sidan:


For lenge, lenge sidan, den gong digitale mediar og drivhuseffekt var ukjende fenomen, og somrane var eit uendeleg eventyr med fantasirik leik blant skrukkete, tørre kuruker og spretne myrlappar, møttest to svært så ulike småfrøkner på ein liten grendaskule. Den største av dei to -ei høgreist og stram jente med ein illsint sverkil i luggen- tok dagane og livet seriøst, og trass i ein utprega høg intelligens og kreative evner, var sjølvtilliten stor som ei ert bak den allereie då djupe fura mellom augbrynene. Den andre førkja -ei trillrund og blidspent berte med ein litt mindre sint sverkil i front- tok livet ikkje fullt så høgtideleg, og satsa heller på at det meste gjekk lell. Felles for dei båe var ein urokkeleg høg respekt for autoritetar, den gongen hovudsakleg representert ved lærarstaben på den vesle skulen, samt ei gryande interesse for bøker, menneske og dei verkeleg store ting her i livet. Lite visste dei den gongen at dette skulle bli deira veg og gjerning i ei felles framtid for og med litteraturen.

17. mai 1977 vakna dei to småfrøa opp til sol, kvitkokte plagg og nystrokne, kvite forkle til dei nusselege rondastakkane av varierande lengd, samt nypussa sko og reinvaska strømpebukser -i varierande kulør. Vasskjemde og stivpynta stilte dei seg lydig opp mellom ørsmå, grøne musøyro i den bleike vårsola for at føresette skulle få forevige dei to englane, som faktisk var -og er- jamgamle, dersom nokon av ymse grunnar skulle tvile på dette... Dette var den gongen den minste av dei to hadde større bringe å skryte av under det tronge bunadslivet -i dag er ho glad stakken dekkjer det ho måtte ha av former som på merkjeleg vis har sigi nedover og pakkar andre delar av kroppen beskyttande inn.

Etter 12 års felles skulegonge skildest vegane til desse to, og på kvar sin kant utdanna dei seg til lærarar i håp om sjølve å vera i sentrum for den beundrande respekta dei sjølve hadde for slike overmenneske langt attende i tida. Båe gifta seg med menn frå 1966-årgangen, og båe fekk ein son og ei dotter, før vegane deira atter møttest. Då hadde langførkja allereie delvis omskolert seg til bibliotekar, og dreiv institusjonen "Lom folkebibliotek" med stø hand. Naturlegvis vart gjensynet gledeleg då golvracaren av dei to vart tilsett under biblioteksjefen, som uutdanna barne- og ungdomsbibliotekar. Det lyt også nemnast at dei båe vart velsigna med kvar sin son til på litt eldre dagar, så likskapen held fram også i så måte.

Ringen vart på eit vis slutta her, men som alle veit; ein sirkel har ingen ende, og vi to jentene på bildet ser ljost på ei lang og innhaldsrik framtid saman blant alle bøkene, all skratten og alle dei uendelege, gjevande diskusjonane vi frå tid til annan gjev oss ut på -med ymse konklusjonar som resultat... Så får vi sjå kven av oss som har den djupaste skrukken i skallen når det lir så langt at vi trillar rundt på Lom helseheim med kvar vår fullasta rullator med bøker i håp om stadig å nå fram til nye lesarar...

Ha ein strålande nasjonaldag -med eller utan bunad (stutt eller lang sådan) og fure i panna! HIPP, HIPP, HIPP!!!

Bloggar : "Bolla" M.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar