Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 3. mai 2019

Akk, kjære mai, hvor gjerne gad jeg i marken gå!

Bibliotekdialogar:

BibliotekAre: - Noen har stjært kondomet!
Merete: - Og så heinn som ha gått ut på dato, da!

Vi vil berre varsle om at biblioteket ikkje tek ansvar for eventuelle ungar som måtte dukke opp som resultat av eit stole kondom. Dette til orientering.



Elles har vi gått inn i mai, du skjønne, om ikkje fullt så milde, og i dag tidleg kunne flugune på veggen høyre lystige plystretonar frå kvar ein krik og kvar ein krok på biblioteket. Det har lett for å bli film av slikt her i garden. Vil du bli med, så plystr på! God fyrste maihelg, då!


Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar