Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 10. mai 2019

Ved dugurdsleite

Vi diggar Litterær lunsj! For eit kjærkome arrangement i biblioteket vårt! Opplegget krev ikkje mykje korkje av oss eller dei oppmøtte, vi nyter godt av samarbeidet med dei flittige bygdekvinnene, og det skapar liv i lokala våre til og med på ein kvinsur maidag som kjenner vinteren kaste ispiler inn i drivverket. 

I dag kom heile 15 lomverar for å eta dugurd saman med oss og høyre oss lese frå nokre favorittar, og i vår målestokk er dette veldig bra! Med to bibliotekarar og to medhjelparar attåt, vart vi då ei solid lita samling litteraturengasjerte. Are las novella "Skråstilt tann" frå boka "Mjølketannmuseet" av Marit Kaldhol, medan underteikna fekk smetta inn tips om både Tommi Kinnunen, Katja Kettu, Jon Kalman Stefansson, Mikael Niemi og Ola Henmo med den ferske boka om Torstein Lerhol. Ei beint fram triveleg stund rundt kaffibordet! Ei ekstra fjør i manken for den vidaregaånde skulen vår, som stilte med fire tilsette og ein elev til dugurds i dag! Vi vart ikkje så reint lite imponerte då ein russ dukka opp på dette først i mai!


Vi satsar på  at vi får  gjennomført ein Litterær lunsj til før sommarferien, så sprei bodskapen og følg med på heimesida og sosiale plattformer. God helg!

Dugurdsbloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar