Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 12. april 2019

Opningstider og forfattarbesøk!

Etter ein vårvinter med høgt aktivitetsnivå blant bibliotekarane, er tida inne for avspasering. Bestemorbibliotekaren avspaserer sikkert til hytta si i knallvêret som har vederfaret oss i dag. BibliotekAre har vi mest ikkje sett etter at vi drog han med oss til Trondheim og Gjøvik, men i dag skal han preike om teikneseriar for 9. klasse og vera med på N-Games i efta, så nå svinsar han rundt og leitar fram sprelske seriar til kidsa. Underteikna har avspasert gjennom Slottsparken tidlegare i veka, så over påske er vi attende alle som ein, ferdig avspaserte og klare for nye dystar.

Vi har elles to viktige saker vi vil informere om i dag:

1) De har tre dagar på dykk til å skaffe dykk påskelesnad. Vi har ope til kl. tre i dag, 10.00 - 14.00 i morgon og 12.00 - 19.00 måndag. Det bugnar av nye og gamle bøker som ber som eplekarten: Les meg, kjære, les meg! Så vi håpar at de renner oss ned.


2) I veka etter påske er det avslutning på Vinterles. Forfattar Jan Ove Ekeberg besøkjer biblioteka i Norddalen. Han kjem til oss torsdag 25. april kl. 18.00. Få med dykk ein triveleg time på biblioteket med forfattaren som også er kjend frå fjernsynet! Velkomne skal de vera!



Bibliotekarane ynskjer dykk alle ei fortreffeleg påske i fjellet, på fjorden og i stuguveggen. Vi har bestilt sol, så hugs krem og god bok!

Rita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar