![]() |
Få med dykk Sigmund Løvåsen på Diktardagar! |
Trass sumartid og fagre stunder på den heimlege strand, har underteikna vore uttabygdes denne veka. Når Nasjonalbiblioteket i høve Bokåret 2019 lokkar med gratis konferanse over to dagar der LITTERATUREN står i sentrum, med framifrå forfattarar og dyktige fagfolk, er det klart at ein berre må hive seg rundt og få med seg ei slik vitamininnsprøyting.
Litteratur formar stader, og stader formar litteratur. Dette forholdet mellom forfattar, verk og lokalsamfunn var tema for konferansen. Fyrste dag fekk til alt overmål Lom og forfattarane våre stor merksemd. Biografane Ingar Sletten Kolloen og Jan Inge Sørbø diskuterte Tor Jonsson og Olav Aukrust. Dei tok for seg likskapar og skilnader i måten diktarane framstilte bygda på. Den sosiale plasseringa har også innverknad på korleis ein opplever ein stad. Den eine diktaren vår hadde mange hundrede år med stolt ættekjensle i bagasjen. Den andre hadde arva ættekjensla frå ein husmann.
Vi som deltok på konferansen fekk gleda av å høyre Sigmund Løvåsen lesa frå den utmerka boka si "Med øksene dei haustar inn". Det gav dikta ein ekstra dimensjon at forfattaren las dei sjølv. Eg tilrår alle å koma på Diktardagar til hausten og få med dykk dette!
Sumaya Jirde Ali prata om frivillig og ufrivillig representasjon, om å korleis ein del forfattarar som ikkje er etnisk norske, opplever å bli sett i bås og redusert til forfattar som skriv "innvandrarlitteratur". Gaute Heivoll deltok med føredrag om teksten si forankring i eit lokalsamfunn. For hans del er dette Finsland i Vest-Agder. "Bygda har forma meg, gjeve meg språket og er avgjerande for korleis eg ser verda, sa Heivoll. Termen heimstaddikting blir ofte brukt nedsetjande. Heivoll ser ikkje slik på det. Den lokale forankringa gjer diktinga universell, hevda han i takksemd til heimbygda. Sterkt gripe av det nydelege føredraget, fekk ikkje underteikna med seg ordrett sitatet, men han sa noko slik som at: "Lynnet til folket på Finsland er som suset frå sakte duvande graner mot kveld." Dette vil han formidle i diktinga si.
![]() |
Velkomen til Nina! Takk for nå, Sharookh! |
Attende til den heimlege strand. Vi er så heldige at Nina vil vera hjå oss i PRYO-veka si. Ho har hatt den fyrste arbeidsdagen sin på biblioteket i dag. Ho har inntatt skrankeposisjon og ekspederer lånarane så det står etter. I tillegghar ho vunnest å emne på ei utstilling. Shahrookh som har praktisert norsk i lag med oss sidan mars, er ferdigpraktisert for denne gong, og vi fekk eit kjærkome høve til ein aldri så liten kakefest. Vi håpar at den lugume karen kjem innom både tidt og ofte framover og praktiserer norsk og lomver saman med oss. På tampen gratulerer vi Kjartan Fløgstad med 75-årsdagen i dag. Underteikna har lånt med seg Pyramiden og oppmodar alle andre til å lesa noko av Fløgstad i jubileumsåret.
I morgon på pinseaftan tek vi kviledag. Bibliotekdøra er atter ope onsdag i neste veke. God helg!
Rita
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar