Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 24. mai 2019

Nært og sterkt på Litteraturfestivalen

Tida ville det ikkje slik at vi fekk med oss så mykje av Litteraturfestivalen dette året, men eit stutt besøk i går innfridde så til dei gradar. Tre nøye utvalde økter fekk eg med meg, og for ein gongs skuld var eg litt glad for at eg reiste åleine. Det som vart presentert her var så sterkt for meg at eg fleire gonger laut klype meg hardt i den tynne huda på innsida av underarmen for å døyve den psykiske smerta eg kjende på i rommet. 

Alf Kjetil Walgermo og Brit Bildøen i rørande samtale.

Først fekk eg med meg samtalen mellom Birger Emanuelsen og Monica Isakstuen rundt temaet "Vær snill med barna". Birger Emanuelsen er ein forfattar eg har hatt stort utbyte av å lese fleire bøker av, og den siste, "Jeg skal beskytte deg", sette verkeleg spor i meg. Her møter vi ein far som fryktar terrorangrep og katastrofer meir enn alt anna, og såleis gjer alt han kan for å oppdra den fem år gamle sonen sin til å bli sterk nok til å takle alle moglege tenkte traume. Under store delar av boka sat eg med ei kjensle av at faren snart ville kome til å mishandle den vesle guten, og forteljinga var på same tid både skremmande og attkjennande. Isakstuen har i den siste boka si, "Rase", skildra livet som småbarnsmamma med tvillingar. Lesaren får her verkeleg kjenne på kjensla av alt held på å rase, når kvardagen gong på gong tippar over for den unge mora. Også her vil mange kjenne seg att i det vanskelege med kjensler i kvar ende av skalaen som ligg nær og gnissar mot kvarandre. 

Liv Mossige, Frederik Svindland og Tina Åmodt. Gratulere!

Like etter var det duka for utdeling av Bokhandlernes forfatterstipend i Søndre Park. Der fekk eg gleda av å oppleve ein av mine favorittar, Liv Mossige, blir heidra for skrivekunsten sin. Saman med Frederik Svindland og Tina Åmodt utgjorde ho ein flott trekløver unge forfattarar vi kan gle oss over vidare kvalitetslitteratur frå. Mossige har eg sjølv formidla på fleire titals bibliotek rundt om i landet, og stundar spent på neste bok.

 


Før toget heim vanst eg akkurat den rørande stunda med Brit Bildøen og Alf Kjetil Walgermo; "Livet uten barn". Walgermo snakka her om sorga over tapet av eit barn som døydde rett før fødselen, medan Bildøen prata om sorga ho opplevde over det livet som aldri vart, då ho og mannen fekk endeleg avslag på adopsjonssøknaden sin. Båe snakka svært personleg og nært om dei to rørande bøkene, "Du som er i himmelen" og "Tre vegar til havet". Flotte forfattarar med sterke stemmer som fortener å bli lese og høyrt av mange.

Takk til Lillehammer Litteraturfestival for nok ein flott festival!

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar