Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 26. april 2019

"Bjønn er bjønn" -eller..?

Påska kom med våren, linerla, varmen og freknene. Snøen rotna rundt skifára, og maurane heldt hektisk opprydding i tuene bortover i fjellskogen. Det sugande skiføret innebar for min del mindre ski og meire lesing. Dumt for skrotten, godt for hovudet. Og FOR ei bok eg avslutta palmehelga med! 

Koke bjørn av Mikael Niemi er nok den boka som har gjort mest inntrykk på meg det siste året, ved sida av Leksikon om lys og mørke av Simon Stranger. Stemninga i denne romanen er heilt ekstraordinær; lydane, luktene, bileta og dei trolske skildringane grev seg inn i sjela og blir der. På sitt grovaste kan Niemi minne om Katja Kettu, medan han på sitt mest poetiske tangerer sjølvaste Jon Kalman Stefansson. Prosten Læstadius og sameguten Jussi blir med meg for godt vidare i livet, på lik line med ein annan Jussi, stakkaren eg las om i boka Skår av Tommi Kinnunnen seinare i påska. Finsk og islandsk litteratur har verkeleg innteke ei særstilling i det litterære lendet for min del. 

"Skaubjønn". Ikkje slagbjørn...
Då eg avslutta Niemi, gjekk eg inn i ein kjærleikssorgliknade tilstand, der inga ny bok freista. Kjensla av at det var slutt tyngde meg slik at eg bar med meg både Jussi, Læstadius og bjørnen gjennom dagane som eit sviande sår. Difor lyt eg nok skulde Niemi for den litt flaue episoden eg råka opp i palmesundag. Gjestane frå Sørlandet sat saman med oss ovanfor hytta vår og korsa seg over utsynet av dei eindelause radene av kvitkvasse fjelltoppar, då den eine spurde om det fanst "skaubjønn" i området. "Ja, faktisk har det vore eit par tilfelle av streifdyr her i seinare år, men dei er ikkje stadbundne her, nei", klarte eg å gurpe ut av meg, med Niemibjørnen friskt i minnet. Påskegjesten glåmde skakt på meg og skjulte eit glis bak den gilde neven. Smeden støytte meg skamfull i ryggen med eit flautt "Merete, da...", før eg var tilbake i kvardagen. Aldri skal eg visst lære å tenke før eg pratar, og ilt vil eg nok støtt ha for å trakke ut av den litterære tilstanden eg ofte bur i... Men for å ha mitt på det tørre: Det er godt mogleg at eit par "skaubjønnar" har streifa forbi fjella her også, altså!

Ein kunnskapsrik Ekeberg på besøk
Elles viser realiteten etter oppteljinga av Vinterlesskjema at lomverane har sett rekord med heile 68 deltakarar som til saman har levert 118 skjema. Dermed har det vorte lese totalt 590 bøker under kampanjen, som vara frå 1. november til 15. april. Dette feira vi i går med ei verdig avslutning, der Jan Ove Ekeberg levande fortalde om vikingar og kongar, krigar og slag, før han gav oss eit innblikk i korleis han jobbar som forfattar. Ein utruleg kunnskapsrik og artig mann å ha på besøk! Hurra for leselyst i Lom!

Bjørnebloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar