Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 31. mai 2019

Til fjells! Bok med fjellyrikk i emning

Sidan 2010 har dei seks biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen samla dikt om fjell. Vi har mange gilde fjelldiktarar i eigne rekkjer som Olav Aukrust, Jan-Magnus Bruheim og Tore Ørjasæter frå Lom og Skjåk, Georg Sauerwein, Ragnar Solberg og Vegard Vigerust frå Dovre og Ragnvald Skrede frå Vågå. Vår eigen Tor Jonsson vart også naturlyrisk til tider. Særleg i den fyrste samlinga Mogning i mørkret frå 1943 finn ein fleire naturdikt, og ein ser tydeleg inspirasjonen frå Olav Aukrust hjå den unge Jonsson. I ei periode gjekk også Tor under namnet Vetl-Aukrusten her i bygda.

Biblioteka har samla 391 dikt om fjell frå 1700-talet og fram til i dag i vår digitale diktsamling. Hovudtyngda av dikta er skrivne av lokale forfattarar, men forfattarar frå resten av landet er også godt representerte. Nokre av dikta er innlesne og blir presentert på nettstaden Ord om fjell kvar fredag i tekst, lyd og bilde. Her har vi engasjert lokale krefter og Teater Innlandet til å vera med oss og lesa inn dikt.

Det nye, store nå er at det blir bok av fjelldikta! I samarbeid med Diktardagar gjev vi ut ein antologi med fjelldikt som blir lansert under Diktardagar 30. august. Dette tykkjer vi er stor stas! I skrivande stund er vi, redaktørane, i full gang med å avklare rettar, lesa korrektur, bestemme bilde til omslaget, skrifttype, skriftstorleik og om vi skal bruke tekstene slik dei var i fyrsteutgåvene. Mange val og vurderingar, men vi håpar at sluttproduktet blir ei fin handbok med dikt for fjell- og lyrikkentusiastar av alle slag.

Det blir dessutan eit gildt program under Diktardagar i år! Til fjells! er temaet, og det blir budeiball på Billingen i Skjåk, boklansering, boklauging med Brit Bildøen, Olaug Nilssen og Sigmund Løvåsen, konsert med Stein Torleif Bjella, seminar med Eirik Vassenden, Cato Schiøtz og Framtiden i våre hender i Lom. Sundag berst det til fjells, og så avsluttar vi dagane med Bjerregaards Skaal i Vågå. Vi gler oss! Billettsalet startar 1. juli, men set av dagane og for all del: Kom! Kom!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar